Fleire kvinnelege trenarar enn før: – Ganske spesielt

Tine Fotballskule har sparka i gong for sommaren. På Voldsløkka i Oslo registrerer dei ein gledeleg trend blant trenarane.

I løpet av dei 25 åra Tine Fotballskule har blitt arrangert, har det aldri før vore fleire kvinnelege trenarar enn i år.

– Eg synest det er veldig gøy, og eg ser at det er mykje koselegare for dei små jentene som spelar, at det ikkje berre er gutetrenarar, seier trenar på fotballskulen, Leona Bygi Øyen.

Då Øyen var trenar på same skule i fjor, var ho den einaste jenta. I år er det langt fleire. Av 24 trenarar på fotballskulen på Sagene, er elleve av dei jenter.

Førebilete blant trenarane

Øyen trur det er viktig for ungane å ha kvinnelege trenarar.

– Dei har nokre jenter å sjå opp til i fotballen. Det er jo ganske spesielt, seier ho.

Deltakar på fotballskulen, Erle Uno Moe, er einig i dette.

– Vi som jenter føler at vi kan bli noko stort, når vi ser at det også er jentetrenarar, seier ho.

FORNØGD: Erle Uno Moe (t.h.) er fornøgd med at det er fleire jentetrenarar på fotballskulen. Foto: Marte Christensen
FORNØGD: Erle Uno Moe (t.h.) er fornøgd med at det er fleire jentetrenarar på fotballskulen. Foto: Marte Christensen

Vil ha fleire jentetrenarar

I 2018 sa Tine og NFF at dei ville ha 50 prosent jentetrenarar på fotballskulen. I Sagene kan dei sjå at målet nesten er nådd.

– Det er veldig viktig for fotballen, seier fagansvarleg for Tine Fotballskule i NFF, André Paulsen.

No håpar Tine og NFF at dei får sjå denne trenden fleire stader i landet.

– Vi ser at klubbane har fokus på det, og at delen jentetrenarar aukar, så det viser seg at det er ei viktig målsetjing, seier Gunnar Hovland, konsernsjef i Tine.

Har jobba mot målet

Tommy Øyen, leiar ved fotballavdelinga i Sagene IF fortel at det har vore eit mål å rekruttere fleire kvinnelege trenarar sidan dei starta å arrangere Tine Fotballskule i 2014. Då hadde dei berre éin jentetrenar.

– Vi har gjort ein jobb inn mot eigne damespelarar for å prøve å få dei med så tidleg som mogleg i ei trenarrolle. Målet er jo å få dei med vidare som klubbtrenarar i klubben.

Kva trur du er grunnen til at det har blitt fleire kvinnetrenarar?

– Eg trur det er fordi vi har jobba med det, men også fordi når spelarane først har trenarar som er jenter, og får nokre førebilete, så er det lettare å få dei til å stille opp sjølv, seier Øyen.

Relatert