Jaktar med drone — så blir skjermen svart
NÆR BAKHMUT, UKRAINA (TV 2): Så langt i krigen har Ukraina vore heilt avhengig av leveransar av utanlandske dronar. Men ting er i ferd med å snu.
Den lave septembersola gjer det vanskeleg å sjå dronen som er i ferd med å lande på jordet nokre kilometer frå frontlinja ved Bakhmut.
Buklandinga virvlar opp brunt støv, og den blygrå kroppen blir raskt frakta i skjul under bladverket i trelinja som omkransar jordet.
Storken er tilbake etter eit oppdrag bak russiske linjer.

Den ukrainskproduserte dronen med fuglenamnet har ei rekkevidd på heile 50 kilometer.
Med himmelgrå buk, og vengespenn på 1.98 meter, er den nesten umogleg å få auge på ein kilometer over bakken.
Jobben er å identifisere russiske mål som umiddelbart blir mata til ukrainske artilleri- og rakettsystem.
Ung mann, lang krigserfaring
Med rutinerte hender ristar Kuzja jordklumpar ut frå det roterande kameraet i fronten av dronen.
Han har alt ni år bak seg i den ukrainske hæren. Då Russland invaderte Krim-halvøya i 2014 bestemte han seg for å verve seg.
Dette er det livet han kjenner.
— No er det altfor seint å gå tilbake til skulebenken, seier Kuzja og trekk litt på skuldrene.
Men tida er knapp, langs fronten rasar kampane, og dronen må klargjerast for eit nytt oppdrag bak fiendelinjene.
Batteriet blir skifta, og systema starta på nytt. Saman med medoperatør Dremuchi går Kuzja gjennom startprosedyren.
Kamera, flaps og propellar blir nøye sjekka før takeoff.
— Alt klart?
— Alt klart!
Det trengst inga rullebane for å få dronen på vengene.
Ein kraftig gummistrikk fungerer som katapult, og storken løftar seg igjen mot den blå himmelen.
Mista kameratar
Høgt oppe, frå 1000 meters høgd, sender dronen videobilete tilbake til dei to operatørane.
Storken svever over gule enger, med solsikker som skulle vore hausta for lenge sidan.
Den flyg inn over marknaden i Kostjantynivka, der 16 menneske vart drepne av eit russisk missil for få dagar sidan.
Røykskyer frå ferske nedslag ligg som ulldottar utover landskapet.

Så flyr storken inn over frontlinja nordvest for Bakhmut og skjermen til Dremuchi blir svart.
Dei russiske anti-dronesystema har låst signalet frå storken.
— Det skjer av og til, forklarar Kuzja.
For krigen i Ukraina er også ein teknologisk kamp.
Den auka bruken av dronar, både til overvaking og angrep, har ført til eit kappløp for å utvikle nye, avanserte dronar, og system for å blokkere fienden sin kapasitet.

Dronejegerane er livsfarlege for fienden.
Difor er dei også sjølv mål for russiske dronar.
Kuzja er godt klar over risikoen. Han fortel, litt motvillig, om den natta alt gjekk gale.
I ly av nattemørket hadde dronegruppa akkurat rigga opp utstyret.

Men i lufta over dei hadde ein russisk drone, utstyrt med nattoptikk, alt sendt bilda tilbake til rakettbatteriet.
Då rakettane plutseleg hagla ned over dei, var det inga tid til å reagere.
Ein ukrainsk soldat vart drepen, og to skadde i angrepet, men Kuzja forsikrar at han ikkje er uroleg.
Dronar donert frå vestlege land, og auka ukrainsk droneproduksjon, har gjort at Ukraina no truleg har eit lite overtak i dronekrigen.
— Dei ser oss av og til, men vi oppdagar dei langt oftare, fortel Kuzja.
Den vesle forskjellen kan vere viktig.
No, i midten av september, strevar Ukraina med å få til eit avgjerande gjennombrot i dei russiske linjene.
Både her i aust, og ved fronten i sør rasar harde kampar.
Var hotellstyrar — blei dronejeger
Vel gjennom fronten, og langt inn over russisk-okkupert Donetsk forsvinn GPS-blokkeringa, og skjermen lyser igjen opp.
Utstyret for elektronisk krigføring har avgrensa rekkevidd, og er oftast plassert tett på frontlinja.

Når storken identifiserer ein russisk installasjon for elektronisk krigføring, skjer ting raskt; droneoperatøren sender ei lenke med videostraumen til eit kommandosenter, som igjen gjev ordre om å skyte mot målet.
Utan forvarsel, og skjult bak ei trelinje, brøler plutseleg fleire missil opp mot himmelen. Eit mål har blitt identifisert.
Dei første blada på trea har fått haustfarge. Om få veker vil skjulestaden for dronejegerane vere synleg gjennom lauvverket.
— Då har vi andre stader vi kan bruke, fortel Kuzja og legg til; dessutan er det lettare å sjå fienden om vinteren.
Lavmælte Dremuchi stryk det svarte fippskjegget og festar blikket på skjerma.
Før den russiske invasjonen levde han eit fredeleg liv som hotellstyrar.
På brystet har Dremuchi festa eit merke med ein daudingskalle på.
Over hjartet heng ein kniv, med eit sirleg ornament gravert inn i skjeftet. Den lange slira når nesten heilt ned til laptopen.
Trass i den risikable jobben han no har, lengtar han ikkje tilbake til sin tidlegare arbeidsplass, og syns jobben som dronejeger er betre.
— Dette er meir moro.