TRUA PÅ LIVET: Russiske soldatar i Kherson trua med å henrette tobarnsfaren Oleksandr. Foto: Aage Aune / TV 2
TRUA PÅ LIVET: Russiske soldatar i Kherson trua med å henrette tobarnsfaren Oleksandr. Foto: Aage Aune / TV 2

Måtte grave si eiga grav

Kherson, Ukraina (TV 2): Under den russiske okkupasjonen av Kherson, blei Oleksandr tatt av russiske soldatar. – Dei sa dei skulle henrette meg, fortel tobarnsfaren. Bakgrunnen var eit bilete på Facebook.

– Oioi, pass opp!

Oleksandr fangar opp sønnen Seva ( 2 1/2) som er i ferd med å springe ut i bilvegen. Familien er ute på ein luftetur i byen Kherson, som nyleg blei frigjort etter over åtte månader under russisk okkupasjon.

UTELEIK: Omsider tør familien å vere så masse ute som dei ønskjer. Seva (2) set sporenstreks fart mot bilvegen. Foto: Aage Aune / TV 2
UTELEIK: Omsider tør familien å vere så masse ute som dei ønskjer. Seva (2) set sporenstreks fart mot bilvegen. Foto: Aage Aune / TV 2

– Korleis var det å leve her under okkupasjonen?

– Det var skremmande, klart det var det, seier Oleksandr. Han ønskjer ikkje å oppgi etternavnet.

Eldstesonen Artjom (13) fortel at dei russiske soldatane var skumle.

– Dei var alltid fulle. Vi visste aldri kva dei kunne finne på, seier 13-åringen.

Trua med henretting

Familien fortel at dei gjorde alt dei kunne for å halde seg unna okkupasjonsstyrkene. Men ein dag kom dei og tok med seg Oleksandr.

– Du er ein snikskyttar, sa dei til meg. Men eg er jo berre ein vanleg fyr, seier han, og slår ut med armane.

Soldatane viste han eit bilete på Facebook der Oleksandr poserte med ammunisjon. Han forsøkte å forklare at det berre var eit tilfeldig bilete frå gamle dagar, som ikkje betydde noko som helst.

– Men dei gav meg ein spade og sa eg måtte grave eit hòl, fortel han.

TRUA: Oleksandr skjønte ingenting då dei russiske soldatane påstod at han var snikskyttar. Foto: Aage Aune / TV 2
TRUA: Oleksandr skjønte ingenting då dei russiske soldatane påstod at han var snikskyttar. Foto: Aage Aune / TV 2

Med våpen retta mot hovudet, hadde han ikkje noko anna val enn å begynne å grave si eiga grav.

– Eg sa til soldaten med våpenet at eg har to barn. Han svarte: Eg skal henrette deg.

Men etter ei stund, slapp Oleksandr likevel fri.

Torturkammer i nabohuset

Seinare laga dei russiske styrkene eit torturkammer i nabohuset til familien, i det som var eit gammalt varetektsfengsel.

– Det kom dei mest grusomme skrik derfrå. Du kan ikkje eingang forestille deg det, seier Oleksandr.

– Det skjedde akkurat her, seier han og peikar mot jerndøra med piggtråd over.

TORTURFENGSEL: Før invasjonen var dette eit varetektsfengsel i Kherson. Russiske styrker brukte det for å fengsle og torturere innbyggarane i byen. Foto: Aage Aune / TV 2
TORTURFENGSEL: Før invasjonen var dette eit varetektsfengsel i Kherson. Russiske styrker brukte det for å fengsle og torturere innbyggarane i byen. Foto: Aage Aune / TV 2

Kona Angela seier ho blei sjokkert.

– Dei tok kvinner, menn, til og med gamle menn. Eg forstår det berre ikkje, seier ho og ristar på hovudet.

Smerteskrika var så høge at dei også nådde inn til borna.

– Der var skot også. Men ikkje så mange skot som skrik. Skrika var så høge, seier 13-åringen.

– Kasta lik i søppelbilen

Foreldrene såg med eigne auge at langt frå alle kom ut derfrå i live.

– Dei som ikkje overlevde torturen, blei lagt i søppelsekkar og kasta i søppelbilen. Vi såg det frå balkongen. Kan du tenke deg?

VITNE: Familien kunne sjå fangar bli frakta inn, og døde bli lempa ut. Foto: Aage Aune / TV 2
VITNE: Familien kunne sjå fangar bli frakta inn, og døde bli lempa ut. Foto: Aage Aune / TV 2

Så langt er over 60 døde funne med spor av tortur, ifølge ukrainske styremakter. Berre i løpet av dei første dagane etter frigjeringa, oppretta påtalemakta over 400 saker om krigsbrotsverk, opplyser president Volodymyr Zelenskyj.

Konstant kan ein høyre drønn frå utgåande artilleri. Det går berre nokre minutt mellom kvar gong dei ukrainske styrkene skyt mot dei russiske posisjonen på den andre sida av elva Dnipro.

Dette minner familien på at dei russiske styrkene ikkje står så veldig langt unna. Frykta er at russerane skal starte eit omfattande bombardement av Kherson. Difor skvatt familien til då det var eit angrep mot regionen tidlegare på dagen.

FRYKTAR STORANGREP: Artjom (13) passar godt på lillebroren. Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2
FRYKTAR STORANGREP: Artjom (13) passar godt på lillebroren. Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2

– I dag var det skummelt då det kom angrep frå den andre sida av elva, og raketten kvinte over hovuda våre. Det var veldig skremmande, gjentar Artjom.

Det drønnar igjen, endå høgare.

– Kva synest de?, spør faren.

– Er dette skremmande eller ikkje?

Artjom (13): – Ingen som skyt folk lenger

Men dei understrekar at lettelsen uansett er enorm over at okkupantane no er vekke.

– No er det mykje betre enn under russerane. I det minste er det ingen som skyt folk lenger, seier 13-åringen.

Den største bekymringa no, er mangelen på elektrisitet. Dei russiske styrkene gjorde sitt ytterste for å øydelegge alt av kritisk infrastruktur då dei trekte seg ut.

OPTIMIST: Trass alle utfordringane, er det ikkje aktuelt for Angela og familien å flytte. Foto: Aage Aune / TV 2
OPTIMIST: Trass alle utfordringane, er det ikkje aktuelt for Angela og familien å flytte. Foto: Aage Aune / TV 2

– Men det skal gå bra, vi skal klare oss, seier Angela og nikkar.

– I morgon flyttar vi til eit hus med vedovn, smiler ho.

Artjom synest mest synd på lillebroren som går glipp av barne-tv.

– Det er ikkje så vanleg å vere uten straum. Du forstår, eit lite born vil jo berre sjå på tegnefilm, men det kan han ikkje gjere no, forklarer 13-åringen.