Kjelder: Nær gisselavtale:

Presset aukar mot Netanyahu

Israel, Hamas og USA er nær ved å bli samde om ein avtale om frigjeving av minst 50 gislar i bytte mot fem dagars pause i kampane. – Eg vil berre ha tante tilbake, seier Amit Zach til TV 2.

– FOLKEFIENDE: Fleire TV 2 møter i «Bring Them Home»-marsjen, er sterkt kritiske til statsminister Benjamin Netanyahu. – Regjeringa vår er ein fiende av folket, seier ein av demonstrantane. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Jerusalem (TV 2): Til taktfaste rop, få dei heim, få dei heim, marsjerer demonstrasjonstoget opp bakken mot den israelske nasjonalforsamlinga og kontoret til statsminister Benjamin Netanyahu.

«FÅ DEI HEIM NO!» Med taktfaste slagord krev demonstrantane handling frå styresmaktene. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
«FÅ DEI HEIM NO!» Med taktfaste slagord krev demonstrantane handling frå styresmaktene. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

I tre dagar har hundrevis av pårørande traska frå Tel Aviv til Jerusalem. Her har fleire tusen møtt opp for å vise si støtte.

Hovudkravet er at Netanhyau gjer meir for å få gislane fri.

– Vi vil berre vite kva som skjer, vi får ingen informasjon, seier Amit Zach.

BARBEINT: I sympati med tanta som blei bortført utan sko på beina, har Amit Zach gått barbeint frå Tel Aviv til Jerusalem. – Eg kan kvile når eg vil, men det kan ikkje ho, seier han til TV 2. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

I hendene held han eit bilete av tanta si, Adina Moshe. Ho blei bortført utan sko, briller eller medisinar den 7. oktober, fortel Amit med hås røyst.

Qatar: Svært få hindre til gisselavtale

Søndag kom meldingane om at eit gjennombrot i forhandlingane om gislane kan være rett rundt hjørnet.

Ifølge Qatar sin statsminister, Mohammed Al Thani, er utfordringane som står att for å få på plass ein avtale mellom Israel og Hamas «svært små».

GISSELPLAKATER: Over alt i Tel Aviv heng det plakater av folk som er kidnappa av Hamas. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
GISSELPLAKATER: Over alt i Tel Aviv heng det plakater av folk som er kidnappa av Hamas. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Dei vanskelege punkta i forhandlingane handlar om praktiske og logistiske spørsmål, sa Al Thani på ei felles pressekonferanse med EU sin utanrikssjef Josep Borrell.

I fleire veker har Qatar jobba med å forhandle fram ein avtale som sikrar frigjeving av dei israelske gislane og naudhjelp inn til Gazastripa.

Det skriv The Washington Post.

Skjer dette, vil det i så fall vere den første lengre pausen sidan krigen starta.

STERKE KJENSLER «Gislane først!», står det på denne plakaten. Mange var sterkt prega under marsjen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
STERKE KJENSLER «Gislane først!», står det på denne plakaten. Mange var sterkt prega under marsjen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Utkastet til avtale skal ha blitt sett saman i løpet av veker med samtalar i Qatar.

Ifølge Washington Post skal blant andre representantar for Israel, USA og Hamas – representert ved meklarar frå Qatar – ha delteke i samtalane.

Avisa viser til ein avtale på seks sider, der det heiter at alle partar i konflikten skal stanse kamphandlingar i minst fem dagar.

Det skal i første omgang vere snakk om 50 eller fleire gislar som skal bli frigjevne i puljar kvart døgn.

Dette kan ifølge avisa alt skje i løpet av dei kommande dagane, og i hovudsak dreie om gislar som er kvinner og barn.

Fakta om gislane og krigsfangene på Gazastripa:

Minst 237 sivile og soldatar blir haldne fanga av militante palestinarar på Gazastripa etter at Hamas-soldatar angreip det sørlege Israel 7. oktober. Fem er sett fri. Hamas hevdar at 57 gislar og krigsfangar er drepne israelske luftangrep. Israel har stadfesta at to gislar er drepne.

Kring 50 til 70 gislar skal være omfatta av avtalen som skal være tett på å bli underteikna.

Blir avvist av Israel

Israels statsminister Benjamin Netanyahu avviser likevel at det er semje om ein avtale.

Ifølge den israelske avisa Haaretz er det splid i regjeringa om ein skal gå med på ein avtale eller ikkje.

BALLONG-SLEPP: Som ein del av marsjen blei hundrevis av gule ballongar med «Bring Them Home»-logo på slept fri når demonstrasjonstoget nådde Jerusalem. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
BALLONG-SLEPP: Som ein del av marsjen blei hundrevis av gule ballongar med «Bring Them Home»-logo på slept fri når demonstrasjonstoget nådde Jerusalem. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Også blant den israelske opinionen er det delte meiningar om ein skal forhandle med Hamas eller ikkje.

I demonstrasjonen i Jerusalem er folk likevel samstemte på at meir må gjerast for å få fri gislane.

Abraham Zahavi er ein av dei som meiner Israel straks må inngå våpenkvile og forhandle med Hamas om å få gislar fri.

– Dei vann og vi tapte, og om du taper, kan du ikkje stille krav, meiner Abraham.

43 DAGER: «Gislane lir medan Benjamin Netanyahu og Benny Gantz morar seg», står det på plakaten til Abraham Zahavis. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
43 DAGER: «Gislane lir medan Benjamin Netanyahu og Benny Gantz morar seg», står det på plakaten til Abraham Zahavis. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Men styresmaktene våre vil ikkje det. Regjeringa vår er fiendar av folket, og militæret vil ikkje stanse, fordi dei likar å krige, seier fredsaktivisten.

Krigsfangen

Blant dei bortførte er både sivile og soldatar.

Ein av dei som et tatt som krigsfange er stridsvognkommandant Omer Neutra, som tenestegjorde på grensa til Gaza, 7. oktober.

– LIKT AV ALLE: «Omer er sånn person som blei venn med alle han møtte», fortel Mika. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
– LIKT AV ALLE: «Omer er sånn person som blei venn med alle han møtte», fortel Mika. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Han er den snillaste og mest morosame fyren du kan tenke deg, fortel venen Mika.

Ho held ein plakat av Omer og fortel at ho aldri hadde trudd noko slik kunne skje.

– Dette er verkeleg gode menneske og dei fortener å komme heim, stemmer pappa Guy i.

– Han må heim igjen, og nyte livet som alle andre.

STORT PRESSEOPPBOD: Marsjen har vekt internasjonal interesse, og mykje presse er på plass. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
STORT PRESSEOPPBOD: Marsjen har vekt internasjonal interesse, og mykje presse er på plass. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
VEIT INGENTING: Shelly Shem Tov sakner sønnen sin Shev Tov Omer (21). «Eg anar ikkje kva som skjer med sonen min. Eg veit ikkje om han får mat, eller om han får sjå sola, eller om dei slår han. Eg veit ikkje.», sa ho før ho starta marsjen frå Tel Aviv til Jerusalem. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

GUL STOL: Ei kunstinstallasjon med gule stoler representerar dei 239 gislane. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
GUL STOL: Ei kunstinstallasjon med gule stoler representerar dei 239 gislane. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
HAND I HAND: Fleire tusen demonstranter deltok i marsjen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
HAND I HAND: Fleire tusen demonstranter deltok i marsjen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
TYST: Ei kvinne demonstrerer med plakat, sammenbundne hender og tape for munnen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
TYST: Ei kvinne demonstrerer med plakat, sammenbundne hender og tape for munnen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
STERKE KJENSLAR:
Ei eldre kvinne gret i demonstrasjon for å få Hamas-gissela satt fri Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
STERKE KJENSLAR: Ei eldre kvinne gret i demonstrasjon for å få Hamas-gissela satt fri Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
SAKNA: Karina og Sharon er to av dei 239 gisla. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
SAKNA: Karina og Sharon er to av dei 239 gisla. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
HARDT RAMMET: Initiativtaker til marsjen, Yuval Haran, er sjølv hardt ramma. Både foreldra, systra hans og svogeren er tatt til fange. Det er også to nevøar, onkelen, tanten og fetteren hans. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2