Naboane reagerte – så begynte barna å fortelje
Fire vaksne i same nabolag er tiltalt for grove valdtekter av tre barn. Ein forsvarar refsar etterforskinga.

– Dette er ein av dei verste overgrepssakene eg har jobba med, seier statsadvokat Ellen Cathrine Greve til TV 2.
Ho er aktor i den rystande saka som frå måndag av skal behandlast i Hordaland tingrett i ti veker framover.
Fire personar i eit nabolag i ein vestlandskommune er tiltalt for grove valdtekter av barn under 14 år.
Dei tiltalte er eit foreldrepar, deira eldste son og ein nabo i samme nabolag.
Dei fornærma er foreldreparets to yngste born, og dessutan sonen til naboen.

Greve har jobba som statsadvokat sidan 1995, altså i snart 30 år.
– Saka er svært alvorleg, og handlingane som er skildra, går langt utover det vi vanlegvis ser i denne type saker, seier statsadvokaten.

Alle fire er også tiltalt etter incestparagrafane i straffelova.
Då saka starta i tingretten måndag morgon, nekta alle fire straffskuld på alle tiltalepunkt.
– Etterforskinga har hatt tunnelsyn. Ingen har tatt ein fot i bakken og tenkt «er det kanskje feil, dette?», seier forsvararen til den tiltalte naboen, Kai-Inge Gavle.
Dette seier dei tiltalte om skuldingane
Advokat Jan Henrik Høines forsvarar mannen i 50-åra:
– Det har ikkje skjedd. Han kan ikkje forstå det som barna skildrar i forklaringane. Han er usikker på om det er deira fantasi eller om det er andre som har påverka dei.
– Han har også tillit til sambuaren og den eldste sonen sine forklaringar om at dei nektar for å ha gjort dette mot barna.
– Han har vore i varetekt sidan sommaren 2021. Det har vore ei enorm belastning for han å vere fengsla i ei sak han meiner ikkje har rot i verkelegheita.
Advokat Astrid Aksnes forsvarar kvinna i 40-åra:
– Ho nektar straffskuld, og saka er ei enorm påkjenning for henne. Ho kjenner seg overhovudet ikkje att i det barna fortel i avhøyra, verken det som gjeld ho eller det som gjeld barnefaren. Ho spør seg korleis barn kan fortelle om ting som ikkje har skjedd.
Advokat Alexander Gonzalo Sele forsvarar den eldste sonen i 20-åra:
– Han nektar for å ha gjort dette og ønskjer å forklare seg i retten.
Advokat Kai-Inge Gavle forsvarar nabomannen i 30-åra:
– Han har ikkje erkjent straffskuld og kjem heller ikkje til å gjere det i retten. Han ser fram til å kunne forklare seg i retten om at han aldri har gjort noko gale mot barn.
Skal ha skjedd gjennom fleire år
Foreldra og den eldste sonen er skulda for å ha forgripe seg på dei to yngste barna i familien:
Far skal ha starta overgrepa mot sonen i 2015 og mot dottera i 2017.
Mor skal ha starta sine overgrep i 2016, medan det er tatt ut tiltalte mot den eldste sonen for overgrep mot barna frå 2015.
Naboen er tiltalt for valdtekt av sin egen son, og dessutan dottera til naboparet. Dette skal ifølge tiltalen ha starta i høvesvis 2019 og 2020.
Mannen i 30-åra blei arrestert og sikta i november 2020. Påtalemakta meiner dei har fysiske bevis mot mannen i form av bilete som er funne på telefonen hans.
Bileta viser seksuelle overgrep mot barna, ifølge tiltalen.
– Han nektar å ha teke desse bileta og forklarer at barna har fått disponere telefonen hans. Han sletta bileta då han oppdaga dei, men forklarte politiet kva dei kom til å finne då han vart arrestert, seier Gavle.
Tidlegare dømd for overgrepsmateriale
Ein av dei tiltalte, trebarnsfaren i 50-åra, har tidlegare sona 1,5 år i fengsel for å ha lasta ned og delt tusenvis av overgrepsbilete- og videoar av barn.
På nettet chatta han med andre om seksuelle overgrep mot barn under brukarnamnet «Blondpus». Etter å ha nekta i tre avhøyr innrømte mannen å ha lasta ned overgrepsmateriale over fleire år.
«Det kom ikke frem nok informasjon i avhør og undersøkelser at politiet kan bevise at tiltalte har utført overgrep mot egne barn», står det om etterforskinga i dommen frå 2018.
Ifølge Bergens Tidende skal dei to yngste barna hans den gongen ha blitt «truet av sine foreldre til å tie om en hemmelighet» i avhøyra.
– Avhøyra frå den straffesaka vil bli eit tema. Eg vil komme tilbake til det, er alt statsadvokat Greve vil seie om akkurat dette før saka byrjar.
Etter å ha ferdigsona i fengsel, flytta mannen i 50-åra etter kvart inn igjen i huset til barna.

«Siktede synes ikke å ha noen grenser eller sperrer i forhold til å skaffe seg utløp for sine seksuelle behov», kommenterer lagmannsretten i ein av mange fengslingskjennelsar i den nye saka mot han.
Statsadvokaten har varsla om at det kan bli aktuelt å be om forvaringsdom for mannen.
Over 50 timar med avhøyr av barna
Sentralt i saka står altså dei nye forklaringane barna har gitt fleire i tilrettelagde avhøyr på Barnehuset i Bergen.
Dei tre første vekene i retten vil gå med til å spele av over 50 timar med opptak frå desse avhøyra.
Forklaringane skal innehalda grufulle detaljar om det barna seier dei er blitt utsette for gjennom fleire år.
Først eit stykke ut i september får dei tiltalte forklare seg i retten.
Meiner barna kan ha blitt påverka
Alle fire har heile tida nekta straffskuld. Dei kjenner seg overhovudet ikkje att i det barna fortel i avhøyra.
Sjølve gjennomføringane av avhøyra blir difor eit viktig tema for forsvararane.
I retten kjem dei til å argumentere for at barna kan ha blitt påverka gjennom samtalar i forkant av dei tilrettelagde avhøyra. I fengslingsmøter har ein forsvarar kalla forklaringane for «usannsynlige historier».

– Dei første avhøyra er tatt i november 2020 og dei siste i februar i år. Det i seg sjølv er brot på straffeprosesslova sine tidsfristar når det kjem til gjennomføring av tilrettelagde avhøyr, meiner Gavle.
– Barn har blitt tatt ut av heimane sine og hatt samtalar med veldig mange ulike personar. Det er klart slike ting påverkar. Måten dette er gjort på, har svekka og øydelagd bevisverdien til avhøyra, seier forsvararen vidare.
Statsadvokaten avviser påverknad av barna.
– Det finst andre forklaringar i saka som også underbygger det barna fortel om, seier Greve.
Slik vart saka avdekt
I løpet av 2020 kom det fleire varsel til barnevernet i kommunen frå fleire personar.
Dei ulike varslingane handla om nabomannen i 30-åra.
I nabolaget, på ein leikeplass og i ein svømmehall, reagerte folk på korleis mannen var med sonen sin og nabojenta.
Vitne har fortald at mannen var «oppslukt av jenta». Ein varsla om «intim kontakt og kyssing» mellom dei i ein svømmehall, ifølge BT.
– Det er vanskeleg å gå inn i dette utan å prosedere saka på førehand, men min klient meiner det har vore naturleg åtferd. Det er ingen som har sett noko straffbart, seier mannens forsvarar Kai-Inge Gavle.

Opprørt
Mannen vart pågripen og fengsla i november 2020.
Så byrja politiet å avhøyre barna.
Det som kom fram i avhøyra, litt etter litt, førte til at omfanget av sakene spreidde seg frå nabomannens hus og over til heimen til jenta (11):
Faren hennar vart pågripen og varetektsfengsla i juli 2021. Han har vore fengsla sidan.
Mora vart sikta av politiet i september 2021.
Storebroren vart sikta februar 2023.
Foreldreparet og naboen er ikkje tiltalt for å ha forgripe seg på jenta (11) i fellesskap. Det skal ha skjedd kvar for seg.
Forsvararen til mora, advokat Astrid Aksnes, er difor opprørt over at påtalemakta har bestemt at dei fire tiltalane skal behandlast i ei og same rettsforhandling.
– Det er rett og slett umenneskeleg. Ho vil oppleve straffesaka mot naboen som pårørande, der han er tiltalt for å ha valdteke dottera hennar. Det kan påverke hennar evne til å forklare seg i sin straffesak, der ho seier ho er uskyldig, seier Aksnes.
Over 100 vitne
Rettssaka er massiv på fleire måtar.
Over 100 vitne er kalla inn, mellom anna representantar frå barnevernet i den aktuelle kommunen.
Dei tre fornærma er alle i barnevernet si omsorg og skal etter forholda ha det bra.
– Det er den alvorlegaste saka vi har sett i vår kommune. Vi har behandla dette som ein krisesituasjon og har tilbode hjelp og rettleiing til dei som har hatt behov for det. Det gjeld også no under rettssaka, seier ordføraren i kommunen til TV 2.
Statsforvaltaren i Vestland gjennomfører no tilsyn med barnevernstenesta i kommunen. Ordføraren seier kommunen sjølv tok kontakt med statsforvaltaren og bad om å bli sett i korta.
Rettssaka varar i ti veker, med avslutningsprosedyrar først i starten av november. Den vil gå for såkalla utvida rett i Hordaland tingrett.
Det betyr at det vil vera to fagdommarar og tre meddommarar som skal felle dom over dei fire tiltalte i saka.