VANSKELEG: Advokat Oksana Sobol har 14 barn. To biologiske - dei andre har ho adoptert. No må ho bestemme om ho og barna skal flykte til Norge. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2
VANSKELEG: Advokat Oksana Sobol har 14 barn. To biologiske - dei andre har ho adoptert. No må ho bestemme om ho og barna skal flykte til Norge. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2

Det vanskelege valet

Lviv, Ukraina (TV 2): Ansvaret for fjorten barn tynger Oksana. Bussen er på veg mot den polske grensa og skal vidare til Norge. Valet ho straks skal ta vil bestemme framtida for heile familien.

Så lenge ho kan hugse har advokaten hatt lyst til å ha mange barn. No har ho 14 å ta seg av.

Saman med advokatektemannen har ho to biologiske barn, dei andre 12 er adopterte.

Abort er uvanleg i Ukraina. Prevensjon er dyrt, og mange år med krig i aust har gjort at tusenvis av barn bur på barneheim. Men 14 barn er mykje – sjølv i Ukraina.

Dei fire siste foreldrelause fekk dei omsorga for då ein barneheim i Izium blei bomba for berre to veker sidan.

– No tenker eg berre på en ting, fortel Oksana til TV 2.

– På kva som er trygt for barna. Kva eg kan gjere for at dei skal leve og være friske.

BUSSAR FLYKTNIGAR TIL NORGE: Morten Kroslid (t.v) er nordmannen som organiserer flyktningetransporten frå Ukriana til Norge. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2
BUSSAR FLYKTNIGAR TIL NORGE: Morten Kroslid (t.v) er nordmannen som organiserer flyktningetransporten frå Ukriana til Norge. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2

Entreprenøren som blei redningsmann

Det er Morten Kroslid som organiserer evakueringa til Norge.

Entreprenøren har drive forretningar i Ukraina i mange år - no brukar han nettverket sitt - og lommeboka - til å evakuere flyktningar.

Medan kampane rasa i Kharkiv fredag, reiste han sjølv inn i Kharkiv for å berge ut sivile.

Med på turen var den pensjonerte litauiske generalen Altis Shimonutis. Han sparer ikkje på lovorda over innsatsen til Kroslid:

BLIR HYLLA: Fredag denne veka tok Morten Kroslid seg inn i Kharkiv for å evakuere sivile. – Det er mange skjebner, fortel han til TV 2. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2
BLIR HYLLA: Fredag denne veka tok Morten Kroslid seg inn i Kharkiv for å evakuere sivile. – Det er mange skjebner, fortel han til TV 2. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2

– Dette er ein ekte norsk patriot og ein ekte ukrainsk patriot. Han risikerte sitt eige liv for å ta seg inn til det verste området i Kharkiv.

General Shimonutis fortel om korleis dei russiske styrkane har skapt lovlause tilstander som går ut over sivile, og særleg barna.

– Morten tok seg inn til barna. Han hjalp dei å flykte, seier eks-generalen og overrekker ei t-skjorte til nordmannen.

Der står dei same orda som dei ukrainske soldatane på Slangeøya brukte mot eit russisk krigsskip.

– Eg blir nesten litt rørt, seier Morten og renskar halsen.

– Det er ganske tunge ting dette?

– Ja, det er mange skjebner.

BARN: Det er svært mange barn om bord på evakueringsbussane. Mange av dei er foreldrelause og har budd på barneheimar som no har blitt øydelagde i krigen. Foto: Adam Dobby / TV 2
BARN: Det er svært mange barn om bord på evakueringsbussane. Mange av dei er foreldrelause og har budd på barneheimar som no har blitt øydelagde i krigen. Foto: Adam Dobby / TV 2

Skammar seg over å reise

Om bord på bussen gir ei frivillig praktisk informasjon om neste etappe av reisa.

Alle TV 2 snakkar med syns det er vanskeleg å forlate landet.

Ei av dei som no skal til Norge er eitt-barnsmor Anna Limova. Ho fortel at ho skammer seg over å flykte landet. Og at ho er redd.

– Det er svært skremmande. Veldig, seier ho. Med den vesle sonen på armen, fortel Anna at ho aldri har vore utanfor Ukraina.

– No først forstår eg kor mykje eg elskar dette landet. Huset mitt. Alt. Til og med nasjonalsangen høyres anleis ut no! Det var ikkje sånn før.

Tårene triller. Både på Anna og hos oss bak mikrofon og kamera.

– Desse kjenslene er så vanskelege, hikstar Anna og legg hovudet inntil barnet.

Så tar ho seg saman, som så mange ukrainske mødre gjer. Kysser gutten sin, og seier at alt skal gå bra.

SKAL TIL NORGE: Anna Limova har aldri vore utanfor Ukriana, og gruer seg for å starte eit liv i Norge. Foto: Adam Dobby / TV 2
SKAL TIL NORGE: Anna Limova har aldri vore utanfor Ukriana, og gruer seg for å starte eit liv i Norge. Foto: Adam Dobby / TV 2

Blir i Ukraina

Oksana og dei 14 barna har gått av bussen, og har funne eit pusterom på ein kafè i Lviv. I tillegg til alle barna er tre kattar og ein hund med på ferda. Oksana ser roleg og avslappa ut no.

Valet er tatt. Heller bli i landet, enn å bli ein flyktning i eit land langt borte.

– Var det ei vanskeleg avgjerd å ta?

– Alle val er vanskelege no, forklarer Oksana. Sjå berre på kor mange barn eg tar vare på. Bare å ha dei med på jernbanestasjonen er ei kjempeutfordring!

Bussen kjører ut på gata i retning grensa til Polen.

I dag, søndag, skal den være framme i Norge.

Oksana, og mannen som også er advokat, har framleis huset sitt i Dnipro. Dei har begge har arbeid og inntekt. Med mange barn – fire som nettoppp er adopterte – syns ho det blir for usikkert å reise.

Ukrainske styresmakter krev juridiske garantiar frå alle land om at flyktningane skal kunne returnere til Ukraina. Oskana fryktar at å reise til Norge kan splitte den store familien.

– Det tryggaste no er å bli i huset vårt. Eg er advokat, og slik eg vurderer situasjonen verkar det svært vanskeleg å klare å få alle barna med oss, fortel ho.

REISER IKKJE TIL NORGE: Oksana og barna på veg tilbake til Dnipro, aust i landet. Ho håpar og trur det er den rette avgjerda. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2
REISER IKKJE TIL NORGE: Oksana og barna på veg tilbake til Dnipro, aust i landet. Ho håpar og trur det er den rette avgjerda. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2

– Alt er så uklart. Så vi vil bli værande der vi bur.

Morten Korslid har slått følge med familien til kafeen. Han seier han har full respekt for avgjerda.

– Så får vi håpe det er trygt for familien, og at krigen snart er over, håpar Kroslid.

Medan TV 2 pratar med Morten, kjem Oksana forbi og seier farvel.

14 barn og ei mor med eit stort hjarte – og eit stort ansvar - begynner den lange reisa tilbake til Aust-Ukraina.