OPPLEVDE MARERITT: I 2006 blei Anne Grethe Solberg skutt av sin dåverande mann. Foto: Marte Christensen / TV 2
OPPLEVDE MARERITT: I 2006 blei Anne Grethe Solberg skutt av sin dåverande mann. Foto: Marte Christensen / TV 2

Blei skutt av eksmannen – tok eit spesielt val

Det var ein augustdag i 2006 at Anne Grethe Solberg opplevde marerittet. Sidan den gong har løping hatt ein spesiell plass i livet.

– Løping har vore til stor hjelp for å kome meg gjennom det traumet eg har vore gjennom. Eg veit ikkje om eg hadde klart det utan løpinga, seier Anne Grethe Solberg.

20. august 2006 tok livet hennar ei brå vending. Ho skulle møte sin dåverande mann for å signere skilsmissesøknaden.

På veg ut av heimen til mannen, med skilsmissepapira i handa, tok han fram ei hagle.

– Han skøyt meg, fortel Anne Grethe om augustdagen for 16 år sidan.

SKUTT: Anne Grethe Solberg blei skutt av sin dåverande mann. Foto: Marte Christensen / TV 2
SKUTT: Anne Grethe Solberg blei skutt av sin dåverande mann. Foto: Marte Christensen / TV 2

Skulle bli Noregs kulaste dame

Anne Grethe fekk eit skot i hofta, og eit i skuldra og brystet.

– Det resulterte i at eg måtte amputere armen og skulderleddet, i tillegg til at eg har mykje muskelsvinn, fortel ho.

Etter den dagen bestemte ho seg for å gjere alt ho tidlegare hadde tenkt til å gjere. Ho skulle fullføre doktorgrada si, jobbe med kjønnsbalanse og ikkje mist løpe maraton. Anne Grethe skulle bli Noregs kulaste dame med éin arm.

– Eg trur det er veldig viktig å akseptere dei avgrensingane ein har som eit menneske. Alle menneske har avgrensingar på ein eller anna måte. Med ein gong du aksepterer det, er det lettare å utvikle seg og gjere det optimale ut av livet.

Ville løpe New York Marathon

Ideen om å begynne med løping kom etter eit møte med ein fysioterapeut. Fysioterapeuten sa til Anne Grethe at ho sprang betre enn ho kunne gå.

– Når eg går med mykje muskelsvinn i hofta, bruker eg mykje tid på å svinge det friske beinet rundt. Når eg løper stiver eg av på innsida av beinet.

Ho satt seg det svulstige målet å fullføre ein maraton. Ho ville verkeleg teste seg sjølv, ved å legge bak seg dei 42 195 meterane.

– Eg var 52 år då eg starta å løpe. Eg tenkte at eg skulle løpe det kulaste som finst i heile verda. Det er New York Marathon sjølvsagt.

Ho meldte seg på, og fire år etter den forferdelege hendinga, fullførte ho.

– Det var ei fantastisk oppleving, seier Anne Grethe, med eit stort smil om munnen.

Vil løpe til ho er 70 år

Å komme til USA var heilt spesielt for Anne Grethe.

– Ein blir veldig godt tatt i mot som handikappa. Vi blir heia fram heile vegen, og det er veldig morosamt. Eg har løpt i andre land, der folk kanskje synes det er litt rart å vere handikappa, og stirrar meir enn dei heiar, fortel ho.

Etter den første maratonen har det berre blitt fleire og fleire. Ho har fullført ni, og skal ut på to til i år, i Berlin og i New York. Neste år står Tokyo Marathon på planen.

– Målet var å klare å løpe til eg var 60 år. No har eg flytta det til eg blir 70, seier 64-åringen.

VIKTIG: For Anne Grethe Solberg har løping blitt ein viktig del av kvardagen. Foto: Marte Christensen / TV 2
VIKTIG: For Anne Grethe Solberg har løping blitt ein viktig del av kvardagen. Foto: Marte Christensen / TV 2

Spesiell plass

For Anne Grethe har løpinga fått ein heil spesiell plass i livet.

– Det er ein måte å handtere stress på. I tillegg har treninga blitt eit godt verkemiddel for å klare å handtere kvardagen betre, både fysisk, men også mentalt.

– Å løpe i skogen, kjenne på lufta og alle luktene, og lytte til kva folk snakkar om: Det gir veldig mykje meining.

Når Anne Grethe fortel, fortel ho med stor glede og engasjement. Likevel er ho ikkje alltid så smilande og lykkeleg som ho verker som.

– Eg har alltid sett lyst på livet vil eg seie, men det betyr jo ikkje at eg ikkje har djupe dalar, ligg i fosterstilling og har det vanskeleg. Men eg kjem meg alltid oppover igjen. Ein må stå litt i det.