SEL ØLEN VARM: Mange butikkar sel alkoholfri øl i romtemperatur. – Butikkane gjer det vanskelegare å velje alkoholfri øl ved å selje det varmt. Ingen likar varm øl, seier Hadle Rasmus Bjuland i KrFU. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2
SEL ØLEN VARM: Mange butikkar sel alkoholfri øl i romtemperatur. – Butikkane gjer det vanskelegare å velje alkoholfri øl ved å selje det varmt. Ingen likar varm øl, seier Hadle Rasmus Bjuland i KrFU. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

Vil endre reglane for ølsal: – Skal vere strengt regulert

Målet til KrFU er å få fleire til å velje alkoholfritt. Unge Høgre meiner forslaget er «tullete».

– Oslo er kjent for å ligge foran på trendar. Og når butikkar der er så gamaldagse og utdaterte, er det ingenting som vitnar om at dette står betre til andre stader i landet. Då meiner eg at det må sterkare grep til.

Det seier KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland.

Tidlegare i september skreiv TV 2 at mange butikkar sel alkoholfri øl romtemperert.

MÅ TA TAK: Generalsekretær i Av-og-til, Ragnhild Kaski, vil at fleire skal velje alkoholfritt og meiner daglegvarekjedene kan gjere meir for å legge til rette for det. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
MÅ TA TAK: Generalsekretær i Av-og-til, Ragnhild Kaski, vil at fleire skal velje alkoholfritt og meiner daglegvarekjedene kan gjere meir for å legge til rette for det. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Samtidig som salet av øl uten alkohol har auka kraftig, viste ei undersøking at kun 1 av 4 butikkar i hovudstaden selde ølen kaldt. Dette reagerte Av-og-til, som stod bak undersøkinga, på.

– Dessverre henger mange butikkar etter med å tilby alkoholfri øl kjølig, og då er det mindre sannsynleg at ein vel det. Det meiner vi daglegvarekjedane burde ta tak i, sa generalsekretær i Av-og-til, Ragnhild Kaski.

– Det er jo ingen som likar varm øl, sa ho.

– Må gripe inn

Nokon som vil ta tak i reglementet er KrFU. Bjuland foreslår endringar i alkohollova.

– Her må kommunane gripe inn og gjere noko med salsbevillinga. Dei må likebehandle alkoholfri med alkoholhaldig drikke, seier Bjuland.

Han foreslår at all øl må stå kaldt i butikkane. Viss ikkje dette er mogleg, må alle øltypar seljast i romtemperatur.

Slik vil ungdomspartiet gjere det enklare å velje alkoholfritt.

ALT ELLER INGENTING: Leiar Hadle Rasmus Bjuland i KrFU vil lovfeste at daglegvarebutikkar må selje anten all eller ingen øl kaldt i butikken. Foto: Frode Sunde / TV 2
ALT ELLER INGENTING: Leiar Hadle Rasmus Bjuland i KrFU vil lovfeste at daglegvarebutikkar må selje anten all eller ingen øl kaldt i butikken. Foto: Frode Sunde / TV 2

– Alkoholpolitikken skal vere strengt regulert og vektlegge dei mest sårbare og dei som har utfordringar knytt til høgt alkoholkonsum. Her må vi dyrke fram at det finst alternativ til alkohol, seier Bjuland.

Ved å kun selje øl med alkohol kaldt meiner han at daglegvarekjedane gjer det enklare å kjøpe dette.

– For oss handlar ikkje alkoholpolitikk om korleis ein kan tene mest mogleg pengar, men om å verne om dei som slit med alkoholmisbruk og hindre skadeleg forbruk. Det inneber restriktive reglar for alkoholsal, legg han til.

Møter motstand

KrFU sitt ønske får ikkje støtte hos Unge Høgre. Første nestleiar Håkon Snortheim meiner at forslaget er «tullete».

– Alkoholsalet i Norge er regulert for strengt frå før. Då er det håplaust at politikarane skal vedta temperaturen på ølen også. Om politikarane skal endre alkoholpolitikken, må den liberaliserast, ikkje strammast inn, meiner Snortheim.

REAGERER: – Forslaget til KrFU er tullete, meiner Håkon Snortheim i Unge Høgre. Foto: Unge Høgre
REAGERER: – Forslaget til KrFU er tullete, meiner Håkon Snortheim i Unge Høgre. Foto: Unge Høgre

Han meiner at forslaget vil gjere kvardagen krevjande for spesielt mindre butikkar som Snortheim peiker på at vil bli nøydd til å investere i kjøleskap.

– Politikarane må gjere det enklare å drive butikk i Norge, ikkje vanskelegare. Forslaget frå KrFU gjer det vanskelegare for små butikkar å selje dei drikkevarene folk vil ha, seier Snortheim.

– Ikkje vegen å gå

Kommunikasjonsrådgjevar i Coop, Knut Lutnæs, skriv i ein e-post til TV 2 at kjeda stadig installerer kjølarar for alkoholfritt øl og utvidar sortimentet.

– Coop har gode erfaringar med å legge til rette for at kundane får velje, gjennom å installere kjølarar for alkoholfritt øl. Dette gjer vi i stadig fleire butikkar og utviklinga går riktig veg, både med omsyn til utval og omsetnad, seier han.

Likevel trur han ikkje KrFU sitt forslag vil auke salet av alkoholfritt øl ytterlegare.

– Vi trur ikkje fleire reguleringar og pålegg er vegen å gå for å få fleire til å velje alkoholfrie alternativ, seier Lutnæs.