
Thomas kan miste synet: – Unødvendig
På det verste, sydde Thomas Gerner att det eine auge for å beskytte det. No kan slike drastiske tiltak bli aktuelle nok ein gong.
Sjå for deg at du lar vindaugsviskarane på bilen din gå og gå i timevis, utan verken spylarvæske eller regndråpar til å vete frontruta.
Lyden av tørre vindaugsviskarar som dreg seg langs ei like tørr frontrute, gneg deg i øyra.
Sand og blader frå knusktørre tre treff frontruta, og blir dradd med vindaugsviskarane, fram og tilbake over frontruta. Det kjem riper i glaset.
Det går ikkje an å skru av vindaugsviskarane, og dei som lagar spylarvæske har stoppa å produsere det.
Sjå så for deg at i staden for ei frontrute, skjer dette med auga dine. Vindaugsviskarane er dine eigne augelok.
Slik vil det kjennest for 61 år gamle Thomas Gerner, dersom legemiddelselskapet ikkje snart startar opp igjen produksjonen av det som kan redde synet hans.

Sydde saman auget
61 år gamle Thomas Gerner har ein sjeldan sjukdom.
I 1996 fekk han ein virusinfeksjon på auga, som førte til at tilførsel frå tårekjertlane blei heilt øydelagde. Han fekk ikkje lenger tårevæske på auga.
Auga hans tørka ut og blei fylte av hundrevis av bittesmå sår.
I samråd med lege, forsøkte han alt han kom over av augedråpar og andre moglege løysingar.
På eitt tidspunkt, sydde dei til og med att augeloket på det eine auge, i eit forsøk på å beskytte og lindre.

Redninga
Omsider fann legen redninga i form av ein liten, røyrforma duppedings som kallast lameller. Denne lille lamellen legg han på innsida av kvart auga.
Lamellen svulmar opp som ein liten svamp som kan halde på væske gjennom dagen. Slik kan auga få tilført etterlengta fukt.
I vel tjuefem år, har desse lamellene gitt han lindring og latt han behalde synet.
No spørs det kor lenge det vil vare.
– Eg har fått beskjed om at det er stopp i produksjonen som følge av pandemien, og at lamellene ikkje blir tilgjengeleg før tidlegast september 2023.
– Eg har eit lite lager av lameller på lur, men det byrjar gå tomt, seier Gerner.
Kan miste synet
Lamellene er produsert av det amerikansk-canadiske selskapet Bausch & Lomb.
Legemiddelet er ikkje lenger marknadsført i Norge, etter at den førre produsenten avregistrerte produktet i 2004. Nordmenn kan likevel få produktet på resept gjennom godkjenningsfritak.
Ettersom produktet ikkje er marknadsført i Norge, har ikkje det norske legemiddelverket oversyn over verken produksjon eller tilgang på legemiddelet.
Det er dermed svært vanskeleg å seie når produktet vil bli tilgjengeleg i Norge igjen.

Om nokre månader, er Gerner tom. Det vil få store konsekvensar.
– Eg risikerer å miste synet. Det kjennest utruleg unødvendig. Det finst jo ei løysing, det er berre å produsere ho, seier Gerner.
Han har vore i kontakt med legemiddelverket, norske apotek og legemiddelselskapet, men ingen kan seie når lamellene vil komme for sal igjen.

– Pengane rår
Augelege Øystein Mjanger reagerer på at det er så lang leveringstid på lamellene, og at dei ikkje kan få noko klart svar på når eller om lamellene vil komme for sal igjen i Norge.
– Eg kan aldri tenke meg at det er verken dyrt eller vanskeleg å produsere desse lamellene, seier Mjanger.
Augelegen kjøper ikkje unnskuldninga om at det er produksjonsvanskar som følge av pandemien som fører til lange leveringstider.
Leveringsproblema starta nemleg lenge før pandemien braut ut.
Mjanger mistenker at selskapet er i ferd med å fase ut produktet, sjølv om det per i dag ikkje finst eit fullgodt alternativ.
– Det er pengane som rår. Det lønnar seg ikkje å selge produktet, fordi det er så få som brukar det, trur Mjanger.

Ber selskapet ta ansvar
Det er uvisst kor mange som har same tilstand som Gerner, eller kor mange som er like avhengige av øyelamellene.
I følgje Apotek 1 er det ein stad mellom 100 og 200 personar i Noreg som brukar medikamentet.
Sjølv om tilstanden er sjeldan, meiner Mjanger at legemiddelselskapet må vere sitt ansvar bevisst.
– Dei må sette pasienten i fokus, sjølv om det ikkje er eit overskotsforetak. Dette er utruleg viktig for enkelte.

Produksjonsvanskar
Legemiddelselskapet Bausch & Lomb skriv i eit utsegn til TV 2 at leveringsvanskane skuldast at dei er i prosessen med å overføre teknologien til ein ny leverandør.
Dei seier dette er ein komplisert og tidkrevjande prosess, men at dei jobbar med saka.
Dei håpar produktet vil bli tilgjengeleg i Europa ein gong i 2024.
I mellomtida ber dei pasientane sjå etter andre alternativ.
Memorerer utsikta
Heime i Hordvik utanfor Bergen, nyter Thomas Gerner utsikta frå stoveglaset medan han enno kan.
– Eg har tenkt eg må byrje å memorere utsikta no, tilfelle eg mistar synet, seier han, medan han skuer utover sjøen.
Vitsane kjem på løpande band, om korleis han vil sleppe å sjå favorittlaget tape i fotball og at han endeleg vil finne tid til å høyre på lydbøker.
Men bak galgenhumoren, kviler alvoret. Det vil kreve ei stor omstilling for han og familien dersom han no mistar synet.
– Det er ille nok å bli svaksynt når det ikkje finst ein medisin. Men å bli svaksynt når medisinen finst, men ikkje blir produsert, det er ei kjensle det er vanskeleg å sette ord på, seier Gerner.
