RAKETTANGREP: Ljudmila (47), låg og sov då russiske rakettar traff blokka ho bur i. Foto: Oleksandr Techynskyi og Mike Mawhinney / TV 2
RAKETTANGREP: Ljudmila (47), låg og sov då russiske rakettar traff blokka ho bur i. Foto: Oleksandr Techynskyi og Mike Mawhinney / TV 2

– Alt er Russland sin feil

MYKOLAJIV, UKRAINA (TV 2): Ljudmila (47) låg og sov då russiske rakettar traff blokka ho bur i. Ho mista sju av naboane den natta. Nokre dagar etter traff eit ukrainsk luftvernmissil nabolandet Polen. Ljudmila er ikkje i tvil om kven sin feil det er.

– Her er det mat, alle sammen! Kom og hent.

Ljdumila har tatt på seg rolla som matutdelar i boligkomplekset i Mykolajiv sentrum, sør i Ukraina. Maten er levert frå ein frivillig organisasjon.

– Vi har ikkje hatt strøm sidan angrepet, forklarer Ljudmila, mens ho gir ein porsjon med ris og kjøtt til ein av naboane.

STORE SKADER: Bustadblokkene fekk store skader i angrepa. Foto: Oleksandr Techynskyi og Mike Mawhinney/ TV 2
STORE SKADER: Bustadblokkene fekk store skader i angrepa. Foto: Oleksandr Techynskyi og Mike Mawhinney/ TV 2

Bomba bustadblokker

I bakgrunnen ligg den utbomba naboblokka. Fleire leilegheter blei redusert til grus under det kraftige angrepet, som også førte til store skader på blokkene rundt.

– Vi låg og sov og vakna til eit mareritt, seier Ljudmila.

– Alle vindauga blåste inn og glasset hagla overalt. Då vi klarte å komme oss ut, såg vi kva som hadde skjedd, seier ho og nikkar mot det gapande holet i naboblokka.

– Folk skreik. Det var slike forferdelege skrik.

MASSIVE ANGREP: Mykolajiv var ein av mange byar som blei beskutt av russiske missilar. Foto: Oleksandr Techynskyi og Mike Mawhinney/ TV 2
MASSIVE ANGREP: Mykolajiv var ein av mange byar som blei beskutt av russiske missilar. Foto: Oleksandr Techynskyi og Mike Mawhinney/ TV 2

Ljdumila ristar på hovudet over alle liva som gjekk tapt. Hennar naboar og vennar.

– Der oppe, sier ho og peikar mot ein av dei øverste etasjane:

– Der budde ein 16-åring med foreldrene. No er han foreldrelaus, seier ho stille.

– Og i den leiligheta, blei ein mann drept. Kona overlevde fordi ho var på toalettet akkurat då.

– Alt er angriparen sin feil

Tirsdag hagla rakettane igjen over Ukraina.

– Vi var her ute i hagen, så høyrde vi ei forferdeleg kvining over hovuda våre, fortel Ljudmila.

Rakettangrep Mykolajiv i Ukraina. Ljudmila (47), overlevande etter russisk rakettangrep. Foto: Oleksandr Techynskyi og Mike Mawhinney/ TV 2
Rakettangrep Mykolajiv i Ukraina. Ljudmila (47), overlevande etter russisk rakettangrep. Foto: Oleksandr Techynskyi og Mike Mawhinney/ TV 2

Til alt hell var det ingen rakettar som slo ned i byen denne gongen. Det ukrainske luftvernet klarte å skyte ned 73 av totalt 100 rakettar, ifølge det ukrainske luftforsvaret.

Ifølge polske styremakter, var det eit av desse luftvernmissila som landa i Polen og tok livet av to menneske. Ukrainske styremakter på si side står fast ved at raketten ikkje var ukrainsk, og seier dei har bevis som peikar på at Russland stod bak.

Ljdumila vil ikkje spekulere i kva som skjedde. Men uansett om det var eit ukrainsk luftvernmissil, så er ho ikkje i tvil om om kven som har ansvaret for angrepet.

– Alt kom frå angriparen og det er deira skyld at dette skjedde. Det var Russland som starta alt sammen. seier Ljudmila bestemt.

Rakettangrep Mykolajiv i Ukraina. Ljudmila (47), overlevande etter russisk rakettangrep. Foto: Oleksandr Techynskyi og Mike Mawhinney / TV 2
Rakettangrep Mykolajiv i Ukraina. Ljudmila (47), overlevande etter russisk rakettangrep. Foto: Oleksandr Techynskyi og Mike Mawhinney / TV 2

Ein bil med store dunkar med vatn stansar og igjen kjem naboane til. Mykolajiv har ikkje hatt drikkevatn i springen sidan dei russiske styrkene øydela vannforsyninga i midten av april.

– Før invasjonen, hadde vi eit godt liv. Alt var roleg og ingen plaga oss. Vi gjekk på jobb og samfunnet fungerte, seier Ljdumila, mens ho slår oppgitt ut med armane og peikar på øydeleggingane rundt ho.

– Det viktigaste no er at få slutt på krigen slik at folk sluttar å døy.