FEKK PLASS: Maja Jakobsen og resten av Storhamar fekk plass i Champions League Foto: Stian Bye Hogsveen
FEKK PLASS: Maja Jakobsen og resten av Storhamar fekk plass i Champions League Foto: Stian Bye Hogsveen

Fekk Champions League-plass: – Ein draum

Måndag fekk både Storhamar og Elverum gladbeskjeden om at dei får ein plass i den komande Champions League-sesongen.

Alle laga i Champions League-sesongen 2022/23 vart annonsert måndag. På lista over laga stod Storhamar på kvinnesida, og Elverum på herresida. Vipers hadde allereie sikra seg ein plass i Champions League, då dei vann over Storhamar i sluttspelet, i forkant av annonseringa måndag.

– Det er utruleg morosamt! Vi er kjempeletta, seier kaptein på Storhamar, Maja Jakobsen.

Eit nivå opp

Ein Champions League-plass betyr at dei beste laga i Europa skal kome til Hamar for å spele kamp. Det synest Jakobsen er stort.

– Først og fremst blir det kjempemorosamt og meir «trøkk» rundt kampane. I tillegg blir det eit nivå opp for oss.

Sjølv om nivået er litt høgare enn det dei er vande med i blant anna Europa Cup, trur kapteinen at det skal gå bra.

– På vårt beste trur eg vi har moglegheit til å «matche» mange av laga der, seier Jakobsen.

– Veldig letta

Plassen kom litt som ei overrasking for Jakobsen.

– Eg visste at det kunne vere ei moglegheit når to russiske lag skulle ut, men ein veit aldri. Det er mange som har lyst til å vere med, men eg er veldig letta for at vi fekk ein plass.

Jakobsen har sjølv spelt i Champions League før, då ho spelte i den danske klubben Odense. Likevel heng ho plassen med Storhamar høgt.

– Å få spele Champions League med det som eigentleg er barndomsklubben, det er absolutt ein draum som har gått i oppfylling, seier ho.

Ikkje like overraskande

For Elverum var det ikkje ei like stor overrasking med Champions League-plass. Dei har trona toppen av tabellen fleire år på rad, og har deltatt i Champions League ein rekke gongar.

– Vi har vist oss frå vår beste side i fleire år. Det sportslege er betre no enn nokon gong, og vi har mange gode arrangement. Det er godt at det blir verdsett og bekrefta, seier keeper på Elverum, Emil Kheri Imsgard.

Sjølv om beskjeden ikkje var overraskande, var det framleis svært gledeleg.

– Det var fantastisk og veldig kult å få ein slik beskjed, seier Imsgard.

FANTASTISK: Elverum-spelar Emil Imsgard, seier det er fantastisk å få beskjeden om Champions League-plass. Foto: Kristin Grønning / TV 2
FANTASTISK: Elverum-spelar Emil Imsgard, seier det er fantastisk å få beskjeden om Champions League-plass. Foto: Kristin Grønning / TV 2

– Huk av kalenderen

Då beskjeden om plassen kom, tok det av i WhatsApp-gruppa til laget.

– Alle er like glade som meg i dag, seier dagleg leiar i Elverum, Mads Fredriksen.

Fredriksen har tru på at Elverum skal kunne levere gode resultat og arrangement, når dei store laga kjem på besøk.

– Det er berre å huke av kalenderen når terminlista kjem.

Blir det feiring no?

– Vi skal feire med å planlegge ny sesong. Det er sånn det fungerer i klubben vår, seier Fredriksen.

Trekninga av dei ulike gruppene blir gjennomført 1. juli, både for herrene og damene.

GLAD: – Alle er like glade som meg i dag, seier dagleg leiar i Elverum, Mads Fredriksen, etter beskjeden. Foto: Bjørn Roger Brevik / TV 2
GLAD: – Alle er like glade som meg i dag, seier dagleg leiar i Elverum, Mads Fredriksen, etter beskjeden. Foto: Bjørn Roger Brevik / TV 2