Advarsel: Sterke bilete

Her rammar missilet nordmennene

Angrepet mot dei norske frivillige i Ukraina 2. februar, blei filma frå to vinklar. Dei overlevande meinar videoane avslører russarane.

ANGREPET: To personar blei drepne i dette angrepet. To norske frivillige blei skadde. Foto: Erko Laidinen/frontlinemedics.org
ANGREPET: To personar blei drepne i dette angrepet. To norske frivillige blei skadde. Foto: Erko Laidinen/frontlinemedics.org

2. februar i Bakhmut ved austfronten i Ukraina. Frivillige frå organisasjonen Frontline Medics er blant dei som rykker ut når ei kvinne blir skadd i eit russisk angrep.

Dashbordkameraet deira skal snart fange eit ekstremt drama.

I denne bilen sit Simon Johnsen og Sander Sørsveen Trelvik frå Norge, saman med sin estiske kollega Erko Laidinen. Dei kjem fram til staden på samme tid som ei gruppe amerikanske frivillige.

Johnsen og Trelvik hoppar ut av bilen og spring bort til pasienten. Ingen anar at fienden har dei i sikte. Vi advarer mot sterke inntrykk.

– Eg huskar at då eg vakna opp, så klarte eg ikkje å bevege beina, fortel Johnsen.

– Eg var livredd for at dei var amputerte eller hadde så store skadar at eg ikkje skulle klare å komme meg vekk derfrå.

HEIME: Tilbake i Norge, ser Simon Johnsen tilbake på dramaet i Ukraina. Foto: Kristian Haug Hansen / TV 2
HEIME: Tilbake i Norge, ser Simon Johnsen tilbake på dramaet i Ukraina. Foto: Kristian Haug Hansen / TV 2

Dobbeltangrep

For Johnsen tenkte med ein gong at dette var eit såkalla dobbeltangrep frå dei russiske styrkane. Under dobbeltangrep skyt fienden først mot sivile, for deretter å ramme dei som kjem til for å hjelpe.

– Eg var sikker på at det ville komme endå fleire angrep så vi måtte komme oss vekk så raskt som mogleg, seier Johnsen.

Han skulle få rett.

På videoen høyrer vi rop frå Trelvik, som er kraftig forbrent og har store splintskadar.

SKADD: Sander Sørsveen Trelvik fekk store skader i angrepet. Foto: Oleksandr Teychynskyi / TV 2
SKADD: Sander Sørsveen Trelvik fekk store skader i angrepet. Foto: Oleksandr Teychynskyi / TV 2

– Eg skreik for å overbevise meg sjølv om at eg var i live, fortel Trelvik frå Ullevål sjukehus, der han ligg i isolasjon.

To blei drepne

Etter angrepet, ser dei at både pasienten og den amerikanske medicen Pete Reed er drepne.

– Det er sjølvsagt det verste, at to personar mista livet. Det er veldig vanskeleg å sette ord på det. Det vil vere med meg for alltid, seier Johnsen.

På bileta av angrepet, ser vi at Johnsen og Trelvik står like ved dei som mista livet.

– Det kunne like gjerne ha vore oss. Det er spesielt å tenke på. Vi hadde englevakt.

Så snart dei får summa seg, klarer dei to nordmennene å komme seg på beina og søker dekning, noko som blei fanga på kamera av Wall Street Journal.

På same tid viser dashbordkamera-videoen at andre frivillige flyktar i ein bil. 17 sekund etter at bilen har køyrt, skjer dette:

– Beviser at vi var målet

Johnsen og Trelvik fortel at dei først trudde dei var ramma av russisk artilleriangrep.

– Det ville uskyldiggjort det litt for då ville det ha vore litt meir tilfeldig kor det trefte, men heile hendinga blei jo fanga på kamera, seier Trelvik frå sjukesenga.

For deira kollega Erko Laidinen, som venta i bilen, filma det første angrepet med mobilen. Kameraet blei blåst over ende i eksplosjonen, men her er videoen også i sakte film:

Frontline Medics fortel til TV 2 at dei har fått videoane analysert av våpenekspertar. Ekspertane er sikre på at missila som blei brukt, er moderne, laserstyrte panservernmissil.

SAMANLIKNING: Biletet til venstre er frå angrepet mot medicane. Biletet til høgre er av panservernmissilet Kornet. Foto: frontlinemedics.org (t.v.) og Det russiske forsvarsdepartementet/Scanpix (t.h.)
SAMANLIKNING: Biletet til venstre er frå angrepet mot medicane. Biletet til høgre er av panservernmissilet Kornet. Foto: frontlinemedics.org (t.v.) og Det russiske forsvarsdepartementet/Scanpix (t.h.)

Biletet til høgre er av russiske Kornet. Biletet blei publisert av det russiske forsvarsdepartementet i fjor, som opplyste at det var tatt i Ukraina.

Også Palle Ydstebø, sjefen for seksjon for landmakt ved krigsskulen, har studert bileta.

Oberstløytnant Palle Ydstebø. Foto: Sigve Bremer Mejdal / TV 2
Oberstløytnant Palle Ydstebø. Foto: Sigve Bremer Mejdal / TV 2

– Kva slags våpen er det snakk om?

– Dette er eit standard styrt panserbekjempelsesmissil. Du har eit kraftig kikkertsikte som du brukar for å identifisere målet. Du styrer ved hjelp av laser, du følger målet og du treff der du peikar, forklarer oberstløytnanten.

Hyppige angrep mot helsesektoren

Dei overlevande har ein klar konklusjon:

– Det betyr at dei visste nøyaktig kor dei skaut og kven dei skaut på, og at dei har hatt oss direkte i sikte, seier Trelvik.

Han og Johnsen understrekar at alle på staden var uvæpna, og at det heller ikkje var militære mål i nærleiken.

MISSIL: Videoane viser at to slike missil blei skutt mot dei frivillige. Foto: frontlinemedics.org
MISSIL: Videoane viser at to slike missil blei skutt mot dei frivillige. Foto: frontlinemedics.org

Gjennom heile krigen, har Russland fått kraftig kritikk for omfattande angrep mot helsesektoren. Over 1200 institusjonar er skadde, ifølge Ukrainas helsedepartement.

– Det er jo brot på krigens folkerett og på distinksjonsprinsippet om at du skal skilje mellom sivile og militære mål. Og det har vore eit problem i denne krigen frå første veka, seier Ydstebø.

Overlevande: – Klart krigsbrotsverk

Ydstebø seier det er vanskeleg å slå fast om angrepet mot dei frivillige var eit krigsbrotsverk, men dei overlevande er sikre i si sak.

– Dette var eit soleklar krigsbrotsverk som blei fanga på kamera, seier Trelvik, og får støtte av Johnsen.

– Russarane går bevisst inn for å ta ut hjelpepersonell ved å bombe både sivile, medicer og ambulansar.

Enkelte av dei frivillige på staden brukte militærliknande kle. Og i krigsområda brukar ofte ukrainske soldatar sivile bilar for å frakte personell og utstyr.

– Kan russarane ha trudd at de var soldatar?

– Det var sivilkledde på staden. Det var sivile bilar. Bilen vår var merka som ambulanse. Det var veldig tydeleg å sjå at dette ikkje var ei væpna soldatstyrke, seier Johnsen.

SKADD: Johnsen har mista hørselen på høgre øyret og har skader på hornhinna. – Men prognosene er gode, seier han. Foto: Oleksandr Teychynskyi / TV 2
SKADD: Johnsen har mista hørselen på høgre øyret og har skader på hornhinna. – Men prognosene er gode, seier han. Foto: Oleksandr Teychynskyi / TV 2

– Dette var eit feigt angrep. Det viser at dei ikkje bryr seg om kven dei bombar.

Vil tilbake til Ukraina

Trass risikoen, ønskjer Johnsen å dra ned igjen så snart helsa tillét det.

– Det er kjempestort behov for hjelp der nede. Eg har framleis høve til å hjelpe. Eg var heldig, og eg tar med lærdommen ned igjen, seier Johnsen, før han avsluttar:

– Eg veit at han som gjekk bort, hadde ønska at vi skulle fortsette å gjere denne jobben.