Hamna på eksklusiv liste:

Plutseleg dukka familiehytta opp i ei argentinsk riksavis

Då ho såg eigedommen sin på ei eksklusiv liste i ei argentinsk avis, lurte Ingrid Lovise Gammelsæther på om det hadde skjedd ein feil.

IDYLL: Her på øya Langholmen ligg den vesle hytta til familien Gammelsæther - heilt for seg sjølv. Foto: Privat/Airbnb
IDYLL: Her på øya Langholmen ligg den vesle hytta til familien Gammelsæther - heilt for seg sjølv. Foto: Privat/Airbnb

– Eg lurte først på om det hadde skjedd ein feil, men det er jo ganske artig!

Slik reagerer Ingrid Lovise Gammelsæther då TV 2 tek kontakt.

I midten av oktober publiserte nemleg ei av dei største dagsavisene i Argentina ein artikkel kor eigedommen til Gammelsæther var nemnd.

BEITEØY: Øya Langholmen var opprinneleg ei beiteøy for villsau. No eig Gammelsæther og dei tre søskna hennar alle dei fem øyane som ligg i området. Foto: Privat/Airbnb
BEITEØY: Øya Langholmen var opprinneleg ei beiteøy for villsau. No eig Gammelsæther og dei tre søskna hennar alle dei fem øyane som ligg i området. Foto: Privat/Airbnb

Øya Langholmen som ligg i Hustadvika, litt nord for Molde, har vore i familien i nokre generasjonar. Den tilhøyrande familiehytta blir beskriven som «veldig enkel».

– Det er ikkje innlagt vatn eller elektrisitet og ho har berre plass til to personar, fortel Gammelsæther.

ENKEL: Hytta er innreidd svært enkelt og har verken vatn eller elektrisitet. Foto: Privat/Airbnb
ENKEL: Hytta er innreidd svært enkelt og har verken vatn eller elektrisitet. Foto: Privat/Airbnb
ENKEL: Likevel er ho ein populær overnattingsstad for både nordmenn og utanlandske turistar. Foto: Privat/Airbnb
ENKEL: Likevel er ho ein populær overnattingsstad for både nordmenn og utanlandske turistar. Foto: Privat/Airbnb

«Draumeferie»

I artikkelen skriv avisa La Nación om fem private øyer i verda som kan leigast «billegare enn ei natt på hotell».

Den eksklusive lista har fått namnet «draumeferiar» og er laga ved å søke på Airbnb, ei nettside kor privatpersonar leiger ut eigne bustadar og kan finne overnatting hos andre.

Om den vesle øya Langholmen står det blant anna at ho har direkte tilgang til Atlanterhavet og inkluderer eigen robåt.

Men avisa stussar over den låge leigeprisen på berre 50 amerikanske dollar per natt, som tilsvarar litt over 500,- norske kroner.

VEKK FRÅ STORBYEN: At gjestane får øya heilt for seg sjølv gjer det attraktivt for folk, trur Gammelsæther. Foto: Privat/Airbnb
VEKK FRÅ STORBYEN: At gjestane får øya heilt for seg sjølv gjer det attraktivt for folk, trur Gammelsæther. Foto: Privat/Airbnb

– Prisen gøymer ein ikkje heilt uviktig detalj: øya har ikkje innlagt vatn, slik at å dusje eller gå på do kjem an på kor mykje vatn du har med deg og på kor kreativ du er, skriv dei vidare.

Gammelsæther ler når ho får presentert dette.

– Ja, det er bøttedo og stearinlys det går i, noko som også kjem tydeleg fram i annonseteksten på Airbnb.

Ho trur ikkje at dei primitive forholda skremmer vekk folk - snarare tvert om.

STAS: – Det er jo litt stas at ei søramerikansk avis har skrive om Langholmen, seier Gammelsæther. Foto: Privat
STAS: – Det er jo litt stas at ei søramerikansk avis har skrive om Langholmen, seier Gammelsæther. Foto: Privat

– Vi opplever at folk, spesielt utanlandske turistar, ønsker å overnatte her nettopp fordi det er så enkle kår. Det bryt med livsstilen til dei fleste.

Hovudvekta av utanlandske turistar som besøker Langholmen bur til vanleg i storbyar i Europa, fortel Gammelsæther.

– Dei seier dei er omgitt av støy, stress og masse folk i kvardagen, so då kan eg skjøne at Langholmen må vere veldig eksklusivt for dei.

Plukka opp av internasjonale media

Det er heller ikkje første gongen at eigedommen har blitt omtalt i internasjonal presse. Den tyske TV kanalen RTL har vore der fleire gongar for å filme. Det er også ei hovudvekt av tyskarar som leiger hytta.

– Så vidt eg veit er dette første gongen eit søramerikansk mediehus har skrive om øya, seier Gammelsæther.

VINTERSTENGT: Gammelsæther har funne ut at det er best å stenge hytta for utleige om vinteren. Ho fortel at det har hendt at overnattingsgjestane hennar frå utlandet har måtte spørre om hjelp til korleis fyre opp i peisen eller korleis bruke robåt. Foto: Privat/Airbnb

Akkurat no er hytta vinterstengd og det er ikkje mogleg å booke overnatting før i mars neste år.

– Trur du det blir auka pågang frå argentinske og søramerikanske turistar etter dette her?

– Det blir spennande å sjå til våren no då, ler ho.