Støtter Røkke: – Har advart mot dette

Skipsreiar og millardær, Herbjørn Hansson, har full forståing for at Kjell Inge Røkke flyttar til Sveits.

At forretningsmann og milliardær Kjell Inge Røkke har meldt flytting til Sveits har skapt reaksjonar.

Hadia Tajik (Ap) sa tysdag at ho blei overraska over nyheita, medan SV-nestleiar Torgeir Krag Fylkesnes meiner utflyttinga er eit teikn på at skattereglane bør endrast.

– Han har ikkje råd

Røkke får derimot støtte frå skipsreiar Herbjørn Hansson.

– Det kostar han cirka 40.000 kroner per time å vere i Norge. Han har ikkje råd til å betale 40.000 kroner i timen, og derfor flyttar han, hevdar Hansson.

Skipsreiaren har full forståing for at Røkke vel å flytte.

FLYTTAR: Kjell Inge Røkke flyttar til Lugano i Sveits. Flyttinga har skapt sterke reaksjonar. Foto: Lise Åserud / NTB
FLYTTAR: Kjell Inge Røkke flyttar til Lugano i Sveits. Flyttinga har skapt sterke reaksjonar. Foto: Lise Åserud / NTB

– Eg kjenner personleg godt til Sveits. Det er eit meget velorganisert samfunn. Eg har stor sans for at Røkke flyttar, og dette fenomenet har eg advart mot i om lag 40 år. For vi er frie menneske, og vi vil reise dit det er best, seier Hansson.

Hansson hevdar at det til slutt vil bli dei med dårlegast økonomi som taper på at rike personar flyttar ut av landet.

– Dei rike klarer seg alltid godt. Det er dei svake i samfunnet, dei som sit lengst nede ved bordet, som taper, hevdar Hansson.

– Stikker frå rekninga

Raudt-politikar Mimir Kristjansson reagerer sterkt på at Røkke melder flytting. Han meiner Røkke og andre rike personar «stikker frå rekninga» ved å flytte til Sveits.

– Eg trur skatt er grunnen til at han flyttar. Det er sjølvsagt mogleg at ein rik person kjem til Lugano og forelskar seg i byen, men alle rike folk kan ikkje vere forelska i Lugano samtidig utan at det har noko med skattesystemet der å gjere, seier Kristjansson.

REAGERER: Mimir Kristjansson er skråsikker på at snille skattereglar lokka Røkke til Sveits. Foto: Aleksander Myklebust / TV 2
REAGERER: Mimir Kristjansson er skråsikker på at snille skattereglar lokka Røkke til Sveits. Foto: Aleksander Myklebust / TV 2

Han meiner at reglane bør endrast for å unngå at folk flyttar formuane sine til skatteparadis.

– Vi har ein veldig rar skatteregel i Norge om at viss du er ute av landet i fem år, så kan du ta ut utbyttet av selskapet ditt utan å betale skatt til Norge. Difor kjem mange heim igjen etter fem år, og den regelen er eit veldig rart skattehol som er eit godt argument for å flytte, seier Kristjansson.

– Ville sett arbeidsplassar i fare

Medlem i Næringskomitéen på Stortinget, Sivert Bjørnstad (Frp), synest også det er synd at Røkke flyttar.

– Det er snakk om ein industrieigar som har skapt titusenvis av arbeidsplassar og betalt milliardar av skatt opp gjennom åra. Og som på grunn av dagens skattepolitikk ser seg nøydd til å dra ut av Norge, seier Bjørnstad.

FORSTÅR: Sivert Bjørnstad (Frp) trur Røkke flytta på grunn av det norske skattesystemet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
FORSTÅR: Sivert Bjørnstad (Frp) trur Røkke flytta på grunn av det norske skattesystemet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Frp-politikaren meiner derimot at arbeidsplassar kunne vore i fare viss Røkke hadde latt vere å flytte.

– Eg skjønar at det er vanskeleg for Kristjansson å forstå at det som står i skattelistene ikkje er pengar. Det er verdiar som er i selskapa, med investeringar i arbeidsplassar, verft og fiskebåtar som Røkke ved å flytte slepp å ta ut av verksemdene.

– Blir Røkke i Norge må han ta ut 600 millionar årleg frå dei selskapa, og det set arbeidsplassar i fare, meiner Bjørnstad.

Kjell Inge Røkke har så langt ikkje svart på TV 2s henvendelsar.