SAS-streik skapar kaos for roarane – må køyre 1700 kilometer

Roforbundet må køyre til verdscup i Sveits, grunna SAS-streiken. Sist gong Kristoffer Brun køyrde timesvis til ein regatta, resulterte det i EM-gull.

IKKJE IDEELT: Kristoffer Brun og resten av roarane må køyre 1700 kilometer for å kome seg til verdenscup. Foto: Lise Åserud
IKKJE IDEELT: Kristoffer Brun og resten av roarane må køyre 1700 kilometer for å kome seg til verdenscup. Foto: Lise Åserud

Grunna SAS-streiken vart flyet som skulle ta Norges Roforbund og utøvarane til verdscupen i Luzern i Sveits i helga, kansellert. No ventar i staden rundt 20 timar i bil.- Dette blir ein skikkeleg «roadtrip». Vi har aldri gjort dette i World Cup før, så vi er spente på korleis det går, seier Daniel Berge, sportsleg leiar i Roforbundet.Køyrde til EM og vannFør EM i 2020, køyrde roar Kristoffer Brun bubil til Polen, ei strekning på over 1200 kilometer. Der vann han gull.