
Ventar forrykande regnvêr: – Blir heftig
Søndag kan det kome heile 90 millimeter med regn på Vestlandet.
– I morgon blir det heftig vêr på Vestlandet, med veldig mykje nedbør, seier vakthavande meteorolog i StormGeo, Olav Krogsæter.
Enkelte stader kan få mellom 60 og 90 millimeter regn, og ut på ettermiddagen kan det også bli torevêr.
Varselet gjeld frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord.
Vind, regn og snø
– Det blir kuling og regn over heile fjøla, og snø i fjellet. Det er sendt ut ganske mange farevarsel, seier Krogsæter.
Søndag er det oransje farevarsel for snøskred i delar av Troms og Nordland og i fleire regionar på Vestlandet.
På Vestlandet er det også mellom anna gult farevarsel for jord-, sørpe- og flomskred og regn.
– Nedbøren kjem som regn heilt opp til 1000 meter over havet. Det blir mildt, så blir det kaldt på måndag med nordavind. Då blir det snø heilt ned i fjæresteinane, seier Krogsæter.
Elles i landet blir det rolegare.
– Nord-Norge ligg nord for lågtrykket, så der blir det relativt roleg, men nokre snøbyger vil kome her og der, seier Krogsæter.
– Sør- og Austlandet får ein del vind, men ikkje noko nedbør, legg han til.
Snø på Nordvestlandet
På mandag held nedbøren fram i Møre og Romsdal og nord i Oppland, ifølgje meteorologen.
– Det kan komme ein halvmeter med snø i Møre og Romsdal og nordvest i Oppland.
Det blir også kaldare på måndag over heile landet.
– I morgon blir det relativt mildt på Vestlandet, med fem til sju plussgrader. På Austlandet blir det om lag ein grad i morgon, og i søraust blir det fem plussgrader, seier Krogsæter.
I nord vil gradestokken stort sett ligge rundt null grader, legg han til.