USIKKER: Lise Mari Systad og hennar familie skulle ønskje den nye straumordninga kom i kraft før september. Ho er skuffa over at regjeringa utsett implementeringa. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2
USIKKER: Lise Mari Systad og hennar familie skulle ønskje den nye straumordninga kom i kraft før september. Ho er skuffa over at regjeringa utsett implementeringa. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

Skuffa over straumstøtta:
– Endringane kjem ikkje tidsnok

Lise Mari Systad og familien hadde store forventningar til endringane i straumstøtta. Ho føler at regjeringa ikkje har klart å gje familiar det pusterommet som er naudsynt.

– Uansett kva ord dei brukar, om det er forståeleg eller ikkje, so er det summen som står att på konto når straumrekninga er betalt som betyr noko. Det er vår verkelegheit.

Det sa Lisa Mari Systad rett før statsministeren la fram regjeringa sine endringar for straumstøtta onsdag kveld.

Etter framlegginga var ho ikkje stort meir overbevist av det regjeringa hadde å kome med.

Rekning på over 20.000 kroner

Familien Systad er som barnefamiliar flest. Begge foreldra er i fast jobb med. Begge har ei gjennomsnittleg norsk inntekt.

Likevel opplev dei at pengane ikkje strekk like langt som før.

Det fører til både stress og dårleg samvit.

– Vi er på bristepunktet for kva vi klarer økonomisk. Vi har fire born og det kostar. Dei tusenlappane vi hadde før til å kunne bruke på kino eller klatrepark, dei er forsvunne. Når ungane spør om vi kan gjere noko, so må vi svare nei, seier ho og ser bort på eldste dattera.

KREVJANDE KVARDAG: Som mange andre barnefamiliar brukar også barnefamilien på Flaktveit mykje tid og energi i å få kvardagen til å gå rundt. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2
KREVJANDE KVARDAG: Som mange andre barnefamiliar brukar også barnefamilien på Flaktveit mykje tid og energi i å få kvardagen til å gå rundt. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

– For oss er det rett og slett tidkrevjande og det tek mykje kapasitet å lure frå dag til dag og veke til veke. Kva får vi att, får vi noko att i det heile, kor lenge varer ordninga?

Firebarnsmora er tydeleg på at perioden med høge straumpriser har tidvis vore vanskeleg.

Spesielt desember var krevjande. Ei tid der det skal kjøpast julegåver og ein ønskjer gjerne å ta seg råd til litt ekstra kos for både store og små, so låg familien lenge an til å få ei straumrekning på rundt 20 000 kroner.

Heldigvis for dei fall straumprisane i midten av desember. Rekninga vart likevel på 16 000 kroner.

I mellomtida har det også kome renteauker og matvarer har blitt dyrare.

– Det er ikkje mykje att av lønna, seier ho.

Kort om straumstøtta for privatpersoner

Straumstøtteordninga vert forlenga ut 2024.

Innslagspunktet i støtteordninga vert det same som i dag, 70 øre per kilowattime.

I dag vert forbrukerane kompensert på grunnlag av ein månedleg gjennomsnittspris. No skal ein bli kompensert time for time. Denne ordninga vert ikkje gjennomført før til hausten, truleg frå 1. september.

Straumstøtta vert sett til 90 prosent støtte over 70 øre heile året. I dag er støtta 80 prosent over 70 øre i sommarmånadane. Moms kjem i tillegg.

– Det finst folk som har det verre

Men då var håpet hennar at regjeringa skulle kome med gode nyheiter når dei kalla inn til pressekonferanse om straumstøtta.

Systad var nøgd med nokre av tinga som kom fram i statsministeren sitt framlegg.

Forlenging av straumstøtte ut 2024 vart eit lite lysglimt for Lise Mari sin del. Ho trur det kan gje barnefamiliar som dei sjølve eit pusterom.

– Det er noko med forutsigbarheit. Det at vi veit vi får støtte både i år og neste år er viktig. For vår del gjere det at vi kan senke skuldrane litt, seier ho.

Men ho er ikkje nøgd med slik situasjonen har blitt.

– Mange har varsla at dei slit, at det ikkje går rundt. Med tanke på at vi har to stabile inntekter, so er vi eigentleg blant dei heldige, seier ho.

Det at ein må vente heilt til september, skjønnar ho veldig lite av.

For hennar del er det viktig at regjeringa kjem raskt på bana når dei først har lansert endringane dei skal gjennomføre.

– Dei veit at folk treng hjelp. Det er mange der ute som har det verre enn oss. Likevel skal dei no sitte månad etter månad og vente på at endringane skal tre i kraft. Det forstår eg ikkje.

Kjenner på skuffelsen

Å følgje framlegginga vart som ei lita berg og dalbane heime i sofaen på Flaktveit.

Lise Mari kjente på ei glede når regjeringa no lova at ordninga skal forlengast ut 2024 og at ein skal få dekka ein større andel av straumen gjennom heile året.

TURBULENT: Det vart nesten som ei berg og dalbane å følgje framlegginga av endringane i straumstøtta. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2
TURBULENT: Det vart nesten som ei berg og dalbane å følgje framlegginga av endringane i straumstøtta. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

Men at dei vert nøydd å vente over eit halvt år før noko som skjer, det gjekk ut over den vesle glede ho hadde følt på berre nokre minutt tidlegare.

– Den gleda ved at «yes, no skjer det noko» den forsvinn litt igjen når det ikkje vert noko før i september. Det er ei stund til. Det er jaggu sju månadar til. Det er lenge, seier ho.

Ho kjenner seg skuffa over at forutsigbarheta forsvinn.

Når det er over eit halvt år til kan det kome endringar i det som har blitt lova. Både i positiv og negativ forstand.

For ho og familien kjem dei neste sju månadane til å framleis vere prega av uro, stress og bekymring.

– No vart eg skuffa att. No er vi tilbake til usikkerheit att. Dei mest besøkte appane i år må jo vere straumselskapa sine. Vi har mykje anna vi heller kunne brukt tid og bekymringar på.

Se video: Her presenteres endringene