SV krev endring: – Uverdig og usosialt
SV ber regjeringa ta umiddelbare grep etter ei ny ordning som gjer at pasientgruppe må ut med titusenvis kroner ekstra for å reise på ferie.

– Vi reagerer sterkt på at staten behandlar folk på denne måten. Det er uverdig og usosialt, seier Freddy André Øvstegård i SV.
Han har nyleg tatt over leiarskapet for arbeids- og sosialkomitéen på Stortinget.
Noko av det første han gjer i den nye stillinga, er å be regjeringa ordne opp i det han kallar ei verkelegheitsfjern ordning.

– Her er forvaltninga meir opptatt av eigne system og byråkrati enn folk sine faktiske liv og behov. Folk har ikkje råd til å legge ut så store summar, men det har staten. Dette luktar skrivebord, seier Øvstegård.
Må ut med fleire titals tusen
TV 2 har tidlegare fortalt om 53 år gamle Gunn Myhre som har fått ein ekstrakostnad på 34.000 kroner på turen ho hadde tenkt å ta til utlandet i sommar.
Gunn er avhengig av oksygenbehandling og treng spesialutstyr viss ho skal ut av landet.

Før blei dette dekka automatisk, men no må ho legge ut og få refundert beløpet i etterkant.
I følge Helsedirektoratet kom endringa fordi den tidligare ordninga var i strid med lovverket.
For Gunn betyr det at ho ikkje har råd til å reise.
– Dei pengane har eg ikkje. Det betyr at eg må halde meg heime, seier Gunn.
Skapt reaksjonar
Endringa har skapt reaksjonar.
– Eg blir oppgitt, rysta og eigentleg ganske forbanna. seier forbundsleiar i Norges Handikapforening, Tove Linnea Brandvik.
Ho seier ho set pris på SV sitt initiativ.
– Dette må dei ta gjennom Stortinget dersom regjeringa ikkje klarar å fikse det. Det handlar ikkje om å gi folk nye rettar, men om å gi dei rettane dei allereie har.
Ho synest ikkje gunngjevinga for å endre ordninga er god nok.
– Det er ikkje pasientane som treng oksygenbehandling som har gjort feil, det er direktoratet sjølv. Då må dei no klare å rydde opp i dette før dei endrar ordninga, seier Brandvik.

Ho får støtte av lungelege og leiar for norsk forening for lungemedisin, Rune Nielsen.
– Dette er direkte usosialt. Det gjer at våre pasientar ikkje berre blir ramma av sjukdom, men og får innskrenka moglegheita til å leve det som i dag blir betrakta som eit normalt liv, seier Nielsen.

Vil sjå på løysing
– Vi har stor forståing for at situasjonen som har oppstått har vore ei belastning for pasientane, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Karl Kristian Bekeng (Ap).
Han seier dei har likevel har vore opptatt av å sikre at praksisen er i tråd med lovverket.

Helse- og omsorgsdepartementet opplyser at dei har vore i dialog med Helsedirektoratet og presisert at gjeldande regelverk ikkje er til hinder for å inngå avtalar om direkte oppgjer med norske oksygenleverandørar.
– Vi er glade for at helsedirektoratet no opplyser at dei vil sette i gong ein prosess med å få på plass avtalar med desse leverandørane, slik at enkeltpersonar slepp å legge ut i forkant, seier Bekeng.