Fersk dom

No må dei som drep, betale meir

Etterlatte etter drap vil få nesten det dobbelte i erstatning etter ny avgjerd i Høgsterett.

TINA-DRAPET: Tina Milena Solberg (33) vart funnen drepen i ein utbrend bil i Øygarden. Eks-sambuaren har tilstått Foto: Paul S. Amundsen
TINA-DRAPET: Tina Milena Solberg (33) vart funnen drepen i ein utbrend bil i Øygarden. Eks-sambuaren har tilstått Foto: Paul S. Amundsen

Ein føremiddag i september 2021 gjekk ein mann inn på eit Nav-kontor i Bergen. Med seg i sekken hadde han ein stor kniv.

Inne på eit lite møterom gjekk han til åtak på to tilsette. Ei kvinne døydde etter å ha fått 47 knivstikk i overkroppen, medan den andre kvinna kom seg ut og overlevde.

Mannen vart dømd til 21 års forvaring i både tingretten og lagmannsretten. Denne veka bestemte Høgsterett at drapsmannen slepp forvaring.

Men dei avgjorde også noko som vil bety mykje for langt fleire.

NAV-DRAPET: Kontoret i Bergen der ein mann gjekk til åtak på to tilsette. Foto: Politiet
NAV-DRAPET: Kontoret i Bergen der ein mann gjekk til åtak på to tilsette. Foto: Politiet

Første auke på 14 år

Dommarane bestemte nemleg å auke oppreisningserstatninga til den fornærma og dei etterlatne etter drapsforsøket og drapet på Nav-kontoret.

– Vi er godt nøgde med at beløpet no er auka, både for denne og framtidige saker som blir avgjort i domstolane, seier bistandsadvokat John Christian Elden.

NØGD: John Christian Elden var bistandsadvokat for dei etterlatne etter Nav-drapet i Bergen. Foto: Magnus Nøkland / TV 2
NØGD: John Christian Elden var bistandsadvokat for dei etterlatne etter Nav-drapet i Bergen. Foto: Magnus Nøkland / TV 2

Nav-dommen i Høgsterett set altså presedens for framtidige saker. Med drapsbølga som Noreg har sett i 2024, kan det sjå ut som det vil få betydning for mange.

Auken er etterlengta i bistandsadvokatmiljøet. Sist Høgsterett justerte erstatningsbeløpet etter forsettleg drap, var i 2010.

– Den er no auka frå 200.000 kroner til 350.000 kroner, fortel Elden.

Dei etterlatne etter Nav-drapet får likevel 425.000 kroner i erstatning, grunna den «spesielt brutale og gruvekkende måten drapet skjedde på».

AUKE: Høgsterett hevar erstatningsbeløpet for forsettleg drap frå 200.000 kroner til 350.000 kroner. Foto: Kristin Grønning / TV 2
AUKE: Høgsterett hevar erstatningsbeløpet for forsettleg drap frå 200.000 kroner til 350.000 kroner. Foto: Kristin Grønning / TV 2

Heva beløpet ytterlegare

– Ei heving av nivået på oppreisninga kom vel eigentleg som forventa. Dei siste åra har vi hatt høgare inflasjon enn på fleire år, seier Kristin Fagerheim Hammervik, leiar i bistandsadvokatutvalget i Advokatforeningen.

Eigentleg skjer hevingen av erstatningsnivået gjennom to dommar i Høgsterett; Nav-dommen denne veka og ein dom som Høgsterett avgjorde i desember i fjor.

Det var dei bestemte seg for å knytte erstatninga til grunnbeløpet i folketrygda (G). Det betyr at erstatninga vil følgje lønsutviklinga i samfunnet elles.

I desember tok dei til orde for å setje nivået til 2,5 G. Men i Nav-dommen er dette foreslått auka ytterlegare opp til 3 G. Som altså i dag tilsvarer 350.000 kroner.

– Oppjusteringa er eit viktig signal om at drapshandlingar også skal «straffe» ein gjerningsperson økonomisk. Drap er noko vi ikkje tillèt, og den utmålte straffa, saman med oppreisninga, skal vise den avsky vi har til denne type handlingar, seier bistandsadvokat Bjarte Aarlie.

DRAP: Ein mann gjekk til åtak på ei kvinne med ein trestokk på Varaldsøy i Vestland i 2021. Foto: Ivar Lid Riise / TV 2
DRAP: Ein mann gjekk til åtak på ei kvinne med ein trestokk på Varaldsøy i Vestland i 2021. Foto: Ivar Lid Riise / TV 2

I Høgsterett argumenterte Aarlie for ei slik auke då dei behandla anken etter drapet på Varaldsøy i 2021. Av «prosessuelle grunnar» fekk ikkje dommen i desember noko innverknad på erstatningsbeløpet til klientane hans.

Derfor blir erstatninga heva

Det er fleire grunnar til at dette skjer no.

Ein av dei er altså at nivået på erstatning for forsettleg drap ikkje har vore justert av Høgsterett sidan 2010. 

– Eit viktig argument for å knytte beløpet til ein faktor mot folketrygda, er mellom anna at den skal fange opp den økonomiske utviklinga i samfunnet, forklarar Aarlie.

Ein annan grunn er at straffenivået for drap, og også for valdtekter, har blitt betydeleg skjerpa sidan 2001. Fleire bistandsadvokatar har lenge meint at erstatningsnivået også burde hevast i samsvar med at straffa har blitt det.

Men det har neppe nokon særleg preventiv effekt.

– Det er nok ikkje slik at nokon let vera å drepa fordi det kan bli kostbart i kroner og øre, seier Hammervik i Advokatforeningen.

– Men oppreisninga har ein viktig funksjon for dei etterlatne. Det gir eit økonomisk handlingsrom dei elles ikkje ville hatt. Og det er eit uttrykk for samfunnets misnøye med alvorlege straffbare handlingar, seier Hammervik.

BISTANDSADVOKAT: Kristin Fagerheim Hammervik er leiar av bistandsadvokatutvalget i Advokatforeningen. Her som ekspert i TV 2-programmet «Åsted Norge». Foto: Frode Sunde / TV 2
BISTANDSADVOKAT: Kristin Fagerheim Hammervik er leiar av bistandsadvokatutvalget i Advokatforeningen. Her som ekspert i TV 2-programmet «Åsted Norge». Foto: Frode Sunde / TV 2

I fleire av drapssakene til no i år har, også gjerningspersonen teke sitt eige liv. 

Etterlatte vil likevel søke oppreisning via Statens voldsoffererstatning, så dommen i Høgsterett vil også ha noko å seie for dei.