Imponerte i comebacket: – Viser kva spelar ho er
Etter meir enn fire månadar på sidelinja grunna skade var Cesilie Andreassen tilbake på bana. Etter kampen kom trenaren med ei innrømming.

– Det var spennande, artig og heilt forferdeleg på same tid.
Slik samanfattar Cesilie Andreassen sin retur frå skade, etter at Rosenborg slo Stabæk 4–3 etter ekstraomgangar i cupen.
Andreassen teikna seg på scoringslista frå straffemerket i det som blei ein høgdramatisk kamp.
Etter avansementet var Andreassen høgt oppe, av fleire grunnar.
– Der hjartet ligg
Kort tid etter at ho hadde fått landslagsdebuten sin, kom nemleg den nedslåande beskjeden.
Andreassen pådrog seg ein kneskade i Toppseriekampen mot LSK Kvinner i april, noko som gjorde at store delar av sesongen, og ikkje minst VM gjekk i vasken.
Men det var ikkje VM-draumen som var det tyngste tapet for Andreassen.

– For å vere heilt ærleg, når ein spelar 2/3 av Toppseriesesongen på vårparten og ein går glipp av alle bortsett frå fire kampar, då er det mykje tyngre. Så det er det mitt hjarte ligg, seier Andreassen etter returen.
– Det var veldig artig å vere tilbake. Det er gøy å få vere med og bidra igjen.
Ein annan som sette pris på 26-åringens retur var trenar Steinar Lein.
– Det var veldig godt å ha ho utpå bana igjen. Det er veldig lenge sidan ho har spela kamp, så det ho leverer her i dag viser eigentleg kva fotballspelar ho er, seier han.
– Korleis leverer ho her ute?
– Ekstremt bra. Cesilie er veldig viktig for oss, som eit bindeledd i 10-er rolla si. Så har ho gode relasjonar med dei rundt seg, så det er ein viktig del av fotballen.
Sjå Andreassen score i comebacket
Endra planane
Skaden pådrog ho seg i midten av april, i 4. serierunde denne sesongen.
Då blei det tidleg meldt at ho kom til å vere ute med skade i fire månadar.
– Tida ute var lang og kjedeleg. Det var mange timar der ein berre må gå og vente på at eit kne skal gro. Det er dritkjedelig å vere skada, seier ho.
For hennar del passa det fint med ein meisterskapspause midt i sesongen. Dermed fekk ho betre tid på seg til å kome tilbake på fotballbana, og få ein ordentleg oppkøyring inn mot haustsesongen.
– Ho var på ein måte meir eller mindre klar rett før vi tok ferie, men då blei det to månadar ventetid. Ho har jobba godt, og det viser ho i det ho leverer her i dag. Ho står 105 minutt, det er imponerande, seier trenaren.

Og kvaliteten ho viste på bana gjorde at trenarteamet måtte legge om på sine planar for hennar comeback.
– Eg hadde håpar vi skulle halde ho nede på 60 minutt, men det blei ikkje sånn i dag. Vi trengde mål, og då var det viktig å ha ho på bana som kan gjere det vesle ekstra. Så lenge ho hadde energi som ho hadde i dag så lét vi ho stå. Det lover godt for fortsettelsen.
Draumecomeback
For Andreassens del kunne comebacket knapt enda betre. Det såg lenge ut til at Stabæk skulle sikre avansementet i cupen, men tre minutt på overtid utlikna Rosenborg.

I ekstraomgangane køyrde dei kvitkledde på vidare, og Andreassen sette inn 3–1 i den første ekstraomgangen.
Og då det såg ut til at Stabæk skulle tvinge fram ekstraomgangar etter å ha utlikna minuttet før slutt, dukka Camilla Linberg opp på bakarste stolpe, og sende Rosenborg til semifinalen med scoring i det siste minuttet.
– Det var veldig tungt mentalt når vi køyrer sånn på dei i 90 minutt. Så blei det veldig artig i første ekstraomgang, og ikkje så artig i den andre. Heilt til det blei artig igjen, seier Andreassen med eit stort smil om munnen.
No ser ho fram mot helga, der Arna-Bjørnar ventar i Toppserien.
– Det er berre det eg tenker på no.