Flau RBK-profil: – Vi blir pissa på

I førekant av kampen mot Odd, hadde Rosenborg spelt åtte bortekampar, men berre hatt éin siger. Laurdag snudde det for trøndarane.

Odd - Rosenborg 2-3Odd køyrde over Rosenborg i første omgang og leidde fortent ved pause. I andre omgang vakna RBK-profilane og snudde kampen.- Eg tenker flaks, Odd speler ball i hatt med oss i 45 minutt. Det er ikkje noko eg eller klubben vil vere kjent av. Svaret vi gir i andre omgang er veldig imponerande. Vi har ikkje råd til mange sånne omgangar viss vi skal vinne kampar, seier Ole Sæter til TV 2.