SJUKDOM: Kjetil Borch har vore plaga med sjukdom og skade i det siste. Foto: Erik Monrad-Hansen / TV 2
SJUKDOM: Kjetil Borch har vore plaga med sjukdom og skade i det siste. Foto: Erik Monrad-Hansen / TV 2

Føler seg ikkje klar for EM: – Ikkje så kult

Kjetil Borch har vore mykje plaga med både sjukdom og skade den siste tida. No har både han og to andre på laget fått korona.

Det norske rolandslaget har blitt ramma av koronaviruset dei siste dagane. Først kom nyheita om at Kjetil Borch hadde fått viruset, og måtte vere heimeverande når resten av laget drog til verdscupen i Luzern. Onsdag bekreftar sportssjef Daniel Berge at det også er fleire smitta.

– Det er to smitta, i tillegg til Kjetil. Desse har ikkje reist ned til Luzern, fordi det dukka snikande opp i løpet av førre veke, seier Berge.

Ikkje klar til EM

Borch har vore mykje plaga med sjukdom og skade etter OL. I mai gjekk han gjennom den femte operasjonen på fem år, og etter dette har sjukdom kome på løypande band.

– Det er veldig kjipt. No var eg i gong etter operasjonen. Kvar gong eg har kome på rull, så har eg hatt ein skade eller sjukdom. Eg har fått trent maks ein månad før eg anten har blitt skada, eller blitt sjuk, seier Borch til TV 2.

I midten av august ventar EM i München. Borch fortel at han overhovudet ikkje føler seg klar for meisterskapet.

– Å ikkje vere klar til eit EM, kjennast veldig rart. Det kjennast veldig feil ut å dra til ein konkurranse og vere fult inneforstått med at førebuingane ikkje har vore gode nok. Det er ikkje så kult, seier han.

Borch fortel at planen uansett er å reise til EM.

– Om eg blir slått som berre det, så får eg bruke det som motivasjon vidare, og ha fokus mot VM i september.

Må gjere endringar i laget

På grunn av koronasmitte var ikkje Borch å sjå i bilen som køyrde roarane ned til Luzern. Han legg likevel ikkje skjul på at det var den beste regattaen å gå glipp av, med tanke på at roarane var nøydde til å køyre 1700 kilometer kvar veg, grunna SAS-streiken.

– Det var definitivt den beste, seier Borch.

Ettersom fleire roarar er ute med smitte, må landslaget gjere endringar i båtane fram mot verdscup 3 i Luzern.

– Vi måtte stryke nokre av båtane. Lettvektsdobbelen er ute, og firaren vil bli gjort om til ein toar, seier Berge.

Vore uheldige

Rolandslaget har fått kjenne på uhellet den siste tida, både med smitte og med SAS-streiken.

– Det er jo dessverre berre sånn det er. Vi får berre gjere det beste ut av det, men vi opplever at teamet er flinke på å ta ein pust i bakken og sjå moglegheita i staden for avgrensingane, seier Berge.

Då TV 2 snakkar med Berge like før klokka 16:00 onsdag, kan han melde om at alle tre bilane til landslaget nettopp har nådd Luzern, etter over 34 timar på reisefot.

– No blir det spennande å sjå korleis denne oppladinga påverkar helga, seier Berge.

UHELDIG: Det norske rolandslaget har ikkje hatt den beste oppladninga inn mot verdscupen i Luzern: – Dessverre slik det er, seier sportssjef Daniel Berge. Foto: Kim Jarle Johansen / TV 2
UHELDIG: Det norske rolandslaget har ikkje hatt den beste oppladninga inn mot verdscupen i Luzern: – Dessverre slik det er, seier sportssjef Daniel Berge. Foto: Kim Jarle Johansen / TV 2