Flukta frå bombene
KRAMATORSK, UKRAINA (TV2): Ettersom kampane ved fronten aust i Ukraina hardnar til ber styresmaktene alle sivile om å evakuere. TV 2 har fulgt menneska som må forlate heimane sine.
Lyden av dumpe drønn når gjennom murveggane i den slitne bustadblokka i Kramatorsk. På golvet sit Olegsander Mysenkov. Her, i denne leiligheten, blei han født for 67 år sidan. No skal han forlate den, for kanskje aldri å vende tilbake.
– Kva treng du hjelp til? spør Sergej Rozhok frå den frivillige organisasjonen Vostok SOS, som hjelper til med evakuering av sivile i området.
– Å evakuere, ler den tannlause mannen.
– Det er tydeleg, men du kan ikkje gå. Kanskje båre er best?
– Eg kan reise meg litt, protesterer den gamle.
Olegsander er fast bestemt på at han ikkje skal forlate heimen på båre, problemet er at beina har svikta.
– Eg vil ikkje bli tatt ut som eit lik, seier han og aker seg på rompa ut i gangen.
Rutinert og roleg løfter fire sterke armar den vevre mannen. Forsiktig, ned alle trappene i den slitne blokka.
– Slik ja, seier Olegsander nøgd. Ikkje som eit lik.

Teppebombing
Over heile regionen har russiske styrkar uavlateleg skote rakettar og granatar som har drepe sivile i hopetal. I det industrielle hjartet av Ukraina, kjent som Donbas, har russisk artilleri knust heimar og jevna byar med jorda.
Etter den russiske erobringa av byen Lysytsjansk i Luhansk fylke i starten av juli, har Putin retta fokus mot å sikre resten av Donetsk fylke. Det skjer ved hjelp av klassisk russisk militærdoktrine, som i praksis betyr å bombe fienden sønder og sammen.
No, i midten av august, forsøker russiske styrkar å bryte gjennom fronten ved Pisky, ein forstad vest for den russisk-okkuperte byen Donetsk. Også ved Avdiivka og Bakhmut rasar kampane, og ukrainske stillingar blir bomba utan stans.

Ukrainske styresmakter har gitt ordre om obligatorisk evakuering av sivile frå Donetsk fylke. President Volodymyr Zelenskyj har oppmoda alle dei gjenværande innbyggarane i den krigsherja regionen til å forlate heimane sine.
- Jo raskare det blir gjort, jo fleire menneske som forlet Donetsk-regionen no, jo færre menneske vil den russiske hæren ha tid til å drepe, sa Zelenskyj i ein tale 30. juli.

Utanfor blokka leikar fem barn i augustvarmen. På benken ved inngangspartiet har Yana Gljako og tre nabokvinner full kontroll over alt som skjer.
Yana har absolutt ikkje tenkt å la seg evakuere, og ingenting Sergej eller andre seier kan få ho til å endre meining.
– Kvar skulle eg dra, spør Yana hissig. Reise ein stad for å sove på ei skitten madrass? Trur du dei vil gi meg alt gratis, seier ho og legg armane trassig i kors.
– Eg vil bu heime i leiligheten min. Dotter mi koser seg med den nye hunden og venene sine, seier ho og peikar på barna.

Ifølge guvernøren i Donetsk fylke, bur det framleis om lag 350.000 menneske i dei ukrainsk-kontrollerte delane av fylket. Ei femtedel av innbyggartalet før krigen. Blant dei er 50.000 barn.
– Men når granatane slår ned her, forsøker Sergej seg, men blir resolutt stansa av Yana.
– Men kanskje dei IKKJE slår ned her!
Nabokvinna stemmer i.
– Kanskje DU bør jobbe hardare for at det ikkje skal skje!
Sergej går oppgitt tilbake til bilen, men held fram med dialogen medan han går.
– Tenk på barna, seier han og nikkar mot leikeplassen.
– Det er mange her. Dei burde bli evakuerte.
Fryktar store dødstal
Utstyrt med langtrekkande vestlege våpen har Ukraina iverksett ein motoffensiv, og har dei siste vekene ramma russiske ammunisjonslagre, flyplassar og kommandosenter langt inne på det russiskokkuperte området.
Men situasjonen ved fronten i aust er alvorleg, kanskje meir alvorleg enn styresmaktene ønsker å fortelle. I løpet av dagane TV 2 reiser rundt ved fronten ser vi kolonner med stridsvogner og artilleri bli frakta vestover. Nye skyttargraver og skytestillingar strekker seg kring vegkryss, og forsvarsposisjonar blir utbetra.
På gravplassen i Pokrovsk ligg tolv ferske graver på rekke og rad. Bilda på gravsteinane fortel om unge liv som har gått tapt.
Dei blågule flagga blafrar svakt i den glovarme ettermiddagsbrisen. Vinden står frå aust, og den tordenliknande lyden av granatnedslag rungar over gravene.

Kor mange ukrainske soldatar som er drepne i fylket er strengt hemmeleg, men ifølge guvernøren i Donetsk er mist 730 sivile døde og 1900 skadd.
Kor mange som er døde i russisk-okkuperte Mariupol som også ligg i Donetsk fylke veit ingen. Styresmaktene fryktar at så mange som 20.000 kan være drept.
Fanga i ruinane
På ein togstasjon nær Pokrovsk står toget som skal føre flyktningane neste etappe. Dei fleste har venta i det lengste med å dra.



– Då eksplosjonen fekk oss til å hoppe i senga var det på tide å dra, ler Valentina Kopylova med galgenhumor.
No sit ho saman med ektemannen i ein eigen kupe.
– Eg hadde ei dårleg kjensle, klagar ektemannen Vladimir.
Ingen vil eigentleg forlate heimane sine, men vi vakna kvar morgon til eksplosjonar, eksplosjonar og eksplosjonar, seier han og fektar med armane.

For gravide Marina Siryk, er evakueringa kanskje ekstra tøff. Ho fortel at svogeren og familien måtte gravast ut frå kjellaren dei skjulte seg i, etter at huset blei bomba.
28-åringen fortel at det vanskelegaste er å halde maska framfor barna.
– Då vi forlet huset spurde jenta mi meg; mamma kva skal vi? Eg svarte; vi vil finne ein ny stad å bu.
Det er glovarmt i kupeen. Marina tørkar både tårer og sveitte.
Karina på fire og eit halvt år er saman med mamma Marina på flukta. Den vesle jenta gler seg over at ho skal ut på sin aller første togtur, men aller mest til å bli storesøster.
– Ønsker du deg ein bror eller ei søster?
– Søster, smiler Karina sjenert.
– Kvifor?
– Fordi ho vil være heilt nydeleg. Og så kan ho leike med dokka mi.

Sakte rullar toget ut frå stasjonen – fylt opp med mennesker som alle deler håpet om ein gang å vende tilbake. Olegsander har også funne sin plass i togsetet.
– Trur du at du nokon gong vil komme tilbake til huset ditt?
– Det vil eg så inderleg, smiler han.
– Eg vil at alt skal bli bra. Sjølvsagt vil eg tilbake til heimen min. Det er håpet mitt.