Slår rottealarm: – Kraftig auke

Junkfood i bybildet er ein av grunnane til at rottebestandane i landet no aukar. Her får du tips til korleis du kan unngå å få gnagarane i hus.

ROTTE-AUKE: For denne rotta endte livet då den gjekk i ei av fellene til eit skadedyrfirma. Før dét hadde den truleg kosa seg med eit gourmetmåltid frå søpla. Foto: Tommy Iversen/Agila Vest Skadedyrkontroll

Du har nok lagt merke til dei der dei pilar inn i eit smug når mørket har lagt seg.

Dette er eit vanleg syn i norske storbyar, som blant anna i Bergen. Men denne hausten er litt spesiell.

– Vi veit at det er ein oppsving av rotter på denne tida kvart år, men vi ser heilt klart fleire rotter i år enn i fjor.

Det fortel Frode Thuland i skadedyrfirmaet Anticimex. Firmaet set ut rottefeller og fører statistikk på bestandane i Bergen.

Ferske tal viser at det frå august til september har blitt felt nærare
4500 rotter berre i Bergen. Samanlikna med i fjor er det ein auke på minst ti prosent.

KRAFTIG AUKE: Tal frå Anticimex i Bergen viser ein kraftig auke i antal rotter felt i Bergen i august og september. Foto: Grafikk: Torleif Hamre
KRAFTIG AUKE: Tal frå Anticimex i Bergen viser ein kraftig auke i antal rotter felt i Bergen i august og september. Foto: Grafikk: Torleif Hamre

– Det er ein kraftig auke, seier Thuland.

Gjeld heile landet

Det er ikkje berre i Bergen at rottene blir fleire.

ROTTEEKSPERT: Tommy Iversen i Agila har opplevd frekkare og freidigare rotter denne hausten. Foto: Privat
ROTTEEKSPERT: Tommy Iversen i Agila har opplevd frekkare og freidigare rotter denne hausten. Foto: Privat

Tommy Iversen i Agila fortel om stor rotteaktivitet andre stader på Vestlandet. Spesielt i kystbyen Florø er det mykje rotter for tida.

– Her om dagen hadde ei rotte tatt turen inn på eit kjøkken midt på lyse dagen. Det er ikkje så vanleg, for rottene er helst aktive om natta.

Han har ein teori om at rottene har blitt frekkare etter pandemien.

– Under pandemien var det mindre folk i byane, og rottene måtte kjempe meir for maten.

Det kan ha gjort at dei no tør meir, trur Iversen.

Også Glen Hovdal i Skadedyrkontroll1 gjer seg klar til meir jobb framover. Firmaet har hovudkontor i Arendal, men jobbar i heile landet, frå Narvik og Bodø til Grimstad og Kragerø.

– Vi ser at oppdraga på hausten aukar jamt i dei fleste byane.

Nedbør og kaldare vêr fører til at rottene blir pressa ut av skjulestadene sine i kloakken og vassrøyr, og opp til overflata. Derfrå søker dei gjerne ly i husa våre, seier Hovdal.

Fleire forsikringssaker

Også forsikringsselskapa bit seg merke i at bygningsskadesaker aukar i perioden september til november.

– Det er høgsesong for at folk melder inn skader gjort av rotter og mus, seier pressekontakt i Frende forsikring, Marius Solberg.

Han har eitt klart råd:

– Bruk haustferien på å gjere dei grepa som fagfolka anbefaler. Då slepp du ubehagelege overraskingar seinare.

Sjå fagfolka sine råd lenger nede i saka.

OBSERVASJON: Rotte observert i buskene som veks i Karl Johans gate midt i Oslo. Foto: Truls Aagedal / TV 2

Rotter elskar nattmat

Når du kjenner svolten gnage klokka 03:30 natt til søndag, så er det jo digg med ein kebab, vedgår Arne Nese, teknisk leiar i Rentokil.

– Og alt av nattmat er fantastiske måltid for rotter!

No som utelivs- og restaurantbransjen rullar og går for fullt etter to år med koronarestriksjonar, medfører det meir folk og meir søppel i byane.

Halvspiste kebabar, burgarar og anna «junkfood» på trikke-, buss- og bybanestopp, er herremåltid for rotter, seier Nese. Han har ei klar oppmoding til dei som brukar byane:

YRANDE LIV: Inni her kan det vere eit yrande liv når mørket har lagt seg, ifølge dei som jobbar med rotter og andre skadedyr. Dette er eit illustrasjonsbilde. Foto: NTB
YRANDE LIV: Inni her kan det vere eit yrande liv når mørket har lagt seg, ifølge dei som jobbar med rotter og andre skadedyr. Dette er eit illustrasjonsbilde. Foto: NTB

– Folk må oppføre seg og sørge for å kaste matavfall på rett plass.

Han legg til:

– Og servicenæringa må «kjenne si besøkstid» og ikkje la søppelsekkar med restar bli ståande i bakgårdar eller utanfor overfylde søppeldunkar.

Då blir det eit yrande liv inni dei på nattestid, seier han.

Slik unngår du uønska rottebesøk i heimen

  • Rydd rundt huset! Rotter er glade i skjulestader. Unngå til dømes å stable ved eller anna rusk inntil husveggen. Det gjeld også om du har gamle møbler eller anna skrot i ei garasje eller ei kjellarbod.

  • Sjekk at all kledning er tett - ei fullvaksen rotte kan kome seg inn på 12 millimeters opning. Sjekk at du ikkje har hull i grunnmur eller defekte ventilasjonsluker i kjellaren.

  • Unngå «trapper» inn til huset - sjekk at du ikkje har busker eller tre over hustak eller oppetter kledning og inntil verandaer, slik at rottene kan klatre inn i huset.

  • Rydd nedfallsfrukt frå hagen - det er gode matkjelder for rottene. Der det er tilgang på mat, er det fint for rottene å vere. Hald lyng og gras nede, unngå skjulestader i terrenget.

  • Bruk rottestopparar på rør om det er nødvendig, og sørg for at du har påmontert slukrist i avløpssluk i kjellaren.

Kan bli «hekta»

Sidan rotter er altetande bør vi ikkje ha dei tett på oss. Dei bringer med seg sjukdommar, bakteriar og virus vi helst vil unngå, seier fagfolka.

Dei kan også bli «hekta» på visse matrettar, fortel Nese i Rentokil.

– Ein gong opplevde eg at rottene i ein butikk berre åt brunost, det var ganske spesielt.

ALTETANDE: Rotter et alt mogleg, blant anna brunost. Men det at dei et alt, gjer også at dei ikkje bør vere tett på menneske. Foto: Cornelius Poppe/SCANPIX
ALTETANDE: Rotter et alt mogleg, blant anna brunost. Men det at dei et alt, gjer også at dei ikkje bør vere tett på menneske. Foto: Cornelius Poppe/SCANPIX

Rotter er «neofobe», som betyr at dei er redde for ukjend mat, lukt og ukjende gjenstandar. Det kan forklare kvifor dei tilsynelatande blir «hekta» på visse ting, trur Iversen i Agila.

– Det raraste vi har brukt som åte har nok vore sjokoladekake, men eg har også sett rotter gumle i seg proteinpulver, minnest han.