ALPANE: Persbreen spring ut frå fjellet Piz Palü i Sveits. Høge temperaturar har ført til stor smelting i sommar. Også Morteratschbreen, som ligg like ved, har trekt seg kraftig tilbake i sommar. Foto: Arnd Wiegmann / Reuters / NTB

Isbrear i Alpane smeltar rekordraskt

Hetebølga i Europa påverkar også breane.

Denne sommaren har det vore svært høge temperaturar i Europa. I fleire land har temperaturen gått over 40 gradar.

Storbritannia har sett ny varmerekord, så mange som 1500 har mista livet som følge av dei høge temperaturane i Spania og Portugal, og brannar har ført til store skadar fleire stader.

Smeltar raskt

Heller ikkje isbreane i Alpane blir skåna frå dei høge temperaturane, ifølge Reuters.

Ifølge data som nyheitsbyrået har fått tilgang til, er 2022 på veg til å bli året med høgast bresmelting i Alpane sidan målingane starta for 60 år sidan.

Smeltevatn renn nedover Persbreen i Sveits. Foto: Arnd Wiegmann / Reuters / NTB
Smeltevatn renn nedover Persbreen i Sveits. Foto: Arnd Wiegmann / Reuters / NTB
Smeltevatn renn ned i ein sprekk i Persbreen i Sveits. Foto: Arnd Wiegmann / Reuters / NTB
Smeltevatn renn ned i ein sprekk i Persbreen i Sveits. Foto: Arnd Wiegmann / Reuters / NTB

Dette blir målt av forskarar som samanliknar kor mykje snø som kjem kvar vinter og kor mykje som smeltar på sommaren.

Mellom anna har Morteratschbreen, som ligg i nærleiken av Persbreen på grensa mellom Italia og Sveits, allereie gått tilbake meir denne sommaren enn den brukar på ein vanleg sommarsesong.

Silvrettabreen, som ligg nær den sveitsiske grensa til Østerrike, har aldri gått meir tilbake på eitt år sidan målingane her begynte i 1915.

Venta å minke kraftig

På grunn av klimaendringer er isbreane i Alpane venta å bli redusert om lag 80 prosent fram til 2100. Mange av breane vil forsvinne uavhengig av kva tiltak som blir sett inn, ifølge ein rapport frå FNs klimapanel.

No blir det spekulert i om tilbakegangen kan gå raskare enn forventa.

– Vi har modellar som viser at bildet som er forventa om nokre tiår, skjer no, seer Matthias Huss, som er sjef for GLAMOS, som følgjer med på isbreane i Sveits.