Bonden ser avlingane sine visne

Ordføraren ser kommunen sin brenne

Tore Furevik ved Nansensenteret i Bergen. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

– Det finst berre ei løysing, seier klimaeksperten

Europa tørkar. Kva no?

«Europa i flammar.» «Tørken i Europa blir stadig verre.» Det har vore mange slike overskrifter i sommar.

Bileta av rekordtørken vekker oppsikt. Her skulle den mektige Rhinen ha fossa forbi:

Kva skjer? Og kva er løysinga?

TV 2 har reist rundt i tørkeramma område i Frankrike og Tyskland og stilt desse spørsmåla til dei som bur der, til dei som må leve med konsekvensane av tørken.

Alle er einige om éin ting: Det er på tide å tenke nytt.

 Foto: Elias Engevik / TV 2
Foto: Elias Engevik / TV 2

– Her har vi ein mais som verkeleg har fått lide på grunn av tørken, seier storbonden Cyril Barde. Han bur i landsbyen Saint-Méard-de-Gurçon sør i Frankrike.

Han viser fram ein stusseleg maiskolbe som er mindre enn halvparten av normal størrelse.

Den svære åkeren rekk så langt auget kan sjå. Det knasar høgt i visna plantar når Barde går gjennom avlinga.

– Sola har øydelagt det meste, seier han og slår ut med hendene.

– Men det kunne ha vore verre, legg han til.

For han har tatt ei rekke grep for å komme tørken i møte.

– Vi er i ferd med å få nordafrikansk klima, og det kjem berre til å bli tørrare og tørrare framover, seier han, og legg til at utviklinga har gått langt raskare enn forventa.

 Foto: Elias Engevik / TV 2
Foto: Elias Engevik / TV 2

Ikkje får han vatne heller for det er vatningsforbod over store delar av Frankrike på grunn av tørken. Difor blir det endå viktigare å tenke alternativt.

– Eg passar på å alltid ha eit plantedekke på jorda, som blir til organisk masse. Denne massen fungerer som ein svamp som held på regnet frå vinteren, forklarer han.

Avlingane blir så planta nedi denne «svampen», og det aukar sjansen til å overleve tørken, ifølge bonden.

Han viser oss rundt på den svære garden. No er det snart tid for å hauste mais, solsikker og vindruer. I tillegg driv han også med ulike typar korn, og forklarer at han er ein ivrig tilhengar av vekselbruk.

– Det gjer også jorda meir motstandsdyktig.

 Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2
Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2

Vi går forbi dei visne solsikkene. Han stansar og deler ein av dei svidde blomstrane. Den er så tørr at det høyrest ut som isopor som knekker. Han smakar på eit frø. Og ristar på hovudet.

– Det blir mindre solsikkeolje i år, slår han fast.

EU har varsla ein nedgang i ei rekke avlingar som følge av tørken. Mellom anna ein nedgang i nettopp solsikker på 15 prosent. Mais er venta å gå ned 16 prosent og soyabønner 12 prosent. Dette er samanlikna med snittet for dei fem føregåande åra. Det viser prognosene til EUs Joint research centre.

Men storbonden Barde viser oss eit lyspunkt. Vi har kome fram til ei avling på garden hans som faktisk er ganske grønn: Vinrankane.

 Foto: Elias Engevik / TV 2
Foto: Elias Engevik / TV 2

– Her har vi ein kvit druetype. Den heiter Muscadelle. Vil du smake?

– Klart det!

Mens vi smattar i oss søte druer, forklarer han at denne type vinranker tåler meir hete og tørke enn mange andre som blir brukt i området.

– Vi har også leirbasert jord. Den tåler vannmangelen betre enn andre typar jord som er vanleg på vingardar.

Det er for tidleg å slå fast korleis vinhausten vil bli. Mange vinprodusentar fryktar både mindre vin og lavare kvalitet.

Barde håper innstendig på litt regn no i innspurten. Han er like fullt optimist når det gjeld årets vin.

– Druene er friske og gode, smiler han fornøgd.

 Foto: Elias Engevik / TV 2
Foto: Elias Engevik / TV 2

Men storbonden forventar å gå med underskot i år på grunn av ein kraftig nedgang i alle andre avlingar.

Verst er det for maisen hans, der går det mot rundt 60 prosent mindre avling samanlikna med dei siste åra.

– Vi må tilpasse oss endå meir. Eg veit ikkje korleis enno. Men det blir kanskje umuleg å dyrke mais her om nokre år. Eller denne type vin.

Han trur slike avlingar vil måtte dyrkast stadig lenger nord. Han smiler og utbryt:

– I Norge hadde det ikkje vore noko problem. Vi må dra dit og lage vin!, avsluttar han med ein god latter.

Det går også mot ny EU-rekord i skogbrannar i år. Arealet som er svidd av så langt, er tre gongar så høgt som snittet for dei siste 15 åra. Det viser tal frå the European Forest Fire Information System (EFFIS).

Belin-Béliet i Gironde-distriktet sørvest i Frankrike er hardt ramma.

17 heimar gjekk tapt i flammehavet, i tillegg til enorme mengder skog.

Ordførar Cyrille Declercq pirkar bort i ein svidd stamme. Bitar av svartsvidd bark fell til bakken. Ordføraren klappar vekk sotet frå hendene og sukkar.

– Det er berre så trist.

 Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2
Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2

– Vi berre håper det vil komme masse regn slik at vi kan få sløkt brannane for godt. Dei er under kontroll no, men det ligg glør i bakken og flammane kan lett blusse opp, seier han.

Eit stykke bortanfor sviv blågrå røyk opp frå bakken som for å understreke ordføraren sitt poeng. Det ulmar framleis.

 Foto: Elias Engevik / TV 2
Foto: Elias Engevik / TV 2

Ordføraren trur ikkje dette blir den siste sesongen prega av skogbrannar.

– Vi må tilpasse oss. For å hindre at brannar spreier seg så lett, må vi vurdere å dyrke skogen på ein annan måte. Vi må vedlikehalde den annleis. Og kanskje må vi dyrke meir hardved framfor furu.

– Vi må tenke nytt, konkluderer ordføraren.

For han trur det underliggande problemet har kome for å bli.

– Det er openbart ein forstyrrelse av klimaet. Vi kan ikkje benekte det, avsluttar Declercq.

 Foto: Elias Engevik / TV 2

Styrmannen manglar vatn

Kunstnaren synest motivet er skremmande

 Foto: Elias Engevik / TV 2

Borna frydar seg med bismak

– Vi manglar halvannan meter vatn i Rhinen, fortel Oliver Kraus.

Han er styrmann på ei av ferjene som går i skytteltrafikk over elva, som renn heilt frå dei sveitsiske alpane til Nordsjøen.

Han følgjer nøye med på at det ikkje blir slept for mange bilar ombord.

 Foto: Elias Engevik / TV 2
Foto: Elias Engevik / TV 2

– På grunn av den lave vannstanden kan vi berre ta halv last, fortel han.

Det samme problemet har transportskipa på Rhinen, som mange storindustriar er avhengige av.

– Kor blei det av alt vatnet? Dette er jo eit problem overalt, ikkje berre her i Tyskland. Ut frå eit globalt perspektiv, synest eg det er skremmande, seier styrmann Kraus, mens han forsiktig manøvrerer ferja i det grunne vatnet.

 Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2
Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2

Kunstnaren Christian Weber sit langt ute i elva. Det vil seie, der elva normalt skulle ha vore på denne tida.

– Eg malar herfrå fordi ein får eit unikt perspektiv her nede. Men dette er også veldig trist!

– Kva skuldast tørken, trur du?

– Klimaendringane. Og fordi vi brukar naturressursane dårleg. Vi må berre førebu oss på at det vil bli endå verre. Vi er nøydde til å bli vant til det.

Han legg siste hand på verket.

 Foto: Elias Engevik / TV 2
Foto: Elias Engevik / TV 2

Motivet er det berømte Musetårnet i Bingen am Rhein, som normalt kun er tilgjengeleg med båt. No kan ein traske tørrskodd over.

– Kva må gjerast med klimaendringane?

– Det må openbart takast grep frå politisk hald. Samtidig forstår eg at klimaet kjem i andre rekke på grunn av krigen i Ukraina.

 Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2
Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2

– Vatnet er varmt! Og vi har funne to syklar. Nei, tre syklar!

Johann (10), Stefan (11) og Michael (9) snakkar i munnen på kvarandre mens dei herjar rundt nede ved elva.

– Og sjå, vi har funne Rhinengull! Gull!!

Dei viser ivrig fram nokre skinande småsteinar og er ganske så overbeviste om at no skal dei bli rike.

 Foto: Elias Engevik / TV 2
Foto: Elias Engevik / TV 2

Men også borna merkar at elva ikkje er seg sjølv.

– Den er faktisk ekkel no. Det er masse alger i den og du får diaré dersom du drikk det.

 Foto: Elias Engevik / TV 2
Foto: Elias Engevik / TV 2

Joachim Kaiser og Sabine Kettenbach har også funne vegen langt ut i den uttørka elva.

– Kva tenker de om å kunne gå her midt ute på elvebotnen?

– Det er til ein viss grad fascinerande, men mest skremmande. Det får oss til å føle at vi går vanskelege tider i møte, seier Kaiser.

Kettenbach legg til at ho også er bekymra for dyrelivet, særleg fisken:

– Vatnet er for varmt for fisken og den kan dø. Kanskje ein dag har all fisken forsvunne fordi dei ikkje klarer å tilpasse seg det varmare vatnet.

FISKEDØD: Alle dei store elvane i Europa slit i tørken. Dette er Po, den lengste elva i Italia. Foto: Guglielmo Mangiapane/Reuters
FISKEDØD: Alle dei store elvane i Europa slit i tørken. Dette er Po, den lengste elva i Italia. Foto: Guglielmo Mangiapane/Reuters

Ekspertane har varsla auka prisar på alt frå strøm til matvarer som følge av tørken. Kaiser og Kettenbach er einige om at prisauken allereie har vore altfor høg. Men:

– For å vere ærleg, Tyskland er eit rikt land. Vi kan kjøpe korn frå til dømes Sør-Amerika, men det kan ikkje menneska i Afrika. Det er dét som er det største problemet.

– Finst det ei løysing på vassmangelen?

– Vi må finne metodar å ta vare på det regnet som faktisk kjem og spare det til slike tørkeperiodar, seier Kaiser.

Andre har tatt til orde for meir bruk av avløpsvatn og avsalting av sjøvatn.

Men Kaiser er også opptatt av at det grunnleggande problemet må løysast:

– Tørken skyldast jo klimaendringane, trur eg. Vi slepp ut for mykje karbondioksid, seier Kaiser mens Kettenbach nikkar.

 Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2
Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Klimaeksperten kunne knapt vore meir enig.

Tore Furevik er direktør ved Nansensenteret og professor ved Universitetet i Bergen. Tidlegare var han direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking. Med andre ord: Han kan klima.

– I kor stor grad skyldast tørken klimaendringane?

– Vi har jo variasjonar i vêr og vind fra år til år, men det det er ingen som helst tvil om at det er klimaendringar som ligg i bunn her. Klimaendringane har forsterka det vi ser, så det er varmare og tørrare enn det det ville ha vore uten menneskeskapt global oppvarming.

TØRT: Elva Loire i Frankrike ser slik ut enkelte stader. Foto: Stephane Mahe/Reuters
TØRT: Elva Loire i Frankrike ser slik ut enkelte stader. Foto: Stephane Mahe/Reuters

– Finst det ei løysing?

– Det er klart. Det finst berre ei løysing, og det er at klimagassutsleppa må ned, helst ned til null. Slik at den globale temperaturen sluttar å stige. Så det er eigentleg den einaste løysinga. Så enkelt, og så vanskeleg.