Timur (8) spionerte på russarane
KHERSON, UKRAINA (TV 2): Timur og familien levde under russisk okkupasjon i over åtte månader. Men hevnen deira blei brutal.

Familien Netsjevilov ruslar gjennom gatene i heimbyen Kherson. Som dei pleidde å gjere då byen var under russisk okkupasjon.
– Vi spionerte på russarane, seier Timur (8).
Familien vil vise oss området som dei var særleg interessert i: Ein bygning som okkupasjonsstyrkane skal ha brukt som hovudkontor.

Mora Iryna Netsjevilova (42) forklarar at familien ofte passerte dette bygget for å observere kva okkupasjonsstyrkane gjorde.
– Russarane mistenkte oss aldri, seier ho, og Timur stemmer i:
– Vi gjekk jo berre forbi og kikka i den retningen, seier han med eit uskyldig blikk.
Men familien fortel at alt dei såg, rapporterte dei vidare til ukrainsk etterretning i all hemmelegheit.
– Det gjorde også fleire andre i byen, seier Netsjevilova.
Det skulle bli fatalt for Putins menn i Kherson.

Frie, men ikkje trygge
Mens TV 2 nærmar seg staden, drønnar det stadig i artilleri.
Då Kherson blei frigjort i november i fjor, trakk russarane seg tilbake til den andre sida av elva Dnipro.
Russland okkuperer framleis den sørlege delen av Kherson fylke, og derfrå skyt dei nærmast dagleg mot Kherson by og omegn.
Seinast 18. april blei ein person drepen og mange skadde då fleire granatar traff den største marknaden i sentrum midt i morgonrushet.

Åtteåringen må bruke vest
– Eg brukar alltid vest når eg skal handle eller skal til andre offentlege plassar for dei blir ofte bomba, seier Timur, og trekk på seg ein stikksikker vest.
– Kan du hjelpe meg, mamma?, spør han mens han strevar med borrelåsane.
Vi spør kvifor han må bruke vesten.
– Den hjelper så eg ikkje skal bli skadd eller drepen, forklarer den åtte år gamle guten.
Før krigen, hadde Kherson rundt 300 000 innbyggjarar. No er det berre drøyt 50 000 igjen.
Men trass i farane, vil ikkje familien flykte.
– Det er behov for oss her, seier mora.
– Vi jobbar som frivillige. Vi hjelper folk og vi trengst her, gjentar ho.

– Men er de ikkje redd for bornas sikkerheit?
– Viss vi drar til ein annan plass i Ukraina, som Dnipro eller Odesa, så kan det like gjerne komme angrep der, svarer ho.
– Og vi vil ikkje forlate Ukraina.
Bomba hovudkvarter
Framme ved det tidlegare russiske hovudkvarteret, peikar familien på det som står igjen.
– Våre folk bomba bygningen med Himars-rakettar, seier Netsjevilova.
Ho understrekar at det var ei rekke andre innbyggarar som også hadde tipsa den ukrainske etterretningstenesta om russarane sin aktivitet i bygget. Ifølge ukrainske medier, hadde Kherson fleire aktive partisangrupper under okkupasjonen.
– Vi høyrde eksplosjonane den natta. Deretter såg naboane at fleire lik blei frakta ut av bygget, fortel Netsjevilova.
– Russarane sjølv påstod at ingen russarar blei drepne her, men det stemmer ikkje.
Jaktar på kollaboratørar
Men det var slett ikkje alle som motarbeida russarane. Enkelte av innbyggarane gjorde det motsatte: Dei samarbeida med okkupasjonsstyrken.
Ifølge Det ukrainske justisdepartementet har dei opna rundt 5000 straffesakar mot personar som er mistenkte for å ha samarbeida med russarane.
Etter frigjeringa av Kherson by, har politi og etterretning drive klappjakt på kollaboratørane. Mange av dei flykta i lag med russarane, men ikkje alle.
Også ein av familien Netsjevilov sine naboar blir skulda for å vere kollaboratør. No er gjerdet rundt huset hennar nedtagga med Z-ar, symbolet for dei russiske styrkane.
At kvinna nektar skuld, hjelper lite.
– Ho støtta russarane og sa at ukrainarane aldri ville returnere, fortel Netsjevilova.
– Folk forstår ikkje kvifor ho fortsatt er fri, seier ho, og legg til at ho er sikker på at kvinna fortsatt tipsar dei russiske styrkane.
Fekk diplom frå forsvaret
På veggen heime hos familien Netsjevilov, heng det derimot eit diplom på veggen.
– Det er frå hæren, seier faren i huset, Andrij Netsjevilov, og les opp teksten:
– For vår assistanse med å sende viktig informasjon om russisk personell, kontrollpostar og utstyr.
Iryna begynte også å twitre om russiske overgrep med ein anonym konto.
Telefonen ho brukte, måtte gøymast godt.
– Russarane ransaka heimane til alle dei mistenkte, seier ho, og klatrar opp ein stige til huset sin uferdige andre etasje.


– Kva ville skjedd viss russarane hadde oppdaga deg?
– Dei ville tatt meg til ein av torturkjellarane. Eg veit ikkje om eg ville ha overlevd, seier ho, og legg til at helsa ikkje er den beste.
– Kanskje hjartet mitt ikkje ville ha tålt torturen.
Venter på ukrainsk motoffensiv
Det stadige russiske bombardementet av Kherson by, gjer at det blir mange timar innandørs for familien. Faren for angrep gjer at ingen er lenger ute enn nødvendig.

No set familien si lit til den varsla ukrainske motoffensiven.
– Våre soldatar vil klare det, seier Netsjevilova med eit bestemt nikk.
– Og då vil folk komme tilbake til Kherson. Vi skal bygge opp igjen byen og livet vil bli som vanleg, avsluttar tobarnsmora.
