– Senatet er den mest privilegerte aldersheimen i USA

Det er i alle fall éin ting amerikanarane er samde om.

GAMLE POLITIKARAR: Gjennomsnittsalderen i senatet ligg på 64,3. Det er det eldste i amerikansk historie. Foto: DREW ANGERER
GAMLE POLITIKARAR: Gjennomsnittsalderen i senatet ligg på 64,3. Det er det eldste i amerikansk historie. Foto: DREW ANGERER

– Kva tenkjer du om å stille til attval i 2026?, spør ein reporter frå salen.

– Åja, det, ja …

Så er det stille i over 30 sekund.

Vekker oppsikt

For andre gong på berre nokre veker stoppar senator Mitch McConnell brått opp medan han talar offentleg.

Dette har fått folk til å tvile på om 81-åringen er eigna til å halde fram som minoritetsleiar for senatet i USA.

Hendinga blir brukt som prakteksemplar på at gjennomsnittsalderen i Senatet er for høg.

Mange meiner at politikarar i USA er så gamle at den kognitive evna deira hindrar arbeidet deira.

– Han blei akutt svimmel som følgje av ei hjerneristing han fekk tidlegare i år, ifølgje ein talsperson.

McConnell referer sjølv til legen hans som seier at det er ikkje grunn til bekymring då han har verken hatt slag eller andre anfall.

EIGNA?: Helsepersonell meiner hendinga ikkje reflekterer McConnell si evne til å jobbe i senatet. Foto: KEVIN WURM
EIGNA?: Helsepersonell meiner hendinga ikkje reflekterer McConnell si evne til å jobbe i senatet. Foto: KEVIN WURM

Dagen etter hendinga snakka president Joe Biden med McConnell på telefonen. Han kunne bekrefte at det ikkje var grunn til bekymring.

– Det er ikkje uvanleg å ha ein slik respons som McConnell hadde etter ei hjerneristing. Eg er sikker på han snart vil bli som før igjen, seier ein tydleg optimistisk president Joe Biden.

Biden og McConnell sitt lange og nære samarbeid blir reikna som ei viktig kjelde til politisk stabilitet i Washington, ifølgje NTB.

USA-ekspert Eirik Bergesen har bite seg merke i hendinga.

– Det som er interessant er at det var Joe Biden som gjekk McConnell i forsvar, seier Bergesen til TV 2.

EKSPERT: Fleire politikarar, inkludert Biden og McConnell, ber tydelege preg av alderdom, seier USA-ekspert Bergesen. Foto: Erik Edland / TV 2
EKSPERT: Fleire politikarar, inkludert Biden og McConnell, ber tydelege preg av alderdom, seier USA-ekspert Bergesen. Foto: Erik Edland / TV 2

– Sjølv om McConnell og Biden representerer kvart sitt parti i USA, veit Biden at om han tillèt kritikk mot McConnell for helsetilstanden og den høge alderen hans, kjem denne kritikken raskt i retur til han sjølv, påpeiker Bergesen.

Joe Biden er den eldste presidenten i USA si historie. TV 2 har tidlegare skrive om at Biden sin høge alder har vore eit ankerpunkt til mykje kritikk mot ferdigheitene hans til å klare oppgåvene som president.

54 av dei totalt 100 representantane i senatet er over 65 år gamle. Gjennomsnittsalder blant senatorar i USA låg på 64.3 år i 2021. Det er det eldste i amerikansk historie nokon gong.

ELDST: Joe Biden er den eldste presidenten i USA nokon gong. Her er han fotograftert utanfor St. Edmond's kyrkje i Rehoboth Beach i Delaware, USA den 3. september 2023.
ELDST: Joe Biden er den eldste presidenten i USA nokon gong. Her er han fotograftert utanfor St. Edmond's kyrkje i Rehoboth Beach i Delaware, USA den 3. september 2023. Foto: Reuters / Amanda Andrade-Rhoades.

Viss ein president utviklar demens eller andre alderdomssjukdomar, er der eit grunnlovstillegg som vil avsetjast. Då vil visepresidenten tre inn som president.

Absurd

– Det som er absurd er at der er inga øvre aldersgrense for å sitje i senatet i USA, men der er ei nedre grense, forklarer Bergesen til TV 2.

For å bli president må ein vere minst 35 år. Bergesen forklarer at denne grensa vart sett for at presidentskapen ikkje skulle gå i arv til sønene av presidentar.

– Amerikansk politikk har alltid handla om ansiennitet, altså alder og erfaring, legg USA-eksperten til.

Nikki Haley er presidentkandidat for det republikanske partiet og har vore ein av pådrivarane for å setje ei øvre aldersgrense for presidentar i USA.

– Eg vil berre sei at, akkurat no, er senatet den mest privilegerte aldersheimen i USA. For all del, Mitch McConnell har gjort nokre flotte ting som han fortener honnør for. Men du må skjøne kor tid du skal gå, seier Haley.

SKARP: Presidentkandidat Nikki Haley har vore skarp i utsegna om å skaffe ei øvre aldersgrense for å sikre at kandidatane er eigna. Foto: SAM WOLFE
SKARP: Presidentkandidat Nikki Haley har vore skarp i utsegna om å skaffe ei øvre aldersgrense for å sikre at kandidatane er eigna. Foto: SAM WOLFE

Ho har foreslått at grensa bør ligge på 75 år og at representantar skal gjennomføre ein test som kan måle mental kapasitet. Bergesen forklarer at dette er eit kontroversielt forslag sidan det vil eliminere Donald Trump, som er 77 år gamal, som kandidat, men ikkje ho sjølv.

– Det er også vanskeleg å setje ei slik øvre grense sidan folk aldrast så ulikt, påpeikar Bergesen.

«Kven som helst under 80»

Ifølgje ei undersøkjeing av Reuters/Ipsos er 61prosent av alle amerikanarar noko eller veldig uroa over at medlemmer av kongressen er for gamle til å representere det amerikanske folket.

Den siste tida har emneknaggen #anyoneunder80 florert på X/Twitter og andre sosiale medium. Fleire har også skaffa seg T-skjorter med dette slagordet på for å vise støtte til å inkludere fleire unge i amerikansk politikk.

TILBAKE: Sjølv om spørsmål rundt kor eigna McConnell er til arbeidet hans i senatet, var han tilbake på jobb tysdag morgon. Foto: J. Scott Applewhite
TILBAKE: Sjølv om spørsmål rundt kor eigna McConnell er til arbeidet hans i senatet, var han tilbake på jobb tysdag morgon. Foto: J. Scott Applewhite

Senator Ted Cruz kom 81-åringen i forsvar då McConnell møtte fleier partifellar til lunsj. Cruz sa han ber for Mitch i tida etter hendinga, som har fått mykje merksemd i media.

– Han er sta som eit esel og eg har fullt håp om at han kjem tilbake med full styrke, seier Cruz.