Ekstremvêret fortset — og verre vil det bli
Ekstremvêr set stadig nye rekordar verda over. Sjølv garva klimaforskarar er overraska over omfanget.

Minst 12 personar er stadfesta omkomne i uvêret som herjar i Hellas, Tyrkia og Bulgaria denne veka.
Blant dei sakna, er eit nygift par frå Austerrike. Dei var på bryllaupsreise i hamneparadiset Potistika i Hellas. Men stormen «Daniel» gav reisa ei dramatisk vending.
Det nygifta paret valde å søke ly i ein bungalow dei hadde leigd. Men flaumen som kom etter det ekstreme nedbøret, kasta bungalowen på havet, ifølgje BBC.
No er dei meldt sakna.
Situasjonen er dramatisk fleire stader i Hellas. I byen Volos på austkysten bikkar dei no det tredje døgnet utan rennande vatn og straum. Hundrevis er isolerte i heimane sine.

Uvêret føyer seg inn i rekka av uventa og øydeleggande uvêr dei siste vekene.
Hellas, Spania, USA, Hongkong, Kina, Brasil, Tyrkia, Bulgaria, og til og med Noreg, har vore offer for kraftig styrtregn.
Overraskande
Klimaforskarar har åtvara mot ekstremvêr som følgje av menneskeleg aktivitet i mange år.
Likevel overraskar det kraftige styrtregnet.
— Vi hadde venta meir styrtregn, men at det skulle bli så kraftig, og så mange stader over heile verda samtidig, det er overraskande, seier klimaforskar Tore Furevik, som er direktør ved Nansensenteret.
Ein rapport frå EU skriv at sommaren 2023 er den varmaste nokon gong.

— Når lufta blir varmare, inneheld den meir fukt. Dersom temperaturen aukar med ti grader, doblar mengda vassinnhald i atmosfæren seg. Dermed kan det kome mykje meir nedbør enn før, forklarer Furevik.
Han legg til at bilete er samansett.
— I år er det ein kaskade av uheldige kombinasjonar, fastslår klimaforskaren.
Han peikar særleg på klimafenomenet El Niño der overflatetemperaturen i delar av Stillehavet er uvanleg høgt.
Rekordvåt time
Også Hongkong får kjenne på klimakrisa.
Torsdag kveld frå 23.00 til midnatt regna det 158 mm på éin time i Hongkong, ifølgje Reuters.
Det er det høgaste timesnedbøret registrert sidan 1884, og svarer til nedbørsmengdene Bergen i snitt har på éin månad.
Dette har ført til dramatiske tilstandar i Hongkong. Vegar i deler av byen blei til elver i løpet av nokre minutt. Dette har skapt store problem for trafikken.
Ein sikker veg til katastrofe
Overflaumane kjem etter ein sommar med store skogbrannar og den varmaste sommaren på 50 år.

Effekten av nedbøren blir forverra av den aukande tørken. Hardpakka, tørka jord er i dårleg stand til å absorbere og oppta nedbør, noko som aukar faren for ekstra mykje overvatn.
— I tillegg blir stadig større område ramma av tørke. Den mengda areal det regnar på, blir mindre. Slik blir det også meir intenst regn oftare enn før på dei stadene regnet kjem, forklarer klimaforskaren.

– Alt blir verre
Klimaforskar Furevik er ikkje i tvil om at det vi ser no, berre er byrjinga på klimakrisa.
— Så lenge ein ikkje klarer å få utsleppa ned mot null, så peikar pilene i feil retning. Det er dei nakne fakta, understrekar Furevik.
Han legg til at i år og neste år blir det uvanleg varmt på grunn av El Niño. Åra etterpå blir det litt kaldare, men tendensen er likevel klar: Temperaturane aukar.
— Framtida vil bli verre. Langt verre, slår klimaforskaren fast.
– Kva er løysinga?
– Løysinga er så enkel, og så vanskeleg: Vi er nøydde å finne nye måtar å produsere energi på. Vi må bruke fornybar energi i staden for fossil, avsluttar Tore Furevik.