
SAS-streik skapar kaos for roarane – må køyre 1700 kilometer
Roforbundet må køyre til verdscup i Sveits, grunna SAS-streiken. Sist gong Kristoffer Brun køyrde timesvis til ein regatta, resulterte det i EM-gull.
Grunna SAS-streiken vart flyet som skulle ta Norges Roforbund og utøvarane til verdscupen i Luzern i Sveits i helga, kansellert. No ventar i staden rundt 20 timar i bil.
– Dette blir ein skikkeleg «roadtrip». Vi har aldri gjort dette i World Cup før, så vi er spente på korleis det går, seier Daniel Berge, sportsleg leiar i Roforbundet.

Køyrde til EM og vann
Før EM i 2020, køyrde roar Kristoffer Brun bubil til Polen, ei strekning på over 1200 kilometer. Der vann han gull.
– Er køyring suksessoppskrifta?
– Det er jo ikkje heilt ideelt, men det gjekk jo bra førre gong, seier Brun.
Han trur ikkje den lange bilturen kjem til å vere eit hinder for prestasjonen i helga.
– No har eg jo prøvd det før, og eg veit at det fungerer. Sist gong hadde vi det skikkeleg gøy då vi køyrte nedover, så vi får sjå om det blir like gøy denne gongen.
Sjølv om han beskriver situasjonen som «ikkje ideell», synes han det heile går heilt fint.
– For oss går det greitt. Vi kjem jo oss nedover, og det er ikkje så mange andre gode alternativ. Eg synes mest synd på SAS oppi dette, og alle som skal på ferie. Det er ikkje noko gøy situasjon, seier Brun.
Ikkje særleg glade
Landslagssjef Mark Emke fortel at utøvarane ikkje var særleg glade då nyheita om kanselleringa kom.
– Dei vil konkurrere, så då må vi reise i bil, seier Emke.
Emke trur at den lange bilturen kan påverke utøvarane.
– Det kan det, men vi har framleis éin dag med restitusjon før regattaen, så det går bra.
