
Kjetil Borch har fått korona
Det melder roaren sjølv på Instagram.
Dei norske roarane køyrde tysdag morgon nedover mot Luzern i Sveits for å delta i verdscupen. I bilen var ikkje Kjetil Borch å sjå.
No melder Borch sjølv på Instagram at han har fått korona.
– Min 880 dag «streak» var openbart over, skriv Borch på Instagram.
Roaren fann ut at han hadde fått korona etter ein tur til Holland Beker i Amsterdam.
Borch skulle ro singelsculler i Luzern i helga. No går løpet utan han, men med norske Martin Helseth.
Artikkelen er oppdatert