STORT OMFANG: Ei enorm mengde fisk har døydd den siste tida i elva Oder, som går langs landegrensa mellom Tyskland og Polen. Foto: Annegret Hilse / Reuters / NTB
STORT OMFANG: Ei enorm mengde fisk har døydd den siste tida i elva Oder, som går langs landegrensa mellom Tyskland og Polen. Foto: Annegret Hilse / Reuters / NTB

Tonnevis av fisk har døydd i elv - usikker på årsaka

Kan ta år før elva er tilbake i normal forfatning.

Den 840 kilometer lange elva Oder går gjennom Tsjekkia, Tyskland og Polen. Store deler av elva går langs den polsk-tyske landegrensa.

Dei siste vekene har ei uvanlig hending skapt hodebry for tyske og polske myndigheiter. Siden slutten av juli har nemlig tonnevis av fisk dødd i elva, skriv Reuters.

Kan vere kjemisk avfall

Ein teori har vore at forureining er årsaka til massedøden, men myndigheitene har så langt ikkje konkludert med kva som står bak.

– Ei miljøkatastrofe er i anmarsj, seier Tysklands miljøminister Steffi Lemke til det tyske nyhetsbyrået RND.

– Alle partar jobbar hardt for å finne årsaka til denne massedøden og forhindre potensiell ytterlig skade, legg ho til.

MASSEDØD: Det blir jobba på spreng med å fjerne død fisk frå Oder på grensa mellom Tyskland og Polen. Foto: Annegret Hilse / Reuters / NTB
MASSEDØD: Det blir jobba på spreng med å fjerne død fisk frå Oder på grensa mellom Tyskland og Polen. Foto: Annegret Hilse / Reuters / NTB

Polens statsminister Mateusz Morawiecki seier at det er sannsynleg at store mengder kjemisk avfall har blitt dumpa i elva. Han trur det kan ha blitt gjort med vilje, ifølge Washington Post. Skadene for livet i elva kan bli langvarige.

– Omfanget av forureininga er veldig stor - så stor at det kan gå år før Oder er tilbake til normal tilstand, sa Morawiecki fredag.

Han la til at dei som står bak utsleppet skal stå til ansvar for det.

Ifølge polske myndigheiter har over 11 tonn fisk døydd som følge av hendinga, og fleire hundre kilometer av elva skal vere råka.

KLAR MELDING: Lokalbefolkninga har blitt bedt om å unngå å bade og å ikkje ete fiske frå Oder. Her frå byen Kostrzyn. Foto: Cezary Aszkielowicz/AGENCJA WYBO / Reuters / NTB
KLAR MELDING: Lokalbefolkninga har blitt bedt om å unngå å bade og å ikkje ete fiske frå Oder. Her frå byen Kostrzyn. Foto: Cezary Aszkielowicz/AGENCJA WYBO / Reuters / NTB

Myndigheitene har fått kritikk frå miljøorganisasjonar for å reagere for sakte på fiskedøden, som skal ha starta i slutten av juli. Det tyske miljødepartementet skal ha blitt informert av polske myndigheiter først torsdag denne veka.

Ber folk om å ikkje bade

Det har blitt funne spor av kjemiske stoff i vatnet i analysar, som truleg har ein giftig påverknad på virveldyr.

FORUREINA: Polens statsminister seier at utslepp av kjemisk avfall kan vere årsaka. Foto: Lisi Niesner / Reuters / NTB
FORUREINA: Polens statsminister seier at utslepp av kjemisk avfall kan vere årsaka. Foto: Lisi Niesner / Reuters / NTB

I tillegg skal det ha blitt funne høge nivå av kvikksølv i vatnet, ifølgje den tyske TV-kanalen RBB. Polske myndigheiter har også funne kvikksølv i vatnet i delar av elva.

No skal det bli sett opp barrierar i nærleiken av byen Kostrzyn for å samle opp død fisk i elva. 150 personar frå militæret skal hjelpe til med opprydninga. Dei har også bedt lokalbefolkninga om å ikkje bade i elva eller ete fisk frå den.