Peter Frølich:

Til Ukraina for andre gong: – Nokon må gjere det

Stortingsrepresentant Peter Frølich (H) kjører sjølv til Ukraina for å levere livsviktig utstyr til fronten. – Eg seier ikkje at alle skal sette seg bak rattet og reise til Ukraina, men nokon må gjere det.

PÅ REISE I UKRAINA: Her er Peter Christian Frølich i Kyiv. I bakgrunnen ser vi et banner som hyller heltene fra Azovstal. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2
PÅ REISE I UKRAINA: Her er Peter Christian Frølich i Kyiv. I bakgrunnen ser vi et banner som hyller heltene fra Azovstal. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2

Tre ukrainske soldatar trener på å klarere ein trappeoppgang i ein bygning langt aust i landet. Instruktøren sit i trappa og forklarer soldatane korleis dei skal dekke rommet og døråpningane.

I vinduet ligg tre raude roser ved portretta av tre soldatar frå avdelinga, som nyleg vart drepne i Bahkmut og Donbas.

– Måtte dei kvile i fred. Dei var ekte heltar, seier stortingsrepresentant Peter Frølich, til TV 2.

35-åringen frå Norge er på sin andre tur inn i Ukraina med utstyr.

Utstyr han håpar kan minske tapa på ukrainsk side, og auke evna til å slå tilbake det russiske angrepet.

Lang biltur

Frølich og «Fritt Ukraina» har tidlegare vore over grensa til Ukraina, i Lviv, for å levere utstyr.

Denne gangen tar han den lange og strevsomme kjøreturen frå Norge, tvers over Ukraina og nærare fronten.

Det er etter kvart ein smårufsete gjeng som legg tusenvis av kilometer i bil bak seg. Flyalarmen går i eitt sett under turen.

Gruppa frå « Fritt Ukraina» glir rett inn i den uformelle stemninga som er karakteristisk for myriaden av små og store frivillige organisasjoner som koordinerer leveransar fram til den einskilde avdelinga på slagmarka.

Juristen og høgrerepresentanten klarer likevel ikkje å la være å kommentere eigen utsjånad i møte med lokale representantar.

– Eg er lei for at vi ser ut som ein gjeng omstreifarar, seier han, men blir avbrutt av latter.

MØTET: Peter Christian Frølich beklager sin rufsete framtoning. Det blir møtt med godlynt latter i Ukraina Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2
MØTET: Peter Christian Frølich beklager sin rufsete framtoning. Det blir møtt med godlynt latter i Ukraina Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2

– De ser ut som stilige nordmenn!

I lasta har Frølich fem terrengbilar, fleire store aggregat, 5000 sett superundertøy og ikkje minst eit titalls droner.

Små droner som kan brukast til å finne fienden sine posisjonar, men også større.

Dei større dronene blir modifiserte til å kunne sleppe granater over russiske soldatar.

– Dei har meir løftekapasitet, forklarer Sergei Salovativ til TV 2.

– Difor tenker vi å bruke dei til å sleppe bomber. Kanskje treff vi noko bra! Ein tanks eller ei panservogn, så desse treng vi veldig!

Tilbake i Bergen

TV 2 møter Frølich på Bergenhus Festning i heimbyen Bergen, eit par dagar etter returen frå Ukraina. Sjølv om været nesten er like surt som i Ukraina kjenner han på kontrasten til fredelege Norge.

- Kvifor reiser du som er stortingsrepresentant for å levere droner og utstyr?

I KJELLAREN: Flyalarmen går fleire gongar under turen. Ein parkeringskjellar under eit hotell kan lett fungere som lokale for møter med lokale representantar. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2
I KJELLAREN: Flyalarmen går fleire gongar under turen. Ein parkeringskjellar under eit hotell kan lett fungere som lokale for møter med lokale representantar. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2

– Eg trur mykje på eksempelets kraft. Eg seier ikkje at alle skal sette seg bak rattet og reise til Ukraina, men nokon må gjere det.

Frølich har lite til over for dei som tar til orde for forhandlingar med Putin.

Han meiner det er vår plikt til å hjelpe Ukraina så lenge landet treng det, slik at landet sjølv kan kan avslutte krigen på sine premissar.

– Eg blir veldig provosert når eg høyrer folk i vesten skal sitte og gjere seg til dommarar over kva Ukraina skal gjere og ikkje gjere. Dei slåss ein eksistensiell kamp som mot eit tyrrannisk, kriminelt regime.

I BERGEN: Stortingsrepresentant Peter Frølich (H) på Bergenhus festning, vel heime etter nok ei reise til Ukraina Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2
I BERGEN: Stortingsrepresentant Peter Frølich (H) på Bergenhus festning, vel heime etter nok ei reise til Ukraina Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

– Det å komme fra veldig sterke inntrykk og så komme tilbake her ... Det tar litt tid å fordøye.

Det som har gjort sterkst inntrykk på Frølich er møte med dei ukrainske soldatane:

– Vi vet at mange av de vi har truffe no kjem aldri tilbake igjen.

Men dei er ekte heltar som står opp for landet sitt og for framtida si og for demokratiet sitt.

Frølich utelukkar ikkje fleire reiser til Ukraina med utstyr.

– Eg skal i alle fall sørge for at organisasjonen held hjula i gang og leverer utstyr. Mitt engasjement her har berre starta.

Se video: