Fekk skrekkbeskjed fire dagar etter VM

Noregs beste brystsvømmar, André Klippenberg Grindheim, gjekk frå å vere i kanonform i VM, til å få beskjed om at han hadde få timar igjen å leve utan operasjon.

 Foto: Jonas Ekströmer / TT

20. juni svømte André Klippenberg Grindheim 50 meter bryst i VM i Budapest. Berre fire dagar seinare var alt snudd på hovudet.- Eg fekk beskjed av kirurgen at dei måtte opne meg, elles hadde eg berre nokre timar igjen å leve, fortel Grindheim om den alvorlege opplevinga.Måtte hasteopererastEin fredag ettermiddag, fire dagar etter VM-et som ikkje gjekk heilt slik Grindheim hadde håpa på sjølv, begynte han å kjenne p