
Straumrekninga blei firedobla - men butikken får ikkje støtte
No har lokalsamfunnet samla inn nesten 150 000 kroner på få dagar. Men mange nærbutikkar vil slite til vinteren, trur butikkjede.
– Eg kan ikkje få takka nok. Det er heilt fantastisk, og veldig rørande.
Kjøpmann Ragnfrid Sønstabø er frå seg av glede over dugnadsånda.
Straumrekningane har galoppert for Joker-butikken som ho driv på Espevær i Sunnhordland.
I august var den på om lag 48 000 kroner, som er rundt fire gonger så mykje som for eitt år sidan.
Permitterte seg sjølv
Til vanleg er det 75 fastbuande på øya, men i sommarhalvåret aukar folketalet betrakteleg. Dermed er det også i denne perioden at butikken, som har to årsverk, tener mykje av omsetnaden sin.
For å spare på straumen har Sønstabø, som også er varaordførar for Høgre i Bømlo kommune, kopla ut fleire kjøleskap i butikken. I tillegg har ho redusert si eiga stilling.

– Eg permitterte meg sjølv 80 prosent frå 1. oktober og jobbar no ein dag i veka. Då har eg gjort alt i mi makt for å overleve vinteren.
16. september la regjeringa fram straumstøtteordninga for næringslivet. Eit av tiltaka var at bedrifter som hadde straumutgifter på tre prosent eller meir av omsetnaden i årets første halvår kunne søke om støtte.
Sønstabø fortel at ein fastprisavtale som butikken hadde ut juni, gjorde at butikken ikkje blei treft av ordninga.
Men dei siste to månadane har rekningane auka kraftig, noko som går ut over butikken sin økonomi. No etterlyser ho meir forutsigbarheit når det gjeld strømrekningane.
– Det beste hadde vore ein makspris som var lik for alle.
Stor gjevarglede
Ho skreiv eit Facebook-innlegg om situasjonen. Då vakna lokalsamfunnet.
Terje Eidesvik, som sjølv bur på Espevær, tok initiativ til ei innsamling på Spleis. Han skildrar butikken som limet i øysamfunnet.

– Eg vil påstå at butikken er voldsomt viktig for Espevær, og eg håpar den kan bestå, seier Eidesvik.
På om lag ei veke har om lag 150 000 kroner frå over 250 gjevarar blitt samla inn.
– Vi er veldig imponert over det som har kome inn og kor mange som har gitt, seier initiativtakaren.
Sønstabø trur at butikken vil klare seg gjennom vinteren, men vedgår at det vil bli tøft.
– Eg er utruleg takknemleg, men viss ikkje det kjem ei straumstøtteordning som treffer dei aller minste så fryktar eg for Distrikts-Norge, seier ho.
– Må kjenne sitt samfunnsansvar
Næringsministar Jan Christian Vestre skriv i ein e-post til TV 2 at det gjer inntrykk å høyre korleis høge straumprisar treff særleg utsatte verksemder.
– Regjeringa har jobba fram ei tiltakspakke saman med LO, NHO og Virke. Vi har vore tydelege heile vegen på at dette arbeidet har vore krevjande, spesielt i ei tid kor ein må unngå overoppheiting av norsk økonomi, seier han.
Han seier vidare at regjeringa legg stor vekt på at næringslivet skal ha gode og forutsigbare rammevilkår.

– Derfor ønskjer vi å legge betre til rette for fastprisavtalar på straum, slik at butikkar som Joker Espevær og andre bedrifter kan velge avtalar som gir dei større forutsigbarheit dersom dei ønskjer det, seier Vestre.
Næringsministaren seier regjeringa har varsla endringar i skattereglane. Dette skal gjere det enklare å gjere det gunstigare å tilby langsiktige og forutsigbare fastprisavtalar.
– Dette grepet vil legge til rette for at fleire hushaldningar og bedrifter får tilgang til gode fastprisavtalar og meir forutsigbare strumrekningar frå januar 2023, seier Vestre, og legg til:
– No må kraftverksemdene kjenne på sitt samfunnsansvar og byrje konkurransen om faspriskundane.
– Mange vil ikkje overleve vinteren
Mange kjøpmenn er no i ein tøff økonomisk situasjon, ifølgje kommunikasjonssjef Hanne Evensen i Kjøpmannshuset, som driv Joker.
– Det er nok dessverre slik at det er mange nærbutikkar som ikkje vil overleve vinteren med dei straumprisane vi opplever no, seier Evensen.
Ho seier at det er mange butikkar, i tillegg til Joker-butikken på Espevær, som ikkje kvalifiserer til straumstøtte.
– Ettersom straumprisane har auka langt meir dei siste tre månadane enn dei gjorde årets seks første månadar, fell dei fleste av våre butikkar utanfor ordninga, seier Evensen.