Kroppsspråkekspert meiner desse detaljane avslører kva dei eigentleg føler

19 personar er tiltalt i valfusk-saka. Slik tolker ekspertane dei uvanlege arrestasjonsbileta.

MUGSHOT: Dei 19 arrestasjonsbileta i valfusksaken får mykje merksemd i meida Foto: Fulton County Sheriff's Office
MUGSHOT: Dei 19 arrestasjonsbileta i valfusksaken får mykje merksemd i meida Foto: Fulton County Sheriff's Office

Mugshotta, eller arrestasjonsbileta på norsk, av Trump og dei andre tiltalte har allereie blitt ikoniske.

– Éin fyr ser ut til at han mista all livsgnisten, éin person ser forvirra ut, og så er det dei som har prøvd å smile litt, seier USA-ekspert Sofie Høgestøl i podcasten, Det Store Bildet.

Kan ein tolke noko meir ut frå bileta? TV 2 har bede kroppsspråkekspert Vidar Hansen analysere bileta.

ANALYSE: Kroppsspråkekspert Vidar Hansen har analysert arrestasjonsbileta. Foto: Svein Finneide
ANALYSE: Kroppsspråkekspert Vidar Hansen har analysert arrestasjonsbileta. Foto: Svein Finneide

– På desse arrestasjonsbileta ser vi mykje frustrasjon, negative tankar og kjensler. Det utspeglar seg i leppene. Enten at dei er smale og stramme, eller at den eine munnvika trekker ut til sida.

Ansikt som skjuler kjensler

Bileta er teke i høve tiltalen mot tidlegare president i USA og 18 andre om valfusk i delstaten Georgia.

Kroppsspråkekspertar meiner at trass smil og sjølvsikre blikk lurer det seg negative kjensler.

– Når du ser på dei som smiler på desse bileta, ser du det er falske smil, seier Hansen til TV 2.

– Vi ser også mykje negativitet rundt augebryna. På fleire av bileta trekk augebryna inn og ned mot naserota. Dette er eit svært sikkert teikn på enten aggresjon, stress eller negative kjensler.

USA-ekspert Eirik Bergesen må le litt når han ser gjennom alle arrestasjonsbileta.

Det er fyrst og fremst fire av bileta som fangar merksemda hans: Sidney Powell, Mark Meadows, Rudy Giuliani og, sjølvsagt, Donald Trump.

SIDNEY POWELL er advokaten til Trump og er, ifølgje Bergesen, den som har gått lengst i forsvaret til Trump. Foto: Fulton County Sheriff's Office
SIDNEY POWELL er advokaten til Trump og er, ifølgje Bergesen, den som har gått lengst i forsvaret til Trump. Foto: Fulton County Sheriff's Office
MARK MEADOWS er Trump sin næraste rådgjevar og er kronvitne, eller hovudvitne, i denne saka. Han kan difor bli svært vitkig gjennom rettsakene. Foto: FULTON COUNTY SHERIFF'S OFFICE
MARK MEADOWS er Trump sin næraste rådgjevar og er kronvitne, eller hovudvitne, i denne saka. Han kan difor bli svært vitkig gjennom rettsakene. Foto: FULTON COUNTY SHERIFF'S OFFICE
RUDY GIULIANI er Trump sin personlege advokat. Foto: FULTON COUNTY SHERIFF'S OFFICE
RUDY GIULIANI er Trump sin personlege advokat. Foto: FULTON COUNTY SHERIFF'S OFFICE
DONALD TRUMP Foto: Fulton County Sheriff's Office
DONALD TRUMP Foto: Fulton County Sheriff's Office

– Det er interessant å sjå på ansiktsuttrykka til den enkelte i valfusk-saka fordi det er nok at éin av dei vitnar mot Trump.

Kven av desse 18 ser ut til at dei ynskjer å vitne mot Trump?

Trump sin rådgjevar, Mark Meadows, smiler litt beskjedent på bilete. Samstundes ser han litt nervøs ut.

– Det er ikkje utan grunn. Han er kronvitne, altså hovudvitne, i denne saka. Viss det er éin person som kan avgjere dette så er det han, sier Bergesen.

I tillegg dreg eksperten fram at det er kontroversielt at Sidney Powell nær har pynta seg med styla hår og frisk leppestift før arrestasjonsbiletet skulle bli teke.

– Ho er også den som har gått lengst i forsvaret til Trump. Nesten på nippet til absurd støtte, legg USA-eksperten til.

– Ein alfahann

Kroppsspråkeksperten forklarer at det er vanskeleg å tolke kva Trump vil formilde med arrestasjonsbiletet fordi det er ein innøvd og konstruert situasjon.

– Trump uttrykk at han er hemnlysten, bitter og sint. Han ser rett inn i kamera med stivt blikk, har smale lepper, samantrykte augebryn og nedsokne augelok. Auga hans ser raudsprengde ut. Dette er blant anna forbunde med lite søvn, seier Hansen.

Bergesen meiner Trump brukar høvet til å vise makt og «vere alfahann».

MAKTSPEL: Eirik Bergesen meiner Trump utnyttar sitasjonen til å vise musklar. Foto: Erik Edland / TV 2
MAKTSPEL: Eirik Bergesen meiner Trump utnyttar sitasjonen til å vise musklar. Foto: Erik Edland / TV 2

– For dei fleste er det ikkje akkurat eit heidersteikn å bli tiltalt som kriminell eller å gå gjennom fire rettssaker i ein valkamp. Heller tvert i mot. Men, Trump har fått sjølv dette til å bli ein positiv ting for han.

Kort tid etter at arrestasjonsbiletet var publisert, vekte Trump liv i X-kontoen sin. Den har stått ubrukt i 2 år, men fredag brukte han høve til å lansere biletekampanjen sin.

– Slagordet er «NEVER SURRENDER!», eller ikkje overgje deg på norsk. Det er jo ironisk når bilete som føl med er hans eige arrestasjonsbilete.

«Trump-journalist» Maggie Haberman sa i eit intervju til Huffington Post at sjølv om Trump har snudd dette til noko positivt for seg sjølv, betyr det ikkje at han likar noko av dette.

– Han står trass alt overfor ei streng fengselsstraff, sier ho.

Innrømmer ubehageleg kjensle

Det er ikkje mykje vi har fått sett av korleis dette har påverka Trump negativt med unntak av ei enkel utsegn til FOX News førre veke.

«Det er ei ubehageleg kjensle, spesielt når ein ikkje har gjort noko gale», sa den tidlegare presidenten.

I USA er det vanleg at alle tiltalte i kriminelle saker blir teke eit såkalla «mugshot» av. Difor skulle verken Trump eller nokon andre sleppe unna dette i Georgia.

Alle dei 19 avbilda er tiltalt for forsøk på å undergrave valresultatet i 2020 i delstaten Georgia. Torsdag kveld amerikansk tid vart Trump arrestert. Kort tid etter blei han kausjonert ut for om lag to millionar norske kroner.