Norske Sander (21) er på utrykking -

i Ukraina.

 Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

Han var ein av dei første som var på plass for å hjelpe innbyggarane i Kherson.

Norske Sander (21):

Frivillig ved fronten

KHERSON, UKRAINA (TV 2): Han innrømmer at det er farleg. Så kvifor gjer han det likevel? 21 år gamle Sander er ambulansearbeidar i Ukraina.

Det kokar på torget i sentrum av byen Kherson. Etter over åtte månadar under russisk okkupasjon, er det her folk møtast for å feire.

En uke etter at ukrainske styrker frigjorde Kherson, er byen fremdeles uten strøm og vannforsyning. Russerne ødela viktig infrastruktur før de trakk seg tilbake og befolkningen sitter igjen med vanskelige minner om tortur og overgrep. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2
En uke etter at ukrainske styrker frigjorde Kherson, er byen fremdeles uten strøm og vannforsyning. Russerne ødela viktig infrastruktur før de trakk seg tilbake og befolkningen sitter igjen med vanskelige minner om tortur og overgrep. Foto: Aage Aune / TV 2

Norske Sander Sørsveen Trelvik (21) er frivillig ambulansearbeider i Ukraina. Han og resten av teamet fikk mye og gjøre da de kom til frigjorte Kherson. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

MANGLAR ALT: Folk feirar frigjeringa på Fridomsplassen i Kherson. Mange møter også opp i håp om å få naudhjelp. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

Det er også her dei samlast for å få hjelp. Dei russiske styrkane plyndra alt av verdi. Og då dei trekte seg ut, gjorde dei alt for å øydelegge byens kritiske infrastruktur.

Tilbake står innbyggarane utan straum og vatn, og det er også mangel på mat, medisinar - det aller meste.

– Ein pakke til kvar!

Ein hjelpeorganisasjon deler ut bleier frå ein lastebil. Det blir fort trengsel blant småbarnsforeldra som ventar.

Det er også kø for å få varm mat, eller nokre donerte teppe i vinterkulda.

UTDELING: Vinteren har sett inn og det er ingen elektrisitet i byen. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2
UTDELING: Vinteren har sett inn og det er ingen elektrisitet i byen. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

Men aller lengst kø er det framfor dei som tilbyr helsetenester.

– Det er kaotiske tilstandar her, seier Sander Sørsveen Trelvik (21) frå Ringsaker.

Han er i gang med å behandle ei eldre kvinne. Tolken forklarer at ho har hatt slag tidlegare.

– Er du svimmel? Kvalm?

Den norske ambulansearbeidaren stiller ei rekke spørsmål mens han festar elektrodar på pasienten.

Det pip konstant i maskiner i den svære ambulansen. Fire frivillige jobbar så raskt dei kan. Utanfor står eit folkehav og ventar på tur.

TRENGSEL: Pasientane har vore over åtte månader under russiske okkupasjon. Foto: Privat
TRENGSEL: Pasientane har vore over åtte månader under russiske okkupasjon. Foto: Privat

– Folk er desperate etter hjelp. Dei treng medikament, helsesjekk, nye bandasjar på skader. Dei treng alt mogleg, for dei har jo ikkje fått noko som helst hjelp på lang tid, seier Trelvik.

Han kastar eit raskt blikk på måleinstrumenta.

– Ho har høgt blodtrykk, seier han til tolken.

– Eg skal gi ho noko som vil gjere ho betre.

Tolken omset til den eldre kvinna, som nikkar svakt til svar.

HELSESJEKK: Kvinna er bekymra sidan ho har hatt slag tidlegare. Under okkupasjonen var det knapt noko helsehjelp å få. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2
HELSESJEKK: Kvinna er bekymra sidan ho har hatt slag tidlegare. Under okkupasjonen var det knapt noko helsehjelp å få. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

Undervegs kan ein høyre konstante drønn frå artilleri.

– Det har berre vore utgåande i dag, så det går bra, seier Trelvik lett.

Normalt er han endå tettare på dei russiske styrkane enn her i Kherson. Dette er hans fjerde runde som frivillig ambulansearbeidar sidan krigen starta i slutten av februar. Sidan den tid har han jobba nær fronten rundt Kharkiv i nordaust, i Donetsk i aust og Mykolajiv i sør.

– For det meste har vi hjelpt sivile. Men vi samarbeider også med militæret, og vi har evakuert skadde soldatar frå frontlinja.

Han og kollegaene kjem nære på krigshandlingane. Her evakuerer dei sivile mens artilleriet haglar.

I KRIGSSONA: Dette er nokre av Trelvik sine eigne bilete frå Ukraina. Foto: Privat

– Blir du redd?

– Eg blir sjeldan redd, det gjeld å halde hovudet kaldt. Men det er klart at adrenalinet pumpar. Spesielt når det kjem kampfly eller helikopter som flyr 30-40 meter over bakken. Eller når vi høyrer plystrelyden av missil og artilleri. Då veit vi at dei er nær.

NÆRE PÅ: – Det handlar om marginar, fortel Trelvik. Han sjekka ut frå dette hotellet i Mykolajiv eit par timar før angrepet. Han budde i tredje etasje i den delen som kollapsa. Foto: Privat
NÆRE PÅ: – Det handlar om marginar, fortel Trelvik. Han sjekka ut frå dette hotellet i Mykolajiv eit par timar før angrepet. Han budde i tredje etasje i den delen som kollapsa. Foto: Privat

Trelvik har tatt ambulansefag heime i Norge, og har supplert med ytterlegare kurs. Medan han ventar på praksisplass som ambulansearbeidar, jobbar han som miljøarbeidar i Oslo.

Men etter krigens start, har han berre vore heime i periodar for å jobbe og tene nok pengar til å dra tilbake til Ukraina. For som frivillig, må han betale alle utgifter sjølv.

– Eg har også fått litt bidrag på Spleis. Heldigvis, for utan det kunne eg ikkje ha reist, seier han.

Bli med på ein arbeidsdag i Kherson, sjå video:

– Men kva får ein 21-åring til å bruke alle pengane sine på å vere ved fronten i Ukraina?

– Det er det mange som lurer på. Men det er dette eg brenn for, nemleg å kunne hjelpe andre menneske. Og det er utruleg givande å vere her. Eg har aldri sett folk bli så takknemlege for hjelp før.

Under intervjuet kjem fleire bort for å gi han ein klem. Han blir også bedt om å signere det ukrainske flagget.

– Det finaste eg har opplevd var nok då vi kom køyrande inn hit til Kherson første gongen. Då kom det fleire barn og hoppa opp i armane mine for å gi meg ein klem, seier han og smiler.

TAKKAR: Trelvik blir bedt om å signere flagga til dei feirande ukrainerane i Kherson. Foto: Mike Mawhinney / TV 2
TAKKAR: Trelvik blir bedt om å signere flagga til dei feirande ukrainerane i Kherson. Foto: Mike Mawhinney / TV 2

Ei lita jente kjem bort og gir han ein ny bamseklem. Ho blir ståande. Lenge.

– Det er utruleg sterkt å vere her. Eg var litt på gråten her om kvelden, seier Trelvik.

TAKKNEMLEG: Ei lita jente vil vise Trelvik at han gjer ein viktig jobb. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2
TAKKNEMLEG: Ei lita jente vil vise Trelvik at han gjer ein viktig jobb. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

I ambulansen har den eldre pasienten blitt betre.

– No ser målingane fine ut. Du ser ut til å vere i god form, seier Trelvik til kvinna.

Ho takkar ved å vise han eit bilete av det kjæraste ho har, dottera.

– Oi, så vakker ho er!, seier Trelvik mens han smiler og nikkar.

PASIENTEN: Kvinna i ambulansen er klar for å dra heim. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2
PASIENTEN: Kvinna i ambulansen er klar for å dra heim. Foto: Oleksandr Techynskyi / TV 2

No ventar ei ny runde med jobb i Norge. Samtidig er han i ferd med å starte ein ny organisasjon for frivillige i ambulansetenesta, saman med ein norsk og fleire amerikanske kollegaer.

– Eg skal definitivt tilbake til Ukraina. Eg er ikkje ferdig her enno, seier Trelvik, før han går vidare til neste pasient.

Fakta om frigjorte Kherson

  • Russerne beordret tilbaketrekning fra Kherson by 9. november.

  • Kherson var den første byen som ble okkupert, kun dager etter at angrepskrigen startet 24. februar. Byen er den eneste regionale hovedstaden russerne har fått kontroll over i løpet av krigen.

  • Kherson by ligger ligger på vestbredden av elven Dnipro som deler Ukraina og Kherson fylke i to. Byen har vært det eneste stedet hvor Russland har hatt tilstedeværelse på vestbredden av elven.

  • Russland kontrollerer fortsatt store deler av Kherson fylke. I oktober annekterte president Vladimir Putin de fire regionene Kherson, Zaporizjzja, Donetsk og Luhansk.

  • Ukrainske myndigheter sier de har identifisert fire steder i Kherson der russiske styrker har torturert fanger før tilbaketrekkingen.

  • Over en halv million mennesker har flyktet fra Kherson og nabofylket Mykolajiv siden februar.

  • Ifølge Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har russiske styrker ødelagt all kritisk infrastruktur i de områdene ukrainerne har gjenerobret.