Krigen i Ukraina:

– Kjempar med gammalt sovjetisk skrot

Mens soldatane ved fronten i Ukraina ventar på at dei nye våpena frå Vesten skal komme fram, så held dei stand med gammalt materiell frå sovjettida.

DONETSK: TV 2 var med Ukrainas 59. brigade ut på jordene i Donbas. I bakgrunnen BM-21 «Grad» rakettkastar. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2
DONETSK: TV 2 var med Ukrainas 59. brigade ut på jordene i Donbas. I bakgrunnen BM-21 «Grad» rakettkastar. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

    – Gi dei jævlane inn, på min kommando!

    Ordren blir ropt ut ved fronten i Donetsk. Artilleristane her har trilla fram sin gamle BM-21 «Grad» rakettkastar, eit system som blei utvikla tidleg på 60-talet.

– Det hadde vore fint med meir moderne våpen, seier løytnant «Dnister» til TV 2.

Så ropar han ut kommandoen:

GIR ORDREN: Når målet er sikta inn, gjeld det å handle raskt. Løytnant Roman i midten. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2
GIR ORDREN: Når målet er sikta inn, gjeld det å handle raskt. Løytnant Roman i midten. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

– Klar. Skyt og iverksett!

Raketten hyler av garde mot målet – eit hus der russisk infanteri blir gøymd, ifølge løytnanten.

– Kor ofte pleier de å treffe?

– Ganske ofte, svarer han kjapt, men legg til at dei ville blitt endå meir effektive med moderne våpen. Han fortel også at dei slit med å skaffe ammunisjon til dei gamle våpena frå sovjettida.

Opnar om offensiv

Grad´en skrensar tilbake mot skjulestaden i skogen. Gjørma sprutar etter kvart som den vinglar seg framover. Gjørmesesongen i Ukraina er berykta for å skape store problem for framkomsten.

– Du kjem ikkje langt i denne gjørma. Vi har få val sidan vi ikkje kan køyre på markene, seier Vadim frå førarhuset.

GJØRMEHOL: Kommandør Vadim i førerhuset på BM-21 «Grad». Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2
GJØRMEHOL: Kommandør Vadim i førerhuset på BM-21 «Grad». Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

– Difor må halde oss mest mogleg på asfaltvegane. Det begrensar oss.

Den mykje omtalte våroffensiven lar vente på seg. Ukraina held naturleg nok all informasjon om offensiven strengt hemmeleg.

Løytnanten fortel at dei desinformerer russarane slik at dei ikkje skal få vite verken tidspunkt eller retning for offensiven.

– På den måten kan vi bryte gjennom fiendens forsvar, seier han.

Samtidig innrømmer han at det vil bli vanskeleg med ein storstilt offensiv før bakken har tørka meir opp.

– Stridsvogner og pansra personellkøyretøy vil sette seg fast i denne gjørma. Det blir ikkje særleg aktuelt med ein offensiv i dette vêret, seier løytnanten.

TVILER: Løytnant Dnister seier forholda på bakken gjer ein offensiv svært vanskeleg no. Foto: Simen Askjer  / TV 2
TVILER: Løytnant Dnister seier forholda på bakken gjer ein offensiv svært vanskeleg no. Foto: Simen Askjer / TV 2

Når motoffensiven ein gang startar, vil spydspissen bli ukrainske soldatar som er trent i Vesten og som har moderne materiell. Men enn så lenge må 59. brigade halde stand ved fronten med sitt gamle utstyr.

Skjulestaden

TV 2 blir tatt med til ein hemmeleg stad eit lite stykke frå fronten. Her har ukrainarane sett opp ein verkstad.

SKJULT: Evakueringskøyretøyet med navnet «Viking» ligg skjult og venter på oppdrag. Foto: Simen Askjer  / TV 2
SKJULT: Evakueringskøyretøyet med navnet «Viking» ligg skjult og venter på oppdrag. Foto: Simen Askjer / TV 2

– Vi krigar med gammalt sovjetisk skrot, seier løytnant Dmytro.

Han leiar verkstaden og overser arbeidet med å lappe saman utstyret som blir øydelagt på slagmarka.

Nokre mekanikarar sit i djup konsentrasjon for å blåse liv i ein motordel til ein av stridsvognene.

– Denne motordelen, som dei monterar, kjem frå den største bidragsytaren av sovjetisk utstyr til den ukrainske hæren. Nemleg Russland, seier Dmytro med eit megetsigande nikk.

Han peikar bort på ei T-72B3-stridsvogn.

«TROFÉ-TANKS»: Løytnant Dmytro viser fram ei av stridsvognene som pleidde å tilhøyre Russland. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2
«TROFÉ-TANKS»: Løytnant Dmytro viser fram ei av stridsvognene som pleidde å tilhøyre Russland. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

– Og det er ein av våre mange trofé-tanks, forklarer han.

– Den tok vi frå russarane på slagmarka, seier han, og legg til at dei har fiksa den opp slik at den er klar til bruk.

– No skal den køyrast ut, ladast, og så skyte helsingar over til den andre sida.

Helsingar på ammunisjonen

Han viser fram nokre bilete av ulike typar ammunisjon der både soldatar og sivile har skrive på «helsingar» til russarane:

– For tapet av vårt Donetsk, lyder den eine beskjeden.

– Hevnen er søt.

Men det er ein person dei ikkje tar seg bryet med å sende helsing til.

– President Putin, seier løytnanten.

– Kvifor skal vi sende beskjed til han? Han sit berre i ein bunker og sender slavane sine til slagmarka, seier Dmytro med forakt i stemma.

– Min einaste beskjed til Putin er at hans folk ikkje vil klare seg her. Dei vil gå til bunns, akkurat som russiske krigsskip, seier Dmytro, og viser til Ukrainas senking av det russiske flaggskipet Moskva for eitt år sidan.

Venter på Leopard

Dmytro viser vidare rundt på verkstaden. Han forklarer at dei forsøker å reparere alt dei får inn, for enn så lenge har dei ingen alternativ. Samtidig drøymer dei om å få stridsvogner som Vesten har donert.

– Vi får ofte spørsmål om vi har Leopard-tanks, seier han.

– Og då pleier vi å svare ja! Løytnanten ler godt og viser vegen fram til ei grop.

– Sjå her, dette er Leopold. Dette er T-62, ein 70 år gammel bestefar som me tok frå russerane, seier han.

LEOPOLD: Den 70 år gamle tanksen som løytnant Dmytro kallar «Leopold». Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2
LEOPOLD: Den 70 år gamle tanksen som løytnant Dmytro kallar «Leopold». Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

– Medan vi ventar på våre vestlege partnerar for å få ekte Leopardar, så brukar vi denne leoparden, som vi kallar Leopold, smiler han mens han ristar litt på hovudet.

Han understrekar at dei alle har stor tru på den varsla motoffensiven.

– Vi ser fram til å sjå kva resultatet blir, seier løytnanten.

SOVJETISK SKRAP: - Det er gammalt, men det fungerer til å halde forsvarslinja, seier løytnanten om det sovjetiske utstyret. Foto: Simen Askjer  / TV 2
SOVJETISK SKRAP: - Det er gammalt, men det fungerer til å halde forsvarslinja, seier løytnanten om det sovjetiske utstyret. Foto: Simen Askjer / TV 2

– Og tusen takk til Norge og andre land som har donert moderne materiell til oss. Utan dykk, hadde vi ikkje klart oss lenge.

– 100 prosent klar

Pressetalsmannen til 59. brigade, major «Andre», seier at situasjonen langs fronten er svært vanskeleg. Særleg i Bakhmut, men også fleire andre stader.

– Men vi har ikkje noko anna val enn å bli verande å kjempe mot russarane. Vi kan ikkje la dei få komme til våre byar for å voldta kvinnene våre og drepe borna våre, understreker han.

PRESSETALSMANN: Major «Andre» seier at situasjonen er tung for dei. Foto: Simen Askjer  / TV 2
PRESSETALSMANN: Major «Andre» seier at situasjonen er tung for dei. Foto: Simen Askjer / TV 2

– Kor forberedt er de på den kommande offensiven?

– 100 prosent. Vi er klare for å gi 100 prosent. Vi er ikkje bare forberedt, men vi forstår også at det er heilt nødvendig, poengterer han.

PÅ JOBB: TV 2 sitt team i Donetsk. Foto: Mike Mawhinney / TV 2
PÅ JOBB: TV 2 sitt team i Donetsk. Foto: Mike Mawhinney / TV 2