Bekymra for vener på begge sider

Norsk-israelske Stav Salpeter (24) er sterkt engasjert i kampen for fred. Ho er redd, men ho har også håp.

JOBBAR FOR FRED: Norsk-israelske Stav Salpeter (24) har tett kontakt med både israelarar og palestinarar. Foto: Privat
JOBBAR FOR FRED: Norsk-israelske Stav Salpeter (24) har tett kontakt med både israelarar og palestinarar. Foto: Privat

Stav Salpeter (24) småjoggar rundt på kontoret i London. Det er hektiske dagar, som for alle som jobbar for fred.

– Eg kjenner mange på begge sider av konflikten. Det er veldig trist det som skjer, seier Salpeter.

Prisbelønt dialogarbeid

24-åringen er direktør for samfunnsengasjement i organisasjonen Yachad i London.

– Vi oppfordrar britiske jødar til å støtte ei politisk forhandla løysing av konflikten og for å få ein slutt på Israels okkupasjon av palestinske område, forklarer Salpeter på telefon til TV 2.

NORGESBESØK: Salpeter er halvt norsk. Her er ho på besøk i bestemoras heimfylke Møre og Romsdal. Foto: Privat
NORGESBESØK: Salpeter er halvt norsk. Her er ho på besøk i bestemoras heimfylke Møre og Romsdal. Foto: Privat

Salpeter har lenge vore engasjert i fred- og forsoningsarbeid. Som fersk student ved universitetet i skotske Edinburgh i 2018, etablerte ho ei foreining for dialog mellom israelarar og palestinarar.

– Må høyre andre perspektiv

– Det fanst ikkje rom for å snakke saman. Den einaste «dialogen» skjedde då studentane ropte på kvarandre under protestar. Med foreininga, trur eg vi skapte ein dialog som verkeleg var nødvendig, seier Salpeter.

– Det var viktig for meg også å høyre andre perspektiv og utfordre mine eigne meiningar, understrekar ho.

PRIS: Foreininga fekk ein pris for arbeidet med å fremme dialog. Foto: Privat
PRIS: Foreininga fekk ein pris for arbeidet med å fremme dialog. Foto: Privat

Salpeter legg til at studentar frå andre universitet verda rundt tok kontakt for å be om råd for å opprette liknande samfunn. Det gleder 24-åringen.

– Vi må kunne snakke om situasjonen på ein måte som er nyansert og viser begge sider. Når ein ikkje høyrer andre narrativ, er det veldig enkelt å dehumanisere den andre sida, seier ho.

Bekymra

Etter Hamas sine angrep 7. oktober og Israels etterfølgande bombing av Gaza, har det blitt lite søvn.

– Eg er veldig bekymra, seier Salpeter.

Ho har sjølv budd i Israel i periodar. No går tankane til vennane og familien der, som til stadigheit må søke ly for Hamas sine rakettar.

– Alle skulane er stengde og gatene er tomme, livet kan ikkje fortsette som vanleg.

Men ho bekymrar seg også for sine palestinske vennar. Særleg ei venninne på Gazastripa, som ho har kjend i mange år.

ANGREP: Røyken stig etter eit israelsk angrep mot Gazastripa 20. oktober. Foto: Francisco Seco / AP
ANGREP: Røyken stig etter eit israelsk angrep mot Gazastripa 20. oktober. Foto: Francisco Seco / AP

– Situasjonen på Gazastripa er forferdeleg. Venninna mi måtte evakuere. Men no har eg ikkje fått kontakt på fleire dagar. Eg er veldig uroleg for ho og familien hennar, seier Salpeter.

Merkar auka hat

Salpeter er også bekymra for aukande hat, både mot jødar og muslimar.

– Eg og kollegaene mine som jobbar for fred har fått forferdelege meldingar på sosiale medium, som for eksempel at vi burde ha blitt tatt som gislar av Hamas.

HEIDRA: Salpeter blei heidra med rektormedalje frå Universitetet i Edinburgh, mellom anna for arbeidet med det palestinsk-israelske dialogsamfunnet. Foto: Privat
HEIDRA: Salpeter blei heidra med rektormedalje frå Universitetet i Edinburgh, mellom anna for arbeidet med det palestinsk-israelske dialogsamfunnet. Foto: Privat

Den britiske organisasjonen CST melder om eit rekordhøgt tal antisemittiske hendingar i Storbritannia sidan 7. oktober.

Salpeter seier ho og mange andre er redde for å bruke symbol som kan vise at dei er jødiske. Dei har også behov for ekstra sikkerheit ved synagogen.

– Men det er også auke i islamofobi. Det er veldig trist, seier Salpeter.

– Vi som bur i utlandet blir ramma av ting vi ikkje har noko med, på begge sider.

Ser håp – trass alt

Salpeter understrekar at til lenger konflikten varer, til meir viktig blir dialogen mellom gruppene.

SAMARBEID: Salpeter (t.v.) på scena saman med den palestinske med-presidenten Yasmin (t.h.) i universitetsforeininga. Foto: Privat
SAMARBEID: Salpeter (t.v.) på scena saman med den palestinske med-presidenten Yasmin (t.h.) i universitetsforeininga. Foto: Privat

– Det er ikkje så vanleg for israelarar og palestinarar i min generasjon å kjenne kvarandre, men eg får mykje håp frå organisasjonar som jobbar for å bringe folk saman.

Og der er ho inne på noko ho ønskjer å få fram: at det faktisk finst små lysglimt i mørket.

– Noko av det som har gitt meg mest håp dei siste dagane, er å høyre frå ofre som ikkje ønskjer hemn, seier Salpeter.

Ho fortel mellom anna om ein ven i Israel, som fekk broren sin drepen av Hamas.

– Men hen seier høgt og tydeleg at hen ikkje ha hemn. Hen ber om at hen si smerte ikkje skal bli brukt til å rettferdiggjere at andre uskyldige blir skadde.

– Okkupasjonen må ta slutt

24-åringen ber om at konflikten stansar så raskt som råd.

– På kort sikt må Hamas sleppe fri gislane. I tillegg må humanitær hjelp sleppe inn til Gazastripa. Uskyldige liv må bevarast etter internasjonal lov, understrekar Salpeter.

OPPTRAPPING: Medan dødstala stig på Gazastripa, er det varsla ein bakkeinvasjon. Israelske styrkar står klare og ventar på ordren. Foto: Aage Aune / TV 2
OPPTRAPPING: Medan dødstala stig på Gazastripa, er det varsla ein bakkeinvasjon. Israelske styrkar står klare og ventar på ordren. Foto: Aage Aune / TV 2

På lengre sikt er kravet hennar klart: Den israelske okkupasjonen må ta slutt.

– Ei løysing må forhandlast fram av palestinarane og israelarane, og den må respektere menneskerettane til alle. Det er vi som skal dele landet til slutt, avsluttar 24-åringen.