Tusenvis av tomme stoler
ZAPORIZJZJA, UKRAINA/OSLO (TV 2): Skular som er bomba sønder og saman. Problem med nettundervisning. Flyalarmar og redde born. Krigen har forstyrra skulegangen til over fem millionar born.

– Slik gjer eg i gymtimane, seier Dasha (10) og demonstrerer eit hopp som endar heilt oppe i taklampa. Lampa flyg til side og svarer med å klirre faretruande.
– Oi, haha, ler Dasha.
– Det blir litt bråk, naboane likar det ikkje så godt, legg ho til med eit lurt smil.

Det er gymtimane ho likar best. Saman med matematikk og teikning. Nedst på lista står polsk. Men det er ikkje hennar største problem.
– Eg har ingen vennar. Eg flykta frå heimbyen min, medan vennane mine blei verande, seier Dasha.
Ho er frå Kharkiv fylke, som er hardt ramma av krigen.
– Eg savnar veldig å ha vennar. Eg skulle ønske eg kunne gå på skulen her slik at eg kunne få nye.

Men alle
skulane i Zaporizjzja er stengt. Det er for farleg å halda dei opne.
Totalt i Ukraina har over 3000 skular blitt skadde i russiske angrep, ifølgje ukrainske styremakter.
Også skulen Dasha skulle ha gått på, fekk vindauga blåst inn då naboblokka vart bomba.
– Gjenoppbygging starter med undervisning
I Noreg jobbar Wergelandsenteret for å fremje demokratiske skulereformer i Ukraina. Skulen til Dasha er ein av over 400 aktive medlem i senteret sitt skulenettverk «Skuler for demokrati».
Wergelandssenteret er oppretta av Europarådet og Noreg, og skuleprosjektet vert støtta av Utanriksdepartementet.
– Gjenoppbygginga av Ukraina byrjar med utdanning og gjenoppbygging av ukrainske skular, seier prosjektleiar for Ukraina-programmet, Nataliya Yeremeyeva, ved Wergelandsenteret, til TV 2.
Ho ser alvorleg på situasjonen for barna i det krigsherja landet.
– Det er viktig for barna å ha kontakt med kvarandre og lærarane. Dei treng å i alle fall ha ei forståing av kva som er ein normal kvardag, og vere opptekne av noko slik at dei ikkje treng å tenke på krigen heile tida, seier Yeremeyeva.

Må ha heimeundervisning
I Zaporizjzja skrapar det i laptopen til Dasha. Ein ny time skal starte. Stadig fleire ansikt dukkar opp på skjermen: Det er Dasha sine klassekameratar, som ho aldri har møtt fysisk.
– Hei, korleis har alle saman det i dag?, spør læraren.
– Fint, svarer Dasha.
– Bra.
– Flott, kjem det frå resten.
Læraren startar ivrig å forklare dagens tema: middelalderen.
Men etter nokre minutt lyder ei velkjend setning.
– Vi har litt tekniske problem, seier læraren.
– Ser de meg no?, spør han håpefullt.
– Nei.
– Ikkje eg heller.
– Nei…
Først var Dasha på heimeskule nesten eitt år under covid-pandemien. Deretter fekk ho eit drøyt år med vanleg undervisning.
Men så invaderte Russland, og undervisninga måtte flyttast online igjen. Det likar Dasha dårleg.
– Det er vanskelegare å forstå faga, seier ho.

Undervisninga blir også støtt og stadig avbrutt av flyalarmen. Når den går, må all undervisning stanse slik at elevar og lærarar kan søke tilflukt.
Alarmen går fleire gonger kvar dag.
– Eg blir redd av flyalarmen. Det kan komme ein rakett, og det er veldig skremmande, seier tiåringen.
Den tapte undervisninga må elevane ofte ta igjen på eiga hand, forklarer Dasha.
– Det er mykje eg ikkje forstår, seier ho.
– Og ofte er lærarane opptatt med andre klasser slik at eg ikkje kan spørre om hjelp.

Mora forsøker å hjelpe, men ho har også ein fireåring å passe på.
Ho er bekymra for dotteras utdanning.
– Kunnskapen som ho skulle fått av skulen, får ho aldri, seier Inna Derevjago.
Men det var endå verre før. Då hadde Dasha berre ein mobiltelefon, og den var det umogleg å følge all undervisninga med. Skulen hennar donerer difor laptopar til alle elevane som ikkje har.
FN: Fem millioner born skadelidande
Til ul frå flyalarmen, møter vi Dasha sin assisterande rektor, Natalia Anisimova. Ho viser oss rundt på skule nummer 101. Her skulle det ha vore eit yrande liv med heile 900 elevar.

– Det er trist at det er tomt her. Vi savnar borna heile tida, seier Anisimova.
Her i Zaporizjzja følger alle borna online undervisning. Gjennom vinteren var det ekstra utfordrande sidan Russland konsekvent bomba elnettet. Og utan straum, ingen nett-undervisning.

– Eg hadde straum frå 0400 til 0600 på natta. Då stod eg opp og jobba så masse som mogleg, seier Anisimova.
I dei tryggare delane av Ukraina kan skulane halde opne viss dei har bomberom.
I dei farlegaste delane er det mange som ikkje får undervisning i det heile.
Ifølge Unicef har skulegangen til over fem millionar born blitt skadelidande på grunn av krigen.
– Det er ingen pauseknapp på utdanning. Ein kan ikkje utsette borns skulegang uten å risikere framtida til ein heil generasjon, sa Unicef sin regionale direktør, Afshan Khan, i januar.

Skulen gjort om til hjelpesenter
– Det er klart vi er bekymra for borna våre. Vi vil at dei skal vekse opp og bli kunnskapsrike, seier assisterende rektor Anisimova.
Samtidig legg ho til at skulen har tatt mange grep for å gjere online undervisning så komplett som mogleg.

– Du veit, det er ingen utfordringar som vi ikkje kan klare, for vi er ukrainarar, smiler ho.
Den svære, tomme skulen er no gjort om til eit hjelpesenter.
– Her har vi eit rom for born og mødre, her kan dei sove ved behov, forklarer rektor Irina Vitkovska.
Skulen tilbyr mat, vatn, straum - og ein prat.
– Her kan psykologar jobbe viss nokon treng støtte, seier rektoren og peikar mot eit koseleg rom.
– Det kan vere born eller vaksne, for angstanfall kan skje med kven som helst.

Savnar skulen
Sjølv om
skulen gjer nytte for lokalsamfunnet no også, kan dei tilsette her knapt vente
med å ønske elevane velkomne igjen.
– Vi savner borna komplett. For det er våre born! Vi savner alt med dei: smila deira, vitsane, rampestrekane - absolutt alt, seier Anisimova.
– Sjå her, eg får tårer i augene berre eg tenker på det, seier ho og tørkar seg i augekroken.

Savnet går begge vegar. Heime hos Dasha, sit ho og lengtar etter ein normal kvardag. Men ho er fast bestemt på at krigen ikkje skal få øydelegge hennar framtid.
– Eg har lyst å bli lege, seier ho bestemt.
– Eg veit ikkje heilt kvifor. Kanskje det er fordi dei tjenar masse pengar, ler ho høgt, før ho legg til:
– Og då kan eg også hjelpe folk.
Sjå heile reportasjen om Dasha her: