TILBAKE: No blir Emilie Nautnes å se i landslagsdrakt igjen Foto: Fredrik Varfjell / BILDBYRÅN
TILBAKE: No blir Emilie Nautnes å se i landslagsdrakt igjen Foto: Fredrik Varfjell / BILDBYRÅN

La opp for tre år sidan – no er ho tilbake på landslaget

For første gong sidan 2019 er Rosenborg-spelaren Emilie Nautnes tilbake på landslaget.

Mandag tok Hege Riise ut landslagstroppen som skal i gong med treningskampar mot Frankrike, Danmark og Uruguay om drøye to veker. I troppen var Emilie Nautnes med for første gang sidan 2019.

– No når eg har kome tilbake kjenner eg på kor mykje fotballen gjer. Det er så mykje meir enn å sparke ein ball. Samholdet, miljøet, og det å være saman. Det er veldig kjekt.

Etter eit avbrekk på to år, returnerte 24-åringen til fotballen i fjor og signerte ei eittårskontrakt med RBK.

– Korleis har året med fotball vore så langt?

– Heilt fantastisk. Det er noko med fotball. Eg har haldt på med det heile livet, så det var vore veldig godt å kome inn i miljøet igjen.

24-åringen legg til at det største saknet har vore å vere i eit miljø som ho har vore vand med heile tida.

Større ambisjonar i år

– Vi fekk eit litt trøblete sluttspel i fjor og har høgare ambisjonar for den komande sesongen. Vi ønsker å kjempe om gullet og kome lengre i cupen, og det håper eg vi klarer, fortel Nautnes.

No har ho valt å forlenge kontrakta ut 2025. Jenta frå Gossen er motivert og meiner at klubben legg til rette for alt ho har av ambisjonar for dei neste tre åra.

– Mine tankar er å gjere det best mogleg for klubben, og så håper eg å utvikle meg som fotballspelar.

Ein av fem

Nautnes er ikkje den einaste Rosenborg-spellaren som blei tatt ut i troppen. Ho får selskap av lagkameratane Sara Hørte, Mathilde Harviken, Emilie Joramo og Anna Jøsendal.

– RBK er ein veldig spennande klubb, som viser at dei vil satse på både kvinne- og herrelandslaget.

Om landslagsplassen seier Nautnes at ho synest det er kjekt å få vere med igjen.

– Fokuset når eg har kome tilbake har vore på Rosenborg. Det å vere med på landslaget har kun vore ein bonus, men no som eg er tatt med, ønsker eg å kjempe om ein plass i VM-troppen også.

Ein spennande spelar

Nautnes er ein gammal kjenning på landslaget, men har ikkje vore innom på fire år. Trass i ei toårig pause har ho framleis kruttet i seg og dermed fått plass i troppen.

– Nautnes har prestert jamt og godt no for RBK over tid. Ho blir ein spennande spelar å få inn no, sa lanslagssjef Hege Riise under pressekonferansen mandag.