Ukrainas førstedame åtvarar:

– Då lar dei oss døy

Viljen til å hjelpe Ukraina minkar. Samtidig regnar rakettane og dronane over landet. No kjem Ukrainas førstedame med ei klar åtvaring.

ADVARER: Ukrainas førstedame fryktar dødelege konsekvensar av manglande støtte. Foto: Geoffroy Van der Hasselt/AFP/Scanpix
ADVARER: Ukrainas førstedame fryktar dødelege konsekvensar av manglande støtte. Foto: Geoffroy Van der Hasselt/AFP/Scanpix

Russland har igjen trappa opp angrepa mot Ukraina. Måla er sivil infrastruktur, ifølge ukrainske styremakter.

Også i fjor vinter bomba dei russiske styrkane energinettet. Øydeleggingane etterlet mange millionar menneske utan straum i lengre periodar i den bitande vinterkulda. No fryktar ukrainarane kva som vil skje denne vinteren.

– Gjeld liv eller død

Samtidig minkar den vestlege viljen til å hjelpe. Det anerkjende Kiel-instituttet skriv at nye løfter om bistand har stupt med nitti prosent i haust samanlikna med i fjor haust. No ligg bidraga på det lågaste nivået sidan januar 2022, altså månaden før fullskalainvasjonen.

Instituttet skriv elles at dette vil endre seg dersom dei varsla hjelpepakkane frå EU og USA blir godkjende, men begge pakkane har blitt forseinka på grunn av intern krangling.

FRYKTAR KONSEKVENSANE: Zelenska fryktar konsekvensane av stadige forseinkingar av støtte, særleg frå USA. Her under eit besøk ved Georgetown Universitet i september i år. Foto: Kevin Wolf/AP/Scanpix
FRYKTAR KONSEKVENSANE: Zelenska fryktar konsekvensane av stadige forseinkingar av støtte, særleg frå USA. Her under eit besøk ved Georgetown Universitet i september i år. Foto: Kevin Wolf/AP/Scanpix

Tidlegare i veka stansa det amerikanske senatet ei stor naudhjelpspakke, til president Joe Bidens store fortviling. Republikanarane nektar å støtte bistanden så lenge dei ikkje får midlar til strengare grense- og innvandringstiltak på heimebane.

– Det smertar oss å sjå at viljen til å hjelpe ser ut til å minke, seier Ukrainas førstedame Olena Zelenska i eit nytt intervju med BBC.

– Dette gjeld liv eller død for oss, legg ho til.

– Dødsfare

Også ektemannen, president Volodymyr Zelenskyj, har åtvara.

FALNE: Krigen aust i landet har rast sidan 2014. Her minnast presidenten og førstedama dei drepne. Foto: Presidentens pressekontor/Scanpix
FALNE: Krigen aust i landet har rast sidan 2014. Her minnast presidenten og førstedama dei drepne. Foto: Presidentens pressekontor/Scanpix

– Russland håper berre på ein ting – at den frie verda si samla støtte vil kollapse neste år, sa presidenten under eit digitalt møte med G7-leiarane tidlegare i veka.

Førstedama understrekar at forseinkingane i støtte utgjer ein dødsfare for Ukraina.

– Vi treng verkeleg hjelpa, seier Zelenska.

– Viss verda blir lei, så lar dei oss rett og slett døy.