Brua over Donets
STARIJ SALTIV, UKRAINA (TV2): Brua over elva Donets-elva aust i Ukraina er borte. Det har ikkje stoppa folk frå å krysse over med småbåtar. Ein ny møteplass har oppstått i det frigjorte området, og skapt samhald og håp i eit krigsherja Ukraina.
Dei to kompisane hans hadde alt bøtta full i små abbor, men mannen med sølvsluken fiska etter gjedde og hadde enno ikkje fått eit einaste napp.
Her ved landsbyen Starij Saltiv var Donets-elva demma opp og danna ein vakker innsjø. Brua over elva hadde også vore heilt fin, om ikkje det berre hadde vore for at bruspennet var sprengt bort.

Oleksandr Abubakirov tok eit nytt kast med sluken, og tenkte på den hæren han ein gong slåss for under hammar og sigd-flagget i Afghanistan. Russarane, som hadde okkupert store delar av Kharkiv fram til den ukrainske motoffensiven starta i september, var ein heilt anna gjeng.
– Forbanna kjeltringar. Det er ikkje ein gang ein hær. Det er idiotar, galningar og narkomane, sa han forakteleg.
Krigen i Ukraina har rasa i snart åtte månader. I starten av september starta ukrainske styrkar ein motoffensiv som jaga russarane ut av Kharkiv-regionen, og tok også tilbake områder i Kherson og Donetsk. Men livet i fleire av dei frigjorte områda er tøft, folk må klare seg utan gass, elektrisitet og vatn mange stader. Og no står vinteren for døra.
Innsjøen på den oppdemma Donets-elva var roleg denne lørdagen. Vær og vind plaga uansett ikkje ferjemannen Igor, som heilt sidan brua vart sprengt hadde hatt full jobb med å frakte passasjerar og varer. Ikkje ein einaste gong hadde han vore redd.
– Eg elskar vatnet og høyrer til her. Det var her eg vaks opp. Dette er mitt, lo Igor og hosta.

To enkle solstolar sto oppslått under brua på vestbreidda. Mellom stolane var det sett opp eit lite plastbord med brød, stekt fisk og litt drikke.
Oktobersola varma godt no midt på dagen, men om morgonen var det alt is på vannpyttane og rimfrost på enga. Å leve her utan straum og gass ville bli ekstra hardt for dei få som planla å bli å overvintre.
Ekteparet Pavlo og Svetlana var i full gang med å helle bensin over på femlitersflasker, for så å frakte dei med seg over elva.

– Det er til aggregatet, forklarte Pavlo.
– Så kan vi i det minste sjå tv ein time om dagen, tok Svetlana over. Ekteparet snakka annankvar setning.
– Vi kan pumpe vatn frå brønnen.
– Og vi kan lade telefonen og lommelyktene.
Sju svaner sveva lavt over innsjøen og inn over Starij Saltiv, akkurat høgt nok til å gå klar den knuste kuppelen på kyrkja.
Knapt eit hus var uskadd og alle innbyggarane hadde reist frå landsbyen for lenge sidan.
Denne lørdagen var likevel mange tilbake. Enkelte for å tette tak og veggar - andre for å hente vinterklede eller andre saker.
Olga var tilbake for å hente orkidéane sine.
– Svigerdotter mi sa det til meg. Dei toler aldri vinteren. Du må ta dei med deg. Sjå kor vakre dei er.

Iført leopardmønstra bluse og ein blå Polo Ralph Lauren-caps viste kvinna skadene på huset og hagen som ho var så glad. No hadde ho så vidt fått tid til å kutte ned rosene før vinteren.
– Så skummelt, skummelt, skummelt, sa den gamle kvinna og korsa seg over brystet.
Skrekken for russarane sat framleis djupt i. Leppene med rosa lebestift dirra.
– Sjå den vakre kyrkja vår, sa Olga og peika oppgitt med hendene.
Utanfor huset hennar hang greinene på kalinabærbuska tungt mot bakken. Sjølv om den første frosten hadde sett inn har ingen hatt tid til å plukke dei raude bæra.

– Kyrkja blei åpna for berre to år sidan. No er den øydelagd. Kan ein verkeleg gjere slikt?

Tilbake på austbreidda av elva hadde Oleksandr lagt frå seg fiskestanga. Sølvkrok eller ikkje - i dag held den store gjedda seg unna. Vent litt, sa han, og sprinta opp i bilen ein snartur. Straks var 56-åringen tilbake med ei brun halvannalitersflaske.
– Hei, skandinav, ropte han. Kom og lukt på mjøden vår.
Rynkinga på nasen fekk dei tre fiskarane til å humre.
– Å, ja. Den er 70 prosent alkohol.
Også ferjemannen Igor var blitt tørst og måtte ha ein drikkepause og fiska opp ein sigarett.

– Norge? Du skulle heller ha komme frå Amsterdam, lo han og blunka til kompisen.
Trass i at krigen rasa få kilometer unna, hadde ekteparet Pavlo og Svetlana likevel ingen planar om å forlate huset sitt for vinteren.
– Det er stille og roleg no. Alt er bra, sa Svetlana før Pavlo igjen tok over.
– Det manglar straum, men det skal gå bra. Slava ukraini!

Igor var no tilbake bak roret etter pausen.
Ekteparet sette seg ombord i båten og Pavlo la armen kring Svetlana.
Så bakka båten frå land og sette kursen igjen over elva.