Hangeland advarar: – Slutt på den tiden

Brede Hangeland kjem med ei klar beskjed før Norges viktige EM-kvalikkamp.

MÅ PÅ DET ØVSTE NIVÅET: Brede Hangeland meiner Norge må spele sitt beste om dei skal ha forhåpningar om å vinne mot Georiga i kveld. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2
MÅ PÅ DET ØVSTE NIVÅET: Brede Hangeland meiner Norge må spele sitt beste om dei skal ha forhåpningar om å vinne mot Georiga i kveld. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Norge fekk ein dårleg start på EM-kvalifiseringa med eit 0-3 tap mot Spania laurdag. Tysdag klokka 18.00 er det avspark mot Georgia i Batumi.

– Det er ganske kort tid mellom kampene. Det var ei utlading i Spania og det viktigaste har vore å bli mentalt og fysisk klar til ei ordentleg utlading i kveld, seier Brede Hangeland, som har ansvaret for spelaroppfølging i det norske herrelandslaget til TV 2.

VERDSSTJERNE: Khvicha Kvaratskhelia er spelaren Norge må halde eit ekstra auge til under kveldens kamp. Foto: Joerghalisch / BILDBYRÅN
VERDSSTJERNE: Khvicha Kvaratskhelia er spelaren Norge må halde eit ekstra auge til under kveldens kamp. Foto: Joerghalisch / BILDBYRÅN

– Det er slutt på den tiden

Hangeland meiner dei norske herrane er klare for kamp.

– Det er slutt på den tida der de mindre nasjonane er kasteballar i Europa. Dette er eit solid lag, godt organisert og hardarbeidande.

Han er klar på at dei må passe seg for Georgia-vingen Khvicha Kvaratskhelia.

– Dei er gode til å kontre og så har dei ei verdsstjerne som vi må ha eit ekstra auge til. Dette blir ein tøff og jamn kamp. Vi må opp på det aller øvste nivået for å ha forhåpningar om å vinne.

Og vinne er det som er målet med kampen.

– Det handler om å vinne kampane og det er det som står i hovudet på oss no. Vi må få ein god nok presentasjon til å vinne kampen, det trenger vi, seier Hangeland.

TRENING: Norges kaptein, Martin Ødegaard, på trening i Batumi måndag. Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN
TRENING: Norges kaptein, Martin Ødegaard, på trening i Batumi måndag. Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Lite ideell oppladning

Dei norske herrane har fått mindre tid til førebuingar før Georgia-kampen med berre tre dagar sidan førre kamp. Dei har også hatt ein lengre reiseveg og tidsforskjell på to timar. Dette preger sjølvsagt oppladinga inn mot kampen, seier Hangeland.

– Dette har vi visst lenge og det er slik er ofte landslagsfotball. Vi har god tid før kamp éin og så kjem kamp nummer to rett i fanget etterpå. Vi som støtteapparat er nøydde førebu begge kampane før den første kampen.

Han fortel vidare at oppladinga er prega av mindre aktivitet enn før kampen mot Spania.

– Det blir ei annleis type førebuing no. Det er meir video og snakk og mindre aktivitet og trening. Vi gjer det beste vi kan og reknar med at spelarane er godt førebudd.

Unngår kasino-fristelser

Byen Batumi blir kalla Svartehavets Las Vegas på grunn av byens mange kasinoar.

– Har det vore noko gambling inn mot kamp?

– Eg ser det er litt kortspel blant våre, men det er ikkje på kasino. Det er inne på spelaranes sosiale rom, seier Hangeland og ler.

Kampen ser du på TV 2 Direkte og TV 2 Play frå klokka 17.30. Avspark er klokka 18.00.