Det einaste han ville var å ende alt med ein granat – så tok livet ei ny vending
Fallskjermjegeren mista éin arm og eitt bein i eit russisk angrep. No jobbar han med traumebehandling for andre amputerte.

Ei lita gruppe menn står utanfor rehabiliteringsklinikken. Der deler dei sigarettar og krigshistorier. Nokre av dei hugsar detaljert korleis deira siste dag i krigen utvikla seg. Andre har store gap i minnet.

Fallskjermjeger Mykhailo Jurtsjuk er ein av dei som hugsar. Han hadde ikkje vore mange dagane i krigen då han vart hardt skadd våren 2022.
Han tenestegjorde i nærleiken av byen Izium i Kherson fylke. Medsoldatar flytta han over på ein stige og bar han i tryggleik. Turen tok ein time.
– Akkurat då var det einaste eg kunne tenkje på å ende det heile med ein granat, seier han til nyhendebyrået AP.
Medan han er innlagd på intensivavdelinga felte han stadig inn og ut av medvit. Ein av sjukepleiarane der sat og heldt han i handa. Kvar gong han vakna sat ho der.

Då Jurtsjuk vakna mangla han venstre arm og høgre bein. Men han var i live.
«Takk for at du haldt meg i handa» sa Jurtsjuk da han vakna. «Vel, eg var redd for at du ville forlate oss, fekk han til svar».
Føre seg hadde han ei lang og tung rehabilitering.
På rehabiliteringssenteret i Lviv tok livet hans ei ny og meiningsfull vending på fleire måtar.

Han fekk eit nært forhold til av dei frivillige som jobba der.
Den tidlegare pasienten og hjelparen gifta seg, og 18 månader etter den livstrugande krigsskaden kan dei no gå på trilletur med dottera Olivia.
Jurtsjuk kjenner seg sterk både fysisk og psykisk.

No ynskjer han å hjelpe andre som går gjennom krigstraumer. Han motiverer skadde soldatar til å finne tilbake til kvardagen som no blir prega av nye funksjonshemmingar.
Slikt arbeid skjer over heile Ukraina, formelt og uformelt, for tusenvis av skadde soldatar. Det vere seg amputerte, blinda eller andre skadar.
Ein antek at om lag 20.000 ukrainarar har hatt minst éin amputasjon sidan Russland invaderte Ukraina i fjor, skriv AP. Ikkje alle er soldatar. Mange sivile har også blitt skada i krigen.
– Vil vise andre born at dei kan springe
12 år gamle Jana Stepanenko mista begge beina i eit russisk angrep på Kramatorsk togstasjon i fjor vår. Ho har fått medisinsk behandling, protesar og opptrening i USA.
Denne veka sprang ho 70 meter under et halvmaraton i Lviv, skriv AFP.

– Eg har nettopp fått proteser eg kan springe med, så det er litt skummelt. Eg er ikkje vant til det enno. Men eg vil gjerne vise andre born som har mista beina at dei kan springe, seier ho.
Traume
Ikkje sidan fyrste verdskrig har fleire blitt amputerte i Europa. Soldatane har i tillegg til dei fysiske skadane også psykologiske traume frå frontlinja.
Olha Rudneva er leiar av rehabiliteringssenteret Superhumans i Lviv.
Ho seier Ukraina ikkje har kapasitet til å handtera den store auka av denne typen skade.

– Det er ikkje på langt nær nok protesespesialistar i Ukraina til å handtere det aukande behovet, siger Rudneva til AP.
Vidare fortel ho at før krigen var der berre fem personar i heile Ukraina som hadde formell kompetanse for rehabilitering av personar med arm- eller handamputasjonar.
Under normale omstende er armamputasjon mindre vanleg enn amputasjon av bein og føter. Difor er spesielt kompetansen innan arm- og handamputasjon låg.

Med donasjonar frå både ukrainske verksemder og andre land, har «Superhumans» klart å styrka ressursane og kompetansen.
Dr. Emily Mayhew er spesialist i eksplosjonsskadar ved Imperial College.
Ho har snakka med fleire hundre som har amputert etter skadar i krig.
– Den forferdelege kombinasjonen av PTSD, eksplosjonsskade og smerter er tung å handtere. Når folk får fysiske skadar, føl det som regel med psykiske påkjenningar. Dei er umoglege å separere, forklarer Dr. Mayhew til AP.
