Sambuaren sende melding: – Ho er ikkje her for å leike med deg aleine
Den valdtektstiltalte mannen i 30-åra krangla med sambuaren om kor ofte den unge nabojenta var på besøk.

Mannen i 30-åra er ein av dei fire tiltalte i den grove valdtekts- og incestsaka frå eit nabolag i ein vestlandskommune.
Han blir omtalt som «naboen» og er tiltalt for gjentekne valdtekter av sin eigen son (no 10 år) og ei nabojente (no 11 år).
– Eg prøvde å seie stopp, men han stoppa ikkje, har jenta forklart til politiet om valdtektene ho skal ha blitt utsett for.
Alle dei tiltalte nektar straffskuld.

Over 180 videomeldingar og samtalar
I sin frie forklaring fortalde han om det tette venskapet mellom sonen sin og nabojenta.
I ein periode var ho «dagleg på besøk» og dei hadde elles lange videosamtalar på Google Duo medan sonen, jenta og han sjølv spelte Minecraft saman.
Men også videosamtalar mellom berre dei to før ho skulle legge seg. I 2020 var nabojenta 7-8 år gamal.
– Vi såg på ho som ei ekstra dotter, eit ekstra familiemedlem, forklarte mannen.

Statsadvokat Ellen Cathrine Greve fortalde retten at i ein periode på 46 dagar, blei det sendt over 180 videomeldingar og gjort over 180 videosamtalar mellom mannen og nabojenta.
– I snitt åtte meldingar og samtalar kvar dag, kommenterte Greve i retning den tiltalte i vitneboksen.
– Der og då tenkte eg ikkje så mykje over det. Eg har jo seinare sett at det er forferdeleg mykje. Det burde vore begrensa.
– Bad du jenta om å ikkje fortelje om videosamtalane til din sambuar?, spurte Greve.
– Eg kan ha sagt at ho var sur, men eg sa vel ikkje direkte at ho ikkje måtte seie noko, svarte mannen.
Konflikt med sambuaren
Sambuaren til mannen har aldri vore mistenkt eller sikta i saka. Ho skal vitne i rettssaka seinare. Dei er ikkje lenger saman.
Under utspørjinga til statsadvokat Greve kom det tydeleg fram at den tette kontakten med nabojenta var kime til konflikt mellom mannen og sambuaren.
Ifølge den tiltalte var det mellom anna usemje om kor ofte nabojenta skulle komme på besøk, fordi sambuaren helst ville ha eigentid med familien.
Sjølv syntest han det var kjekt at ungane ville tilbringe tid og leike med han.
– Det er heilt absurd at nokon har tenkt at eg er forelska i eitt barn. Det er heilt sjukt i mitt hovud, sa mannen.

Måtte minne mannen på kvifor nabojenta var på besøk
Nabomannen fortalde retten at sambuaren kunne vera så frustrert i diskusjonane at ho «sette seg i bilen og køyrde ein tur» eller «drog til ein kamerat».
Statsadvokat Greve viste fram meldingar sambuaren sende til mannen sin då nabojenta var på besøk.
«Du kan sende NN (namn på jenta) opp igjen. Ho er her for å være med NN (namn på sonen), ikkje leike med deg aleine», skreiv kvinna.
Og ved eit anna høve: «ikkje gløym at ho er her for å leike med NN (namn på sonen)».
Aktor viste også til eit Google-søk mannen har gjort: «Forelsket i noen som er 20 år yngre».
Mannen forklarte at det handla om at ein kamerat hadde fortald han om nokon som var saman sjølv om det var 16 eller 20 år mellom dei.

– Han sa «ikkje fortell det til nokon, då hamnar eg i fengsel»
Meiner barnevernet har påverka
No er mannen altså tiltalt for å ha valdteke både sonen og nabojenta, gjentekne gonger over ein lenger periode.
Han blei pågripen av politiet i november 2020. I dei tilrettelagde avhøyra, som er gjort over fleire månadar, fortel nabojenta gradvis om fleire svært grove overgrep ho skal ha blitt utsett for.
– Dei historiene er heilt absurde. Det er heilt skrekkeleg å høyre desse tinga, kommenterte nabomannen før han langa ut mot barnevernet og fosterfamilien som tok hand om nabojenta då ho blei omplassert i forbindelse med saka.
– Dei har øvd på kva ho skal seie i dei tilrettelagde avhøyra, hatt lange samtalar med henne og laga quiz der ho svara riktig på alt. Eg er hundre prosent overtydd om at ho er blitt påverka.

– Berre spekulasjonar
Han har også gjort seg tankar om at det jenta fortel i avhøyr, eigentleg kan vera ting ho har opplevd i sin eigen heim.
– Sjølvsagt har eg tenkt på det, men det blir berre spekulasjonar om kva som skjer innanfor deira fire vegger. Då dei også vart pågripne, var det eit håp i meg om at politiet no skjønte at anklagane mot meg var feilaktige. Men eg vart overraska då eg såg mora i varetekt, sa mannen.
Om forklaringane til sin eigen son, seier nabomannen at sonen har vore «under eit ekstremt press», sidan også han hadde blitt omplassert av barnevernet før han begynte å fortelje meir i eit avhøyr nesten eitt år etter faren vart pågripen.
Viste bilete frå telefonen hans
Påtalemakta meiner dei har fysiske bevis mot nabomannen i form av bilete som er funne på telefonen hans.
Bileta blei vist i retten onsdag. Nokre av dei er tette nærbilete av kjønnsorganet til jenta.
– Det er sonen min som har tatt dei bileta med min telefon, forklarte mannen.
Ein anna bildesekvens viser jenta sittande på fanget til mannen inne på toalettet. Dei har berre truse og boksershorts på seg. Situasjonen oppstod fordi jenta trengde hjelp til å finne kleda sine, forklarte mannen.
– Det var sonen min som tok bileta. Eg strekte ut armen og prøvde å stoppe han. Eg tok ein alvorsprat med han om at det ikkje var greitt å ta slike bilete, sa mannen.
– Eg kan ikkje sjå på bileta at du prøver å stoppe han frå å ta desse bileta, sa aktor Greve.
– Eg strakk ut armen etterpå, svara mannen.
På eitt av bilda er trusa til jenta trekt til sides.
– Det fekk eg ikkje med meg. Eg hadde fokus på å ta telefonen frå sonen min.
Dei neste dagane skal også dei andre tiltalte i saka få forklara seg.
Dei neste på vitnelista er det tiltalte foreldreparet. I avhøyr har barna fortalt om overgrep heilt sidan dei var åtte og tre år gamle.