Ville du kjent igjen stemma til barnet ditt?

Kunstig intelligens har skapt redsel i USA etter ein falsk nødtelefon. Økokrim seier det er eit spørsmål om tid før vi vil sjå dette i Norge.

TALEMANIPULERING: Kunstig intelligens vil bli brukt til nye svindelforsøk i framtida. Foto: Christian Roth Christensen / TV 2
TALEMANIPULERING: Kunstig intelligens vil bli brukt til nye svindelforsøk i framtida. Foto: Christian Roth Christensen / TV 2

Kunstig intelligens kan brukast til å klone stemmer som liknar på faktiske menneske.

Det fekk ei mor frå delstaten Arizona i USA oppleve på eit grufullt vis.

– Ei mor kjenner barnet sitt. Du kan høyre barnet ditt gråte frå andre sida av ei bygning, men du veit det er ditt barn, sa Jennifer DeStefano i eit intervju med CNN.

Kvinna blei ringt opp av det ho trudde var hennar 15 år gamle dotter.

Ein mann i andre enden av telefonen fortalde at han hadde kidnappa dottera, og kravde 1 million amerikanske dollar for å sleppe ho fri.

I bakgrunnen høyrde ho dottera rope etter hjelp, gråtande.

Sikker på gråten

Då politiet blei kontakta, kunne dei fortelje at dette var ein vanleg svindelmetode, men mora var enno overtydd om at situasjonen var reel.

Mora fortalde at det ikkje berre var dottera sin stemme som var heilt lik, men gråtinga og hulkinga òg.

Heldigvis fekk mora tak i faren som var saman med dottera på det tidspunktet, og svindelen blei avslørt.

Eit samfunnsproblem

– Det er truleg berre eit spørsmål om tid før bedragarar vil nytte seg av kunstig intelligens i større grad i Norge òg, seier Anne Allum, statsadvokat i Økokrim og fagansvarleg for bedrageri.

Den type svindel har auka so mykje at politiet ser på det som eit samfunnsproblem.

BEKYMRA: Anne Allum i Økokrim meinar bruk av kunstig intelligens i svindelforsøk vil auke i omfang med åra. Foto: Tommy Storhaug
BEKYMRA: Anne Allum i Økokrim meinar bruk av kunstig intelligens i svindelforsøk vil auke i omfang med åra. Foto: Tommy Storhaug

Førebels fungerer stemmekloningsverktøya berre på engelsk, ifølge Morten Goodwin, ekspert på kunstig intelligens.

Ein treng ikkje meir enn nokre minutt av ei stemme for å manipulere den.

Skal ein derimot lage ei stemme med truverd på norsk, treng ein mykje datakraft, noko folk flest ikkje har tilgang på.

Difor er det heller ikkje mykje brukt av vanlege folk.

Likevel er han tydeleg på at stemmekloning kjem til å bli vanleg med norske stemmer òg.

– Om eit år eller to blir ein nøydd å ta telefonsamtalar og lyd med ei klype salt, seier Goodwin.

Skjer i Norge òg

– Vi har ikkje sett mange konkrete saker av svindel med stemmekloningsverktøy i Norge til no, men vi har indikasjonar på at det skjer, seier Allum.

Ho fortel at politiet ikkje har ressursar til å etterforske alle sakene, men at dei jobbar førebyggande.

– Meiner de at regjeringa gjer nok i arbeidet med å innføre regulering av kunstig intelligens?

– Økokrim held seg til den gjeldande reguleringa til ein kvar tid, og kjem med innspel til utvikling av regelverket til Justisdepartementet gjennom Riksadvokaten og Politidirektoratet.

Må bli meir kritisk

Statssekretær Gunn Karin Gjul i Kommunal- og distriktsdepartementet meiner det er mange regelverk som fangar opp kunstig intelligens.

Samstundes meiner ho at vi ikkje skal ha ei særskild lov som regulerer den type teknologi.

– Det kan vere farleg, for medan vi regulerer kunstig intelligens så spring den teknologien av garde, og kjem i nye utgåver og formar. Då klarer vi ikkje å regulere det neste som kjem.

TILLIT: Gunn Karin Gjul meiner Norge har ein fordel fordi vi er eit tillitsbasert samfunn, og at vi saman skal finne løysingar for slike svindelmetodar. Foto: Håkon Mosvold Larsen
TILLIT: Gunn Karin Gjul meiner Norge har ein fordel fordi vi er eit tillitsbasert samfunn, og at vi saman skal finne løysingar for slike svindelmetodar. Foto: Håkon Mosvold Larsen

Ho forsikrar at regjeringa jobbar på fleire hald, og held for tida på med ein ny digitaliseringsstrategi der kunstig intelligens kjem til å vere ein stor del.

– Eg trur at når det kjem ny teknologi og det er litt uoversiktleg, så er vi menneske grunnleggande bekymra.

Likevel meiner både ho og eksperten Goodwin at vi kjem til å finne løysingar som gjer at vi kan avdekke slike svindelmetodar.

– Men vi er nøydd å lære oss å bli meir kritisk, seier Gjul.