Låg i bunker:

Blei begravd opp til haka

Serhii Plahuta kjempa i «kjøttkverna» Bakhmut. No ligg han hardt skadd på sjukehus i Norge, men han er framleis kampklar. – Gutta som er igjen ved fronten, kjem til å fjerne det russiske avskummet.

OVERLEVDE BAKHMUT: Serhii Plahuta (44) overlevde mot alle odds. No får han behandling på Ullevål sjukehus. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
OVERLEVDE BAKHMUT: Serhii Plahuta (44) overlevde mot alle odds. No får han behandling på Ullevål sjukehus. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Den erfarne soldaten si dramatiske historie viser det tydeleg: Ingen er trygge i Ukraina. Sjølv ikkje i ein betongbunker to meter under bakken.

Frå Ullevål sjukehus, fortel Serhii Plahuta (44) om dei ørsmå marginane mellom liv og død i krigen i Ukraina.

– Vår oppgåve var å sikre at russarane ikkje tok Bakhmut. Som alltid, klokka seks om morgonen, begynte eit kraftig angrep, seier Plahuta, og viser til den skjebnesvangre augustdagen i fjor.

Nær drept av «bunker buster»

Dei russiske styrkane hadde for alvor starta offensiven mot byen aust i landet, og kampane var harde.

– Viss vi avfyrte ei runde med artilleri, skaut dei opp mot 20 tilbake, seier han.

– Vi merka at angrepa kom stadig nærmare oss. Men vi hadde fått ordre om å halde stillinga. Difor blei vi igjen.

Plahuta rettar seg litt opp i sjukehussenga. Grimasane i ansiktet avslører smertene.

– Vi var seks personar i bunkeren, seier han, og forklarer kor grundig konstruksjonen var: Kraftig armert betong, og bunkeren var graven cirka to meter ned i jorda.

– Ingen rakett eller artilleri kunne ta den, seier han.

Difor brukte soldatane bunkeren til å sikre seg litt etterlengta kvile mellom slaga. Samtidig visste Plahuta godt at russarane også brukar såkalla «bunker busters».

– Det er eit våpen som går gjennom alt, seier han.

Og det var akkurat det som skjedde den augustmorgonen.

Hardt skadd

– Det kom ein eksplosjon med påfølgande flammar. Eg trur flammane heldt rundt to tusen grader. Det brant alt. Og skadene…

Plahuta klør seg over augene med venstrehanda. Det som er igjen av den.

Fleire fingrar er vekke. Og høgrebeinet lar seg sannsynlegvis heller ikkje redde.

– Men det går bra med meg, altså, seier han.

Tankane hans går til medsoldatane. Dei som ikkje hadde marginane på si side.

For etter det første infernoet, starta ein ny kamp for å halde seg i live.

Eigen Ukraina-sengepost

Mens Plahuta fortel, er det full aktivitet ute i korridorane her ved sengeposten for ukrainske pasientar ved Oslo Universitetssjukehus, Ullevål.

– Kvar veke får vi ei liste over potensielle pasientar, seier kirurg Geir Stray Andreassen, og skriv ut eit ark inne på kontoret.

Rett ved kontorpulten, står det ei seng.

LANGE DAGAR: Det blir ofte lange dagar for dei tilsette ved medevac-avdelinga på Ullevål sjukehus. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
LANGE DAGAR: Det blir ofte lange dagar for dei tilsette ved medevac-avdelinga på Ullevål sjukehus. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

– Ja, det kan bli lange dagar, forklarer overlegen. Han er medisinsk ansvarleg ved Ukraina-sengeposten, som blir kalla «medevac».

Norge er blant landa som tar imot flest pasientar frå Ukraina, ifølge helse- og omsorgsdepartementet.

Per 23. mars har 211 ukrainske pasientar blitt evakuerte til Norge gjennom medevac-ordninga. I tillegg har 121 pårørande blitt henta.

Norsk fly og personell har også frakta 786 ukrainarar til andre europeiske land, det opplyser helse- og omsorgsdepartementet til TV 2.

Den medisinske evakueringa skjer gjennom EU si ordning for sivil beredskap (UCPM). Nyleg vedtok Norge å forlenge medevac-ordninga fram til 31. august.

Stray Andreassen studerer lista over pasientar som dei har fått frå koordineringskontoret i Brussel.

– Ut frå lista, plukkar vi ut dei pasientane vi ønskjer å ta imot. Men det er ikkje sikkert vi får alle vi ber om for Europa har større kapasitet enn det som sendast frå Ukraina, seier overlegen.

– Gjer sterkt inntrykk

Mange av dei skadde, hamnar på operasjonsbordet hans.

– Vi får inn alle slags krigsskadar, og alle er kompliserte. Pasientane kjem såpass lang tid etter at dei er skadde at dei har fått infeksjonar. Det er dei vanskelegaste tilfella som blir sendt til oss.

INNTRYKK: Mange av pasientane blir operert av Geir Stray Andreassen. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
INNTRYKK: Mange av pasientane blir operert av Geir Stray Andreassen. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Den erfarne kirurgen har erfaring frå konfliktsoner både i Afghanistan og på Gazastripa. No får han og kollegaene dei brutale krigsskadane inn på sitt eige sjukehus.

– Det er klart det gjer sterkt inntrykk på oss alle. Vi ser kvar pasient og alle lidingane dei er påført, seier overlegen.

Han fortel at pasientane har blitt utsett for ei lang rekke ulike våpen, som fosforbomber.

Stray Andreassen legg til at han er stolt over den norske innsatsen i medevac-ordninga.

– Vi tar imot flest pasientar i forhold til folketal i heile Europa.

– Viss desse pasientane ikkje hadde fått behandling i utlandet, som her i Norge, korleis trur du det hadde gått med dei då?

– Det ukrainske helsevesenet er overbelasta så det trur eg ikkje hadde gått så bra. Dei har jo ikke kapasitet til å ta seg av alle dei skadde, seier kirurgen.

Samtidig legg han til at han er imponert over kva for jobb dei utfører og kor hardt hans ukrainske kollegaer jobbar for å redde liv under ekstremt vanskelege forhold.

Blei begravd til haka

Legane i Ukraina jobba hardt for å redde Serhii Plahuta også. Men han fortel at han ikkje fekk alle operasjonane han trengte. Difor blei han evakuert til Norge 8. mars i år.

No førebur han seg også på amputasjon av høgrebeinet. Men Plahuta seier han har flaks som i det heile tatt er i live. For i angrepet i august, raste bunkeren saman rundt han.

 Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

– Eg blei begravd heilt opp til haka, seier han, og viser korleis han låg med munnen så vidt over jorda.

– Hadde eg hamna berre litt djupare ned, hadde eg ikkje klart å rope.

Plahuta fekk varsla sine medsoldatar i nærleiken, og dei klarte å grave han opp. Deretter starta dei desperat å leite etter dei fem andre som var i bunkeren.

– Dei var heilt begravde i jord. Vi begynte å grave, men det var berre kroppsdelar der…

Så storma dei russiske styrkane fram. Plahuta fortel at dei ikkje hadde noko anna val enn å flykte. Men det var nære på.

– Fire gonger fall vi, og då var dei over oss. Russarane bryr seg ikkje: Vi hadde rødt kors på bilen, men dei skyt på alt.

Måtte forlate sine falne kameratar

Plahuta ristar på hovudet. Det er tungt å tenke på at han måtte forlate sine falne medsoldatar. Blant dei, Plahuta sin gode venn Volodya.

VENNAR: Plahuta kjempa i lag med kameraten Volodya. Foto: Privat
VENNAR: Plahuta kjempa i lag med kameraten Volodya. Foto: Privat

Dei hadde kjempa side om side sidan fullskalainvasjonen starta 24. februar.

– Eg føler sorg, seier den erfarne soldaten.

– Å døy på den måten… Dei har barn, dei har familiar.

Han tar ei pause, før han seier resolutt:

– Men vi skal vinne tilbake området og då skal vi finne dei alle.

Plahuta er full av lovord om sine medsoldatar.

– Eg kjente Volodya godt, og alle dei andre soldatane var akkurat som han: Menn som ville beskytte landet sitt. Vi angreip ingen. Vi berre forsvarer landet vårt sånn at borna våre skal få eit liv.

STOLT: Tobornsfaren viser fram kva dei kjempar for: Familien. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
STOLT: Tobornsfaren viser fram kva dei kjempar for: Familien. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Han fnyser når han tenker på motstandaren.

– Du ser kva slags folk dei sender, seier han mens han ristar på hovudet.

Det var den berykta Wagner-gruppa dei kjempa mot i Bakhmut, som mellom anna rekrutterte fangar frå russiske fengsel i stor stil.

– Russarane brukar også ulovlege våpen. Troppen ved sidan av oss seier dei blei forgifta av ein gass som gjorde alle dårlege, hevdar Plahuta.

Verken han eller TV 2 kan stadfeste kva slags gass som eventuelt blei brukt.

Sikker på siger

Frå sjukehuset følgjer han utviklinga i Bakhmut tett. Han er hyppig på telefonen med bataljonen sin i byen. Dei som framleis lever.

– Kampane er endå verre no, seier han, før han raskt legg til:

– Men sjefen seier at dei har kontroll.

– Kva er ditt bodskap til dei som no kjempar ved fronten?

No brukar Plahuta alle sine krefter for å rette seg opp i senga.

KAMPKLAR: Plahuta er sikker på siger. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
KAMPKLAR: Plahuta er sikker på siger. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

– Dette vinn vi! Ære til Ukraina, ære til heltane!

Han ser på oss og nikkar bekreftande:

– Du veit, eg kjenner gutta som er igjen. Dei kjem til å fjerne alt avskummet frå Bakhmut og frå resten av landet vårt.

Trass sine store skader, håper han å komme tilbake til det ukrainske forsvaret.

– Med slike skader, kan eg bli verande i forsvaret som instruktør.

Ventar på familien

Men først ventar langvarig behandling i Norge. No håper han kona og dei to borna kan få komme, iallfall på besøk. Yngstemann på ti månader har han berre sett ein gong.

FAMILIEN: Dette er den einaste gongen Plahuta har fått sjå sonen Dmytro Daniel. T.v. er dottera Polina (15), og t.h. er kona Iryna. Foto: Privat
FAMILIEN: Dette er den einaste gongen Plahuta har fått sjå sonen Dmytro Daniel. T.v. er dottera Polina (15), og t.h. er kona Iryna. Foto: Privat

– Eg saknar dei. Det har gått nesten eit heilt år. Dei er i Austerrike no, men eg trur dei kjem hit i april. Då sjåast vi igjen, smiler tobornsfaren.

Takkar Norge

Plahuta har også eit anna bodskap han gjerne vil få fram: Sjølv om han har ein lang veg framanfor seg, er han glad han er akkurat i Norge og her på Ullevål.

– På vegne av meg sjølv og den ukrainske befolkninga, er eg veldig takknemleg for gjestfridomen, for behandlinga og ikkje minst for omsorga. Og for forståinga! Det set eg pris på. Eg treng ikkje kunne språket, eg ser korleis folk er. Heilt supert, seier Serhii Plahuta.