Eliteserieklubbane om VAR: – Verre enn eg frykta

Dei fleste Eliteserieklubbane er samd om at VAR ikkje fungerer slik det er no, men fleire meiner det har kome for å bli.

PROTESTERER: Moldes Kristian Eriksen (midten) og lagkameratane protesterer mot dommar Sivert Øksnes Amland etter annulert scoring under eliteseriekampen i fotball mellom Aalesund og Molde på Color Line Stadion. Ola Brynhildsen til venstre bak og Benjamin Tiedemann til høgre. Foto: Svein Ove Ekornesvåg/ NTB
PROTESTERER: Moldes Kristian Eriksen (midten) og lagkameratane protesterer mot dommar Sivert Øksnes Amland etter annulert scoring under eliteseriekampen i fotball mellom Aalesund og Molde på Color Line Stadion. Ola Brynhildsen til venstre bak og Benjamin Tiedemann til høgre. Foto: Svein Ove Ekornesvåg/ NTB

«Vi oppfordrar de andre klubbene i eliteserien til å ta ein ny vurdering»

Det skeiv Tuva Ørbeck Sørheim, styreleiar i Vålerenga i et lesarinnlegg i VG måndag om VAR i Eliteserien.

Til TV 2 seier ho at de opphavleg var positive til at videodømminga kom til ligaen, men at slik det er no, fungerer det ikkje.

Dette kom i etterkant av kampen mellom Odd og Vålerenga, der to VAR-avgjersler kom i hovudfokus. Den første situasjonen tok sju minutt før dommar Sivert Amland og VAR tok ein avgjerd.

Tysdag kom også Noregs Toppfotball med ei pressemelding, der dei skriv at dei er misfornøgde med videodømming og vil ha prat med Noregs Fotballforbund for å diskutere vegen vidare for VAR.

Seinare på dagen opplyste forbundet at dei tar grep for å redusere tidsbruken, noko TV 2s fotballekspert Yaw Amankwah kallar eit «veldig fornuftig grep».

TV 2 har kontakta dei andre Eliteserieklubbane for å høyre kva dei tenker om VAR etter ein halvspelt sesong.

Lillestrøm – Morten Kokkim, styreleiar:

Lillestrøm var den einaste klubben som stemte imot VAR da det blei bestemt i hausten 2021.

LILLESTRØM: Morten Kokkim Foto: Astrid Hexeberg / TV 2
LILLESTRØM: Morten Kokkim Foto: Astrid Hexeberg / TV 2

– Det er ingenting som tilseier at vi skal endre standpunkt. Det var akkurat dette vi så for oss. Vi så på dette som ei forhasta avgjerd og frykta for dette hausten 2021. Vi føler vi har fått rett, seier han.

– Kva tenker de så langt om VAR etter ein halvspelt sesong?

– Det har eigentleg vore verre enn det eg hadde frykta. De problemstillingane vi tok opp har vi fått rett i.

– Har VAR fungert?

– Vi trudde kanskje at vi skulle diskutere dommaravgjersler mindre med VAR, men mitt inntrykk utan at eg har noko statistikk, er at vi diskuterer det enda meir. Det er å gå feil veg. Det skal ikkje vere dommaravgjersler vi skal diskutere etter ein fotballkamp. Eg ser eigentleg berre negative ting med VAR, sjølv om enkelte avgjersler kan hende blir «riktigare».

AALESUND: Gunnar Haagens. Foto: Arne Rovick  / TV 2
AALESUND: Gunnar Haagens. Foto: Arne Rovick / TV 2

Aalesund – Gunnar Haagensen, styreleiar:

– Skal de ta stilling til VAR på nytt?

– Ja, vi må ta stilling til det. Fotballen er ferskvare, taper ein så er ein misnøgd med det, vinn ein så syns ein det er greitt. VAR har hatt sine problem, men eg tenker VAR er bra er bra i utgangspunktet, men det er nøydd til å fungere. Då må det vere klarare reglar på når det brukast og ikkje brukast, og eventuelt at kapteinane på laget vert involverte når ei avgjerd vert teken. Ikkje at berre dommaren får sjå det, også får ingen andre sjå det. Då må det visast til publikum.

– Visst det blir teke opp så får vi som klubb ta ei vurdering av det og kome med innspel. Det er ikkje slik at vi absolutt synest vi skal ta det bort.

– Kva tenker de så langt om VAR etter ein halvspelt sesong?

– Visst det skal vere VAR, så må det vere VAR i alle kampar. Det må vere likt for alle, det kan ikkje vere slik at nokre stader fungerer det ikkje og nokre stader fungerer det. For meg er det same om vi har det eller ikkje, men visst vi har det så må vi ha det for alle. Det må vere likt. Det eg trur kan vere skada hittil er at det har fungert i enkeltkampar, og i andre kampar har det ikkje vore VAR, og i andre kampar har ikkje det fungert. Det er uheldig, då kjem ein litt skeivt ut.

Stabæk – Jon Tunold, dagleg leiar. Styreleiar er på ferie:

– Skal de ta stilling til VAR på nytt?

– Det har ikkje vore ein diskusjon i styresamanheng, men det må ein jo. Klubben vår også kjem nok til å ta eit nytt standpunkt etter kvart, men det er likevel ikkje aktuelt å gjere noko med før på tinget neste år. Så det er ikkje noko hastesak som ein burde gjere no i sommar trur eg. Det ligg ikkje på agendaen til styret per no i alle fall.

– Eg uttalar meg som privatperson, og eg er sterkt skeptisk til måten VAR brukast på i dag. Eg har vore tilhengar av det tidlegare, men slik det fungerer no, så meiner eg at det ikkje fungerer og ikkje bør vere i norsk fotball for augneblinken. Men til sjuande og sist så er dette klubbstyret som må bli einige om kva dei vil gjere når visst dette vert teke opp att på tinget neste år.

STABÆK: Jon Tunold. Foto: Erik  Monrad -Hansen
STABÆK: Jon Tunold. Foto: Erik Monrad -Hansen

– Kva tenker de så langt om VAR etter ein halvspelt sesong?

– Total fiasko så langt er min påstand. Det har øydelagt det. Det som eg er veldig kritisk til er utsegnene frå dommarsjefen som seier at det er ikkje tida som er viktig, men at det vert korrekt avgjersle. Det meiner eg er heilt feil tilnærming til VAR og eg meiner også at når ein snakkar om at prosjektet modnast over tid. Det er ikkje haldbart fordi klubbane er arbeidsstadar der vi skal drive profesjonell fotball og då hjelper det ikkje å snakke om at dette er eit prosjekt. Dette må betrast betydeleg på kort sikt for at dette skal kunne fungere.

Dommarsjef Terje Hauge kjenner seg ikkje igjen i utsegna, og trur i så fall at det må vere noko som har kommen feil ut eller blitt misforstått før sesongstart.

Han er i alle fall klokkeklar overfor TV 2 på at tidsbruken er det viktigaste å få ned.

– Tiden er noko vi jobbar kvar dag og kvar runde for å ta ned. Men samtidig må det vere kvalitet, poengterer Hauge.

Tunold meiner at tidsbruken er det største problemet med VAR og viser til kampen mellom Odd og Vålerenga søndag.

– Det seier kanskje litt om at dei som sit og leiar dette her og styrer det, og ikkje kjenner på pulsen i det heile teke korleis Fotball-Noreg tenker. Etter så mykje kritikk som det har vore etter dette, og at ein då klarer å bruke sju minutt på ei avgjersle – det viser at her er det noko feil. Det er i alle fall noko som ikkje stemmer. Det må gjerast ei endring.

Seinare tysdag blei det bekrefta at dei tar grep for å redusere tidsbruken.

Sandefjord – Merete Sand, styreleiar:

– Skal de ta stilling til VAR på nytt?

– Det er det Norsk Toppfotball som tar, vi må sjå om vi sett oss med eller ikkje med det.

– Eg trur og er redd for at VAR har kome for å bli – på godt og vondt. Vi har framleis uheldige situasjonar vi også, der det blir dømt mot oss. Eg føler ikkje at vi har nokon sigrar i den klassa der for å seie det slik. Vi hadde ein situasjon no nyleg mot Bodø/Glimt der dei fekk straffe som vi veit var feilaktig, det har vi funne ut i ettertid. Gongen før der då vi var i Lillestrøm, og då fekk vi ikkje VAR. Så eg trur det er tilfeldig kven det er som sit på VAR-rommet, som vel kven dei skal ta på nytt att.

– Kva tenker de så langt om VAR etter ein halvspelt sesong?

– Det er ikkje godt nok.

– Kvifor ikkje?

– Det er tilfeldig kven som vert plukka ut til å ta VAR-situasjonane.

BRANN: Aslak Sverdrup. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2
BRANN: Aslak Sverdrup. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

Brann – Aslak Sverdrup, styreleiar:

– VAR er ei stor endring i norsk fotball, som førebels ikkje fungerer optimalt, svarer Sverdrup i ein SMS.

– Vi i Sportsklubben Brann kjem til å diskutere innføringa av VAR internt i klubben i løpet av hausten, og dessutan delta i evaluering etter sesongen er over saman med kollegaer frå andre toppklubbar.

Molde – Odd Ivar Moen, styreleiar:

– Vi har ingen slike planar. VAR er kome for å bli, men vi har vore innstilt på at det første året ville bu på utfordringar. Det er viktig at alle forstår regelverket. VAR må forbetre med blant anna fleire kamera, svarer Moen i ein SMS.

MOLDE: Odd Ivar Moen. Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN
MOLDE: Odd Ivar Moen. Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Odd – Bernt Ove Søvik, styreleiar:

– Skal de ta stilling til VAR på nytt?

– Vi skal nok ha ein evaluering på det ut på hausten.

– Kva tenker de så langt om VAR etter ein halvspelt sesong?

– Vi har både hatt avgjersler mot oss som ikkje har vore forståelege, og slik som kampen har i helga har vi hatt marginane på vår side. I sum har vi nok kome i pluss/minus null, men det går for seint og det øydelegg stadionopplevinga.

– Det er to ting vi skal ha i tankane: Det er heilt nytt og det er avgrensa med kamera. Slik det er no er det ikkje godt nok.

BODØ/GLIMT: Inge Henning Andersen. Foto: Terje Pedersen
BODØ/GLIMT: Inge Henning Andersen. Foto: Terje Pedersen

Bodø/Glimt – Inge Henning Andersen, styreleiar:

– Skal de ta stilling til VAR på nytt?

– VAR er kommen for å bli.

– Kva tenker de så langt om VAR etter ein halvspelt sesong?

– Vi må bli tydelegare på korleis situasjonar VAR skal ta i forhold til kva for ein teknologi vi for tida har tilgjengeleg, kor lang tid det skal ta og oppsettinga av systemet medrekna sjå på ansvar og myndigheit på involverte aktørar under kampen.

– Fungerer det?

– Vi hadde vel alle håpa at vi skulle ha kommen lengre ved halvspelt serie. Det gjeld spesielt de som er på stadion og det må vi ta tak i. Vi ønsker at de som er til stades under kampane skal ha gode stadion opplevingar og slik er det ikkje med korleis VAR fungerer i dag.

Styreleiaren i Glimt forklarer at tidsbruken på VAR-avgjersler og at det blir forskjellige utfall av situasjonar er noko av det som ikkje fungerer så godt etter halvspelt sesong.

– Det gjeld spesielt offside-situasjonar. Her burde vi sjå litt på om vi kan endre teknologien, for det fungerer veldig godt i andre større ligaer og vi burde ha ei felles målsetning om at også norsk fotball skal ha VAR til å fungere like godt, inntil da må det vurderast om vi skal la AD-eine ta offsidane og la VAR berre gripe inn kor det openbert vart feil. Vi kan definitivt ikkje bruke sju minutt for å finne ut av disse situasjonane.

Sarpsborg 08 – Hans Petter Arnesen, styreleiar:

– Skal de ta stilling til VAR på nytt?

– Vi har ikkje diskutert det på styrerommet eller i administrasjonen. Vi ser jo at ting føregår, men vi kan ikkje trekke tilbake det no. Ei god evaluering får vi gjere etter enda sesong.

– Har vi innført noko så må vi teste det fullt ut, men det er ikkje optimalt.

– Kva tenker de så langt om VAR etter ein halvspelt sesong?

– Eg syns det tar litt for lang tid. Det er nokre avgjersler eg ikkje heilt forstår. Men det verste er tida. Den øydelegg stadionopplevinga for oss som arrangerer. Det må gjerast noko med.

– Det er noko som fungerer, det er ein del ting som blir riktige og så er det noko ein må endre på. Det kan aldri ha vore meininga at det skal ta sju- åtte minutt på ei avgjersle. Det kan vi ikkje ha, vi må ha flyt.

– Eg er ikkje der at vi skal bruke sesongen så langt på å konkludere. Dette skal innførast i Europa og vi må følge med på utviklinga, men produktet må forbetrast.

TV 2 har vore i kontakt med Viking, som ikkje ønske å bidra i denne diskusjonen på noverande tidspunkt.

Det har heller ikkje lykkast TV 2 å kome i kontakt med styreleiar i Rosenborg, Tromsø, Strømsgodset, Haugesund og HamKam.