– Eg både høyrde og kjende at det knakk

Men Susanne Andersen lot seg ikkje knekke av ny skade.

COMEBACK: Susanne Andersen tilbake på sykkelen. Foto: Privat
COMEBACK: Susanne Andersen tilbake på sykkelen. Foto: Privat

– Skuldra kjennast omtrent som normal. Eg har fått stadfesta at det går veldig bra, seier Susanne Andersen (24) til TV 2.

Den tidlegare DSM-rytteren blei nummer to i Ronde van Drenthe, kun dagar før ho brakk kragebeinet under eindagsrittet Nokere Koerse 15. mars.

Med ein gong ho landa i grøfta forstod Andersen kva som hadde skjedd.

– Eg byrjar å kjenne kroppen min no. Eg både høyrde og kjende at det knakk, seier ho.

Dette var syklisten sitt tredje kragebeinsbrot på ni månadar. Det første skjedde 26. juni under NM-fellesstarten.

Ved dei to andre brota valde Andersen å la beinet gro, men denne gongen var ho nøydd til å bli operert.

– Det var tydeleg at det ikkje hadde grodd heilt, forklarer Andersen.

Eurosport har også omtalt comebacket til Andersen.

OPERERT: Susanne Andersen har fått operert ei plate inn på kragebeinet. Foto: Privat
OPERERT: Susanne Andersen har fått operert ei plate inn på kragebeinet. Foto: Privat

Operasjonen gjorde at ho har kome raskare tilbake på sykkelen.

– Eg var litt sjuk og dårleg etter narkosen og slappa av dei første dagane. Men eg starta å sykle tre dagar etter operasjonen og eg hadde min første tur utandørs etter fem dagar. Då var eg smertefri, seier siddisen.

Sidan har ho trena jamnt og trutt på sykkeleg. Onsdag hadde ho ein ordentleg test inn mot Flandern rundt. Den gjekk veldig bra, og no stiller ho til start i prestisjerittet.

Dette var eit tidleg mål for Uno-X-ryttaren etter kragebeinsbrotet.

TEST: Onsdag testa Susanne Andersen formen på brustein saman med lagvenninne Anouska Koster og fysioterapeut Jeroen Braekevelt. Testen var godkjent og Andersen er klar for Flandern rundt. Foto: Privat
TEST: Onsdag testa Susanne Andersen formen på brustein saman med lagvenninne Anouska Koster og fysioterapeut Jeroen Braekevelt. Testen var godkjent og Andersen er klar for Flandern rundt. Foto: Privat

– Fysioterapeuten kom til sjukehuset same dagen og vi prata om vegen vidare. Dette er ein skade som ofte rammar syklistar, men han var veldig positiv, seier ho.

Sjølv om dette var hennar tredje brot på ni månadar skremmer det ikkje ho for å sette seg på sykkelen igjen. Likevel fortel ho at det er noko ho tenker på.

– Eg trur alle tenker på det og til tider er ein også redd, men det handler om korleis ein tar det. Eg var mykje meir ukomfortabel med å vere på sykkelen igjen etter dei to førre brota, seier ho.

Andersen fortel at ho har jobba mykje med å utvide komfortsona.

– Dette har eg trent og fokusert på i heile vinter. Finne ut korleis eg kan føle meg komfortabel på sykkelen og utvide komfortsona slik at eg kan kome tilbake til normalen.

SÅR: Slik såg operasjonssåret ut då Andersen skifta plaster for første gong. Foto: Privat
SÅR: Slik såg operasjonssåret ut då Andersen skifta plaster for første gong. Foto: Privat

Smertene som kjem med eit beinbrot er ikkje det Andersen fryktar mest.

– Eg gjer dette fordi eg vil vinne. Med fleire skadar får eg mindre sjansar til det og det er ein hard veg tilbake. Eg jobbar hardt og då er det kjipt å ikkje få påskjøning for det, seier ho.

No er ho spent på kva søndagens ritt vil bringe, men ho håpar ho kan vere med toppen.

– Det er jo endå vanskelegare å vite korleis ein står no, men eg har jo forventingar om å vere framme i rittet. Eg ønsker iallfall å vere til stades i løpet til finalen fra Koppenberg-bakken.

Bakken er 600 meter lang og har ein gjennomsnittstigning på 11,6 prosent. På det brattaste heller bakken heile 22 prosent.

Herrenes Flandern rundt kan du sjå på TV 2 Direkte og TV 2 Play søndag frå klokka 09.30. Kvinnenes ritt visast på TV 2 Sport 1 og TV 2 Play frå klokka 14.55.